244 entries categorized "Teologi"

Bibellesinga må halda fram!

Eg blir stadig forundra over såkalla kristne leiarar som undergrev tilliten til Bibelen og seier at ein ikkje treng å lesa Bibelen for å vera ein kristen. No veit eg jo sjølvsagt at det ikkje er bibellesinga som gjer oss til kristne, men trua på Guds Son, Jesus Kristus vår frelsar og forsonar. Apostelen Paulus siterer frå profeten Jesaja og seier: «Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem, ved Kristi ord.» Om ikkje trua vår kjem frå den profetiske og apostoliske bodskapen i Bibelen, kan det då vera ei kristen tru?

Continue reading "Bibellesinga må halda fram!" »


Er biskop i Dnk Kari Veiteberg kristen?

Sjølvsagt kan ingen andre enn Gud gje eit skikkeleg svar på eit slikt spørsmål. Han ser til hjartet og dømmer ikkje etter ytre ting, slik vi menneske gjer. Spørsmålet er likevel ærleg meint frå mi side, men det ligg ikkje ei fordømming i spørsmålet, berre ei undring fordi tankar ho utrykkjer vanskeleg kan forståast som kristen tankegang. Biskopen er ikkje den einaste som får dette spørsmålet hengjande over seg i desse dagane. Ho er i godt selskap av Eline H. Lorentzen, generalsekretær i NKS og Åste Dokka, kommentator i Vårt Land og mange andre teologar og kyrkjelege leiarar.

Den aktuelle bakgrunnen for spørsmålet mitt er deira reaksjonar på den nye nettsida om kristen seksualitet, Identitetogseksualitet.no.  Det dei har til felles er at dei lar erfaring og kjensler styra deira oppfatning om kva som er god kristen etikk i staden for å la Bibelen få definera kva som er godt og rett eller syndig og galt. Difor må eg stilla nokre enkle spørsmål, som ikkje berre er retta til dei eg har nemnd med namn, men til alle som vil bera kristennamnet.

Continue reading "Er biskop i Dnk Kari Veiteberg kristen?" »


Gud har gitt opp Den norske kirke!

Denne overskrifta er like meiningslaus som Sverre Elgvin Lied sin påstand: «Gud har ikke gitt opp Den norske kirke.» Då eg såg denne overskrifta i nettutgåva av Dagen, som refererte til talen hans på Oslo Symposium, tenkte eg: «Kva veit han om det?» Grunngjevinga hans har jo ikkje noko særleg tyngde. Mange med meg kunne bruka det same argumentet med motsett forteikn: «Gud har gitt opp Den norske kirke, for eg, og mange med meg, kjende kall frå Gud til å forlata Dnk og tena han utanføre Dnk.» Dagen har ikkje gitt opp Dnk, men det har alle dei mange tusen frikyrkjelege kristne gjort. Når Dagen sine redaktørar legitimerer Dnk, byggjer dei, som Lied, på notstalgiske kjensler og personlege opplevingar, og ikkje på Guds ord.

Om Gud har gitt opp Dnk eller andre kyrkjesamfunn, kan eg ikkje eg svara på. Kven kan eigentleg svara på dette? Kven kjenner Gud sine tankar om den menneskelege organisasjonen Dnk? Det eg veit er at Gud elskar menneske og gav Sonen sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men få evig liv. Eg veit også at Gud byggjer sitt hus av levande steinar, av menneske som har fått nytt liv i trua på Jesus. Kvar levande kristen er eit tempel for Anden. Gud er nær hos alle som kallar på hans namn, uansett kva kyrkjesamfunn dei måtte tilhøyra, ja uansett om dei er jødar eller heidningar.

Lied seier mykje godt og rett i talen sin når han presenterer kva Frimodig Kyrkje står for, som til dømes:

«Kirken er Guds kirke. Og der er det Jesus som er Herre. Og det er også han som bygger sin kirke. Og det er jo her det er så spennende at vi kan få være med på det Gud gjør. Det handler ikke om «Hvilken kirke vil du ha?» Det handler ikke om at vi skal bygge kirka etter vår design.»

Problemet er at han snakkar om Dnk, som er ein menneskeleg organisasjon. Han legimiterer Dnk som Guds kyrkje. Då kjem spørsmåla: Er Jesus Herre i Dnk? Vedtak i kyrkjemøtet tyder ikkje på det. Den lutherske teologen, Jan Bygstad, seier at Dnk med sin aksept av vrang lære og pluralisme ikkje er Jesu Kristi kyrkje. Mange andre lutherske teologar seier at Dnk er ei løgnkyrkje. Den rådande vranglæra om samliv og ekteskap i Dnk, fører Guds folk vill, og leiar menneske i fortapinga om dei ikkje vender om. Det er alvorleg å legitimera eit slikt kyrkjesamfunn.

Byggjer Jesus Dnk, eller er det kyrkjedemokratiet som byggjer kyrkja? Det handlar jo ikkje om kva kyrkje vi vil ha, men om kva slag kyrkje Gud vil ha. Det designet som Dnk blir bygd etter, liknar svært lite på det designet apostlane og dei første kristne bygde etter. Kva seier Bibelen om kva kyrkje Gud vil ha? Det er det store spørsmålet vi må stilla oss. Kva kjensler vi har for ein kyrkjeorganisasjon vi har arva frå fedrane, tel ikkje i det spørsmålet om kva Guds ord seier om kva han vil ha.

Lied seier med rette at det er berre eitt Guds folk, og vi treng å støtta kvarandre. Bibelen er jo klar på at det er berre dei som er fødde på ny ved Den Heilage Ande, ved tru og omvending, som er Guds barn. Berre dei som har kome til Jesus, den levande steinen, og sjølv har vorte ein levande stein, kan saman med andre byggjast opp til den levande Gud sitt hus. Dåp eller medlemskap i eit kyrkjesamfunn gjer ingen til ein lem på Jesu kropp.

Så langt eg forstår finst det mange gode og fromme kristne i Dnk og i alle dei andre kyrkjesamfunna i landet vårt. Alle som ved trua på Jesus Kristus har fått nytt liv, er Guds folk, og er våre kristne søsken, uansett kva kyrkjesamfunn dei tilhøyrer. Altfor mange kristne, både med og utan medlemskap i noka kyrkjesamfunn, er i praksis heimlause for dei har ikkje funne plassen sin i eit levande kristent fellesskap. Dei lever ikkje saman med andre kristne som lemmer på Kristi kropp. Dei har ikkje forplikta seg eller gitt seg inn i ei kristen forsamling, og det er eit tap både for dei sjølve og det kristne fellesskapet.

Guds kyrkje er Jesus-truande menneske som kjem saman for å tilbe Herren, forkynna Guds ord, byggja kvarandre opp og hjelpa kvarandre til å leva heilage og heilhjarta liv i kvardagen.

Vi må heile tida forkynna evangeliet, utfordra og hjelpa kvarandre til samsvar mellom liv og lære. Når vi gjer det vil Jesus byggja si kyrkje.

Tekst: Erling Thu


Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?

Jesus starta si teneste med å forkynna evangeliet om Guds rike. Den gode bodskapen innebar at Gud, den suverene Skaparen og Kongen over skaparverket, hadde gripe inn i historia for å frelsa og fria folk frå synd, skam, død og fortaping. Evangeliet om Guds rike var det sentrale i Jesu liv og teneste. Difor kalla han til omvending og etterfølging. Den som ville vera hans læresvein måtte seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja han. Guds kongedømme er der Gud styrer og hans vilje rår. Frelse kan vi berre få del i ved å bøya oss under Jesu Kristi herredømme.

I tråd med forståinga av Guds rike, seier Jesus i misjonsbefalinga, at vi skal læra dei nye læresveinane å halda alt det han har bode oss. Nye kristne må lærast å be: «Lat riket ditt koma, lat viljen din råda i mitt liv; - ikkje som eg vil, berre som du vil!» Jesus lærte oss at han ikkje kom for å oppheva lova eller profetane, men for å oppfylla. Difor tok han oss tilbake til Guds opphavelege meining med skaparverket og dei gode lovene hans. Han sa at det ikkje var nok å avstå frå visse handlingar, men at vi også måtte ta eit radikalt oppgjer med lystene i hjartet vårt.

Continue reading "Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?" »


Eit generasjonsskifte er på gang

Det veks opp ein ny generasjon som ikkje kjenner Gud eller kor viktig kristendommen har vore for utviklinga av Noreg. Denne utviklinga er ikkje ny, men har gått føre seg lenge og gjer mange kristne motlause. Det gode er likevel, at dette ikkje er det einaste generasjonsskiftet som er på gang. Det skjer også eit generasjonsskifte i kristenfolket, slik det alltid har gjort, for slekt følgjer slekters gang. Gud reiser opp unge menn og kvinner som er tydelege i si tru på Guds ord og lever heilhjarta for Herren Jesus Kristus.

Continue reading "Eit generasjonsskifte er på gang" »


Forkynn sanninga - utan å fordømma!

Det er kamp om sanninga på alle plan i samfunnet vårt i dag. Det eldgamle spørsmålet som Pilatus stilte blir stilt av mange i vår tid: Kva er sanning? Den postmoderne filosofien avviser at det finst ei absolutt sanning. «Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for meg» blir det sagt. Alt er relativt, det finst ingen faste haldepunkt i livet lenger. Vi blir til og med fortalt at vi ikkje kan stola på den fysiske kroppen vår ein gong. Jamvel om kvar celle i kroppen er ei mannecelle og kroppen ser ut som ein mann, så er det ikkje sikkert at du er ein mann likevel, for du kan vera født i feil kropp, blir det hevda.

Det er tid til å snakka sant om livet. Barn og unge blir fora med så mange løgner, både på skulen og i media, at det er på tide å ta til motmæle og forkynna sanninga. Jesus sa, då han bad for læresveinane: «Helga dei i i sanninga, ditt ord er sanning.» Bibelen er Guds ord og Jesus er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss. Han var full av nåde og sanning, og han sa: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

Continue reading "Forkynn sanninga - utan å fordømma!" »


Mykje frukt fører alltid til reproduksjon

All frukt har frø i seg til nye plantar av same slag. Frukt er ofte tiltrekkjande og smakar godt. Slik hjelper dei som et med til å spreia frøa som er i frukta. I desse frøa ligg kimen til nytt liv, nye plantar og ny mangfaldiggjering.

Når Jesus taler om å bera mykje frukt knytter han det til å æra Far og bli hans læresveinar. Han seier at han har valt oss ut til og sett oss til å gå ut og bera mykje frukt, ei frukt som varer. Å gå ut og bera frukt er å gå ut i all verda og forkynna evangeliet for alt som Gud har skapt. Det er å oppfylla misjonsoppdraget: 

Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar. Døyp dei til namnet åt Far, Son og Den Heilage Ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dokker. Og sjå eg er med dokker alle dagar så lenge verda står - heilt til tidsalderens ende (Matt 28,18-20).

Å bera frukt handlar også om å fostra fram ein ny generasjon som kan føra slekta og det store oppdraget vidare. Familien står sentralt i Guds plan. Gud har alltid fremja sin plan gjennom familien som føder fram nye generasjonar, nye familiar - ei veksande slekt - eit stort folk som tener Guds plan i si levetid.

Continue reading "Mykje frukt fører alltid til reproduksjon" »


Jesus er vintreet, vi er greinene (Joh 15,5)

Difor kan ingen av oss bera frukt av oss sjølve, men berre når vi er i han. Når vi innser dette, kan vi slutta å streva; for då fortår vi at det nyttar ikkje likevel! Men det kan vera vanskeleg å innsjå at vi i oss sjølv kjem til kort. Vi har ofte så stor tru på oss sjølv at det er vanskeleg å forstå at utan Jesus kan vi ingentin gjera. Difor strevar altfor mange kristne med å vera gode nok eller fromme nok. Kristendommen blir ei bør av store bod og krav. Jesus seier at vi skal sleppa å bera kristendommen, for han vil bera oss. Vi kan la sjølvstrevet fara. Guds nåde er nok for oss. Jesus vil bera og lyfta oss gjennom heile livet. Det handlar ikkje om kva vi kan gjera for han, men berre om å  vera i han.

Jesus kallar oss til fellesskap med seg. I Johannes 15 er det eit uttrykk som går igjen: “Bli verande i meg.” I andre biblar blir det omsett med desse orda: Ver foreina med meg. Ta bustad i meg. Ta din tilflukt i meg. Bu i meg. Hald dokker i meg. Ha eit levande fellesskap med meg.

Dette er det evige livet: Å kjenna den einaste sanne Gud, og den han sende, Jesus Kristus (Joh 17,3). Det handlar om å kjenna Gud - å kjenna Jesus.  Det handlar om ein relasjon. Han er i oss, vi er i meg. Vi skal berre bu i han, slik han bur i oss! 

Jesus bruker også uttrykket, “den som ikkje blir verande i meg”. Dette kan også omsetjast med desse måtane: den som skil seg frå meg, den som ikkje tek del i mitt liv, den som er avskoren frå meg, den som er skild frå meg. Lever vi ikkje i ein relasjon med Jesus, er vi ikkje ei grein på han. Skild frå Jesus er ei grein utan liv. Ei grein som visnar og blir kasta på elden.

Men blir vi verande i han, om vi har vårt liv i Jesus, då har vi alt vi treng. Då er han vår frelse, vår rettferd, vår visdom, vår styrke, vår helging. Når vi bur i han slik han bur i oss, då ber vi mykje frukt.

Når vi let ordet hans bu i oss, då bur han i oss. Å bu i han er å bu i hans ord. Når dokker held boda og lovene hans - dei han ved Anden har skrive inn i hjartet vårt - då er vi i hans kjærleik. Guds Ord er kjelda til alt åndeleg liv. Vi må ta næring til oss frå Guds ord som skaper tru. Det handlar om å tru og lyda, å høyra og gjera det han seier.

“Eg er det sanne vintreet, dokker er greinene.” Jesus er heile treet - greinene er ein del av treet - av han. Vi er alle er greiner på det same vintreet. Det er berre eitt tre, ikkje mange - men det er mange greiner på treet. Jesus har berre ein kropp, men det er mange kroppsdeler. 

Jesus er livsens tre. Livet går ut frå han. Kvar og ein må ha sitt liv i han. Det kristne fellesskapet må ha sitt liv i han. Utan det levande fellesskapet med Jesus kan vi ikkje bera frukt.

Vi kan også seia at det kristne fellesskapet er hans vingard, ein hage med mange vintre som skyt opp frå det sanne vintreet. Det kristne fellesskapet - er planta i Kristus, den grøderike haugen, - hornet til Olje Sonen. Vi har våre felles røter i han. Vi må la røtene gå djupt ned i han. Kvar av oss er som eit tre som spirer, veks og ber frukt i han. Saman har vi del i det eine treet. Vi er greiner med nye skot og nye spirer. Men Jesus er vintreet. Vi er greinene som han spirer gjennom. Sevja, livskrafta frå han skaper frukt.

Jesus seier, dette er bodet mitt: Dokker skal elska kvarandre slik eg har elska dokker. Han fyller oss med sin kjærleik. Kjærleiken hans motiverer og driv oss til gode gjerningar. Kjærleiken er aktiv og full av initiativ. Kjærleiken ser behov og gjer noko med det. Jesus vil fylla verda med frukt gjennom sitt folk.

Frukta er å bli lik Jesus. At vi liknar på han i det vi seier og gjer. Frukt er å leva og elska som han gjorde. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. Han var salva med Den Heilage Ande og kraft. Gud var med han. No salvar han oss med Ande og kraft slik at vi kan gjera hans gjerningar og herleggjera han på jorda.

Hugs at frukta alltid er for andre, det er noko andre kan nyta og gleda seg over. Jesus kallar oss til å fylla jorda med frukt - fylla heim, skule, arbeidsplass, nabolag, nærmiljø med kjærleiksgjerningar, gode gjerningar, velgjerningar, velsigningar, praktisk hjelp.

Når vi lærer av han og let han bera frukt gjennom oss, då blir Far herleggjort og Guds rike går fram på jorda.


Jesus reinsar oss gjennom Ordet

Dokker er alt reine på grunn av det ordet eg har talt til dokker (Joh 15,3)

Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liiv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet (Joh 5,24).

Blir dokker verande i mitt ord, er dokker verkeleg mine læresveinar. Då skal dokker få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dokker frie (Joh 8,31-32).

Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og dokker er reine - men ikkje alle. (For han visste kven som skulle svika han). (Joh 13,10-11).

Desse orda frå Jesus tek meg tilbake til GT. Då prestane skulle setjast inn til teneste måtte dei vaskast på heile kroppen før dei fekk prestekleda på seg. Denne vaskinga skjedde berre ein gong, men seinare måtte dei stadig vaska hender og føter i det store vaskekaret (2 Mos 29). Det finst ei vasking som skjer ein gong for alle, og så er det ei dagleg vasking. For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne (Hebr 10,14).

Dei orda du gav meg, har eg gjeve dei, og dei har halde fast på ordet ditt (Joh 17,6-8)

Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei (Joh 17,14)

Helga dei i sanninga, ditt ord er sanninga. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga (Joh 17,17-19.

Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har talt skal dømma han på den siste dagen (Joh 12,48).

Jesus kom for å visa oss kven Gud er

Desse orda av Jesus, som er sitert ovanføre; viser at han vil reinsa tankane våre og hjelpa oss til å kjenna Gud slik han verkeleg er.

I Jesus vart Gud menneske og tok bustad mellom oss. Ordet slo opp teltet - tabernaklet - mellom menneske. Vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. Av hans nåde har vi alle fått, nåde over nåde. For lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er (Joh 1,14-18).

Jesus viste oss at Gud er vår Far som elskar oss og kallar oss inn til fellesskap og vennskap med seg. Alle menneske er skapt i Guds bilete og er høgt elska av Gud, vår Far, jamvel om vi er merka av synda i verda. Jesus er venn av tollarar og syndarar og elskar oss inn i sitt rike.

Gud er alltid god. Han elskar oss alltid. Hans nåde er større enn alle våre synder, for Jesus tok all vår synd og skam på seg. Jesus viste oss at Gud er vår gode Far:

Du treng ikkje vera kristen for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

Du treng ikkje vera ei bønnekjempe for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

Du treng ikkje vera from for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

Du treng ikkje gjera nokon ting for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

 

Jesus kom for å gje oss rett sjølvforståing og rett identitet.

Uansett kven vi er og kva vi har gjort, er vi elska av Gud. Han vil berga oss frå alle våre øydeleggjande tankar og veremåtar.

Når vi møter Jesus, viser han oss kven vi verkeleg er i Guds auge. Før Peter møtte Jesus var han berre Simon - eit sev som svaia i vinden - impulsiv og lett påverkeleg - ustabil og upåliteleg. Det var slik folk såg han. Då Jesus såg på han sa han: Du er Simon, men frå no av skal du heita Peter - berg - for du er eit fjell (Joh 1,42). For ein forskjell. Møtet med Jesus gav han ein ny identitet, ei ny sjølvforståing. Han fekk noko å tøya seg etter og å veksa inn i. Peter fekk ei openberring, han sa til Jesus: Du er den levande Guds Son, og fekk høyra tilbake: Du er eit fjell, på deg og dine ord skal eg byggja mi kyrkje (Matt 16,18).

Jesus såg den skeptiske Natanael sitja under fikentreet, før Filip ropte på han. Likevel sa han til Natanael: Sjå, der er ein ekte Israelitt, ein som er utan svik. Natanael kjende seg att i dei orda og kom til tru på Jesus som Guds Son (Joh 1,45-50).

Vi finn det gjennom heile Bibelen: Når vi oppdagar kven Gud er, ser vi oss sjølv i nytt lys. Å finna Gud, er å finna seg sjølv.

Jesus gjer alt han kan for å stilla brura, forsamlinga - alle som er fødde på ny, fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke i kraft av sitt ord. Han gjer oss heilage og lytefrie gjennom vassbadet i ordet (Ef 5,26-27). 

Slik Kristus dagleg vaskar oss i Ordet, kan vi også vaska kvarandre sine føter (Joh 13,13-15). Det gjer vi mellom anna ved å la Kristi ord få rikeleg rom hos oss, så vi med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar (Kol 3,16). Vi held Ordets spegel opp for kvarandre og viser kvarandre kven vi er i Kristus, og ikkje i oss sjølve. 

Kristus i oss er håpet om herlegdom.

Kristus i oss skyt nye skot.

Kristus i oss ber frukt gjennom oss - til velsigning for andre.


Offerhaugar må leggjast ned

Eg opplever at Herren bruker nokre forteljingar frå GT til å tala til meg om noko som er svært relevant for kristenfolket i landet vårt.

I Bibelen fortel profetane om Guds frelseplan og korleis han kallar folk til å tena hans frelseplan i deira levetid. Israelsfolket hadde både gode og dårlege kongar, både gode og dårlege leiarar. Dei dårlege leiarane førte folket bort frå Herren og inn i avgudsdyrking. Dei gode leiarane gjorde det som var rett i Herrens auge, dei var heilhjarta så langt dei forstod, men likevel var dei fleste ikkje radikale nok. Dei la ikkje ned dei kananeiske offerhaugane der heidningane dyrka avgudane sine (1 Kong 15,14; 22,44; 2 Kong 12,3; 14,4; 15,4,29) slik Herren gjennom Moses sa dei skulle gjera. I staden ofra dei til Herren på desse offerhaugane. Dette vart ei snare for dei, for det førte til at heidenske skikkar og tankegods fekk innpass hos Guds folk. Profetane kjempa mot denne religionsblandinga. 

Salomo starta si kongegjerning med å ofra til Herren på den store offerhaugen i Gibeon og Herren synte seg for han i ein draum og talte til han på den plassen (1 Kong 3,4-15). På sine eldre dagar var han ikkje heilhjarta for Herren, men bygde offerhaugar for heidenske gudar (1 Kong 11,1-8). Det er ei skremmande utvikling, som profetane såg ville koma og åtvara imot. Han greidde ikkje “kristna” offerhaugane, men offerhaugane førte han bort frå den rette trua.

Mange av leiarane og Israelsfolket frykta nok Herren, men gjorde nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane. Dei gjorde det andre folkeslag gjorde (2 Kong 17,32). Dei halta til begge sider (1 Kongg 18,21). Herren sende profetane sine til dei for å kalla dei til oppgjer med det menneskelege og heidenske. 

Herren kallar alltid folket sitt til å vera heilhjarta for han. Han kallar alltid folket sitt til å helga seg, innvia seg og skilja seg frå det mennerskelege og det ureine. 

Også i våre dagar bruker Guds folk desse verdslege offerhaugane når dei dyrkar Gud. Kristne menneske blir påverka av moderne tankegang og tilpassar seg kulturen og samfunnet. Vi trur nok på Gud, men lever som om Gud ikkje finnest, som Magnus Malm seier.

Bibelen seier at alle menneske er skapte i Guds bilete, som mann og kvinne. Det skulle vera vår identitet, og ikkje kva slags seksuelle lyster vi til ei kvar tid kjenner på. I naturen er det berre to biologiske kjønn, mann og kvinne, men dei biologiske fakta blir ofra på dei moderne offerhaugane når vi bruker ord som skeive, trans, homofile og så vidare som identitet og forklaring på kva eit menneske er. Som kristne bør vi slutta å bruka slike ord om våre medmenneske, for dei er menneske skapte i Guds bilete, same kva slags tankar dei gjer om seg sjølv. 

Statskyrkja har forlate den bibelske forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne ved å gje rom for såkalla samkjønna “ekteskap” og andre samlivsformer. Samfunnet legg press på alle kyrkjesamfunn om å bli politisk korrekte og vera mot “diskriminering”, men vil diskriminera dei som held seg til det bibelske synet på ekteskap og seksualmoral. 

Biskopar, prestar og kristne leiarar tilpassar seg humanistisk tankegang når dei seier at helvete og fortapinga ikkje finst. På offerhaugane er ingen utanfor eller innanfor, for trua er at alle blir frelst til slutt, uansett korleis dei lever.  

Når snillismen får rom, sluttar vi å gjera folk til læresveinar som seier nei til seg sjølv og sine syndige lyster. Når vi kristne prøver å erstatta bibelsk rettleing om radikal omvendig med psykologi og sjølvhjelpkurs, då ofrar vi på heidenske offerhaugane. Følgjene er katastrofale.

Jesus har sagt kva gudsdyrking og tilbeding Gud vil ha. Jerusalem eller Garisim er ikkje viktig. Gud vil ha tilbedarar som tilbed han i ånd og sanning. Gud vil at huset hans skal vera eit bønnehus for alle folk, men vi gjer det ofte til ei kommersiell røvarhole, eit religiøst sermonihus for sjølvdigging eller eit sjukehus kor alle får feil diagnose og feil medisin.

Offerhaugane er eit uttrykk for at vi vil gjera ting på vår måte. Vi vil inkludera det menneskelege, det tradisjonelle, det akseptable. Det som til kvar tid er politisk og kulturelt korrekt.

Avgudsdyrkinga gøymer seg i missunning, psykologisering, havesjuke, materialisme og rasjonalisme. Mange kallar Jesus for Herre, men stengjer han ute frå mesteparten av livet. Mange seier dei trur, men lever som om Gud ikkje finnest. Mange har magen og kroppen til gud. Mange er blinda av ein rasjonalistisk tankegang og har naturlege og menneskelege forklaringar på alt. Dei ser ikkje Guds finger i kvardagen. 

Desse offerhaugane og mange andre må leggjast ned! Dette er den åndelege kampen vi står i. Gud kallar oss til radikal omvending og heilhjarta etterfølging. Gud vil ha radikale oppgjer med alt det ureine og verdslege!


Jesus er det sanne vintreet

Eg høyrer Jesus tala til meg frå Johannes evangeliet 15. I nokre innlegg framover vil eg dela det som eg trur Anden seier til si kyrkje i desse dagar. 

Når Jesus seier at han er det sanne vintreet, går tankane mine tilbake til mange ord i Det gamle testamentet. Det er som om Jesus seier at han er kvisten som skyt opp av Isais rot og er oppfyllinga av det profetiske ordet. 

Gjennom profetane fortalde Gud korleis han planta folket sitt - Israel - til å vera hans vingard. Han  gjorde alt han kunne for vingarden, men Israel svikta og bar beisk og roten frukt. Han planta vingarden sin på den feitaste jorda, på den grøderike haugen: på hornet til Olje-Sonen (Jes 5,1-7) slik det også kan omsetjast. Kva meir kunne han gjera for folket sitt - vinhagen sin?

Continue reading "Jesus er det sanne vintreet" »


Bønn om einskap

Herlegdomens Herre, Jesus Kristus Guds Son, du som døydde for våre synder for å samla til eitt alle dei Guds born som er spreidde rundt omkring, sjå i nåde til oss.

Vi har krenka deg. Vi har synda mot deg og kvarandre med våre harde hjarte, sekteriske tankar og splittingar. Slik har vi vanæra ditt namn mellom heidningane.

Herre, vi bøyer oss i støvet og audmjuker oss for deg. Vi vil sanna våre misgjerningar, at vi har spreidd ditt folk i staden for å samla. Vi har rive ned ditt heilage tempel og samla steinar til oss sjølv. 

Herre, sjå i nåde til oss som ditt folk. Gjer med oss som pottemakaren gjorde med det karet som vart mislukka. Legg oss på ny på di dreieskjeve og forma oss på nytt i di hand til eit kar til di ære. 

Herre, sjå i nåde til oss som ditt folk og la det koma tider med lindring og forfrisking i Den Heilage Ande. Før oss saman, gjer oss til eitt i di hand. Knyt hjarte til hjarte, så ditt folk kan stå skulder til skulder og forkynna ditt ord reint og klart. 

Herre, miskunna deg over oss. Gjer oss til eitt, slik du treeinige Gud, Far, Son og Heilag Ande er eitt! Gjer oss til éin kropp. Bygg oss saman til eitt heilagt hus for deg. Lat oss få vera ein bustad for deg i Anden.

Blås på oss, du heilage livs Ande. Vekk oss til live. Lær oss å leva i tilgjeving og forsoning! Læk dei sår vi har påført kvarandre og folk rundt oss. Vi ber om fornying og vekkelse.

Herre, Herlegdomens Herre, miskunna deg over oss og gje oss nåde til å venda om, visa trufast kjærleik mot kvarandre og vandra audmjukt med vår Gud. Gjer oss til reiskap for din fred og forsoning som skaper einskap mellom alle som trur på deg. 

 

Tekst: Erling Thu


Vi har ein tendens til å gå våre eigne vegar

Salme 119,176 Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau. Leit etter meg, din tenar, eg har ikkje gløymt dine bod.

Dette er punktum finale, den endelege konklusjonen på denne lange bønnesalmen på 176 vers. Eg har villa meg bort. Eg er som ein hjelpelaus og bortkomen sau. Eg treng hjelp. Leit etter meg og gje meg ikkje opp. For ei audmjuk avslutning. For ei djup sjølvinnsikt. David har tidegare kome med mange frimodige utsegn. Han har sett ord på sine gode ønskje og intensjonar. Frimodig har han sagt kva han vil følgja Guds lover og påbod. Så avsluttar han med å seia at gode intensjonar er ikkje nok. Det er lettare å seia kva vi trur og ønskjer enn å leva etter Guds ord.

Continue reading "Vi har ein tendens til å gå våre eigne vegar" »


Lat meg få leva fullt ut!

Salme 119,175 Lat meg leva og lovsyngja deg, lat dine lover vera mi hjelp!

Lat meg få leva! For ei universell og enkel bønn. Lat meg få leva livet fullt ut er vel det innarste ønskje til alle menneske. Vi ønskjer jo alle eit godt og meiningsfullt liv. Vi ser dei øydeleggjande dødskreftene verksame rundt oss. Det er så mykje liding i denne verda som er merka av synd. Difor ber vi at Livsens Ande skal fylla oss med sitt overflodsliv så det kan renna elvar av liv frå oss til andre. Det verkeleg gode livet er å kjenna Gud, det er å bli ein ny skapning ved trua på Jesus Kristus, Guds Son. Med hans liv på innsida kan vi møta det vonde og vanskelege med tru og håp.

Continue reading "Lat meg få leva fullt ut!" »


Frelse i fortid, notid og framtid

Salme 119,174 Herre, eg lengtar etter di frelse, eg frydar meg over di lov (Strong 8451).

Frelse er eit vedunderleg ord som skaper gode tankar og kjensler i oss som trur. Vi har fått del i Guds frelse og vi lengtar etter henne. Ved trua har vi vorte frelst ein gong for alle, men opplever å bli frelst meir og meir gjennom heile livet. Ein gong i framtida skal vi få del i Guds frelse heilt og fullt. Det er dette perspektivet vi finn i det David seier i denne bønna si. Den frelse vi har opplevd skaper lengt etter den fullkomne og endelege frelsa som ventar på oss.

Continue reading "Frelse i fortid, notid og framtid" »


Lat di hand koma meg til hjelp!

Salme 119,173 Lat di hand koma meg til hjelp, for eg har valt dine påbod (6490).

På ny ber David ei enkel bønn som vi alle kan be: Lat di hand koma meg til hjelp! Eit av kjenneteikna på ekte bønner er at dei er enkle og rett fram, utan snikk snakk. Bønner som kjem frå hjartet treng ikkje pyntast med store og overtalande ord. Eit enkelt sukk om hjelp er nok til å røra ved Guds hjarte.

Legg merke til at David seier, lat di hand koma meg til hjelp. Han ber om Guds direkte inngrep. Han ser ikkje til venner eller folk med pengar og makt, nei, han vender seg berre til Gud og set si von til han åleine. Lat di hand, som både har makt og styrke til å gjera under, koma meg til hjelp. Lat di hand, som skapte himmel og jord, gripa inn i min kvardag. Lat di skapande kunstnar hand gjera under i livet mitt!

Continue reading "Lat di hand koma meg til hjelp!" »


Syng ut Guds ord!

Salme 119,172 Lat tunga syngja ut ditt ord, for alle dine bod er rettferdige.

Her går David frå å lovsyngja Gud til å syngja ut Guds ord. Gud har lært han sine forskrifter og no vil han gjera desse kjende for alle folk. Han vil få ut Guds ord til andre. Vi kan både preika og forkynna, tala og syngja ut Guds ord. Poenget er at vi bruker tunga vår til å gjera Guds ord kjend. Når Gud lærer oss sine forskrifter er det vårt naturlege gjensvar at vi taler og syng ut Guds ord til folk rundt oss.

Continue reading "Syng ut Guds ord!" »


Bønn og lovprising høyrer saman

Salme 119,171 Lat leppene strøyma over av lovsong, for du lærer meg dine forskrifter.

Bønn og lovprising høyrer saman. Dei som ber får svar og har mykje å takka for. Fellesskapet med Gud i bønn følgjer oss gjennom dagen og varer livet ut. Lovsong er ein svært viktig del av dette bønnefellesskapet med Gud. Dei fleste av oss har meir å takka for enn å be om. Det oppdagar vi fort når vi tek til å takka for dei daglege velsigningane i livet. Det er lett å ta ting for sjølvsagt, det at vi har mat og klede, hus og heim og liknande, men vi må ikkje gløyma at alt dette er ei gåve frå Gud. I verda er det mykje fattigdom og liding på grunn av krig, naturkatastrofer og urettferdig samfunnssystem eller politikk. Alle som lever i Noreg er priveligert og har svært mykje å takka for.

Continue reading "Bønn og lovprising høyrer saman" »


Når vi ber, går vi inn i ein relasjon, vi søkjer fellesskap

Salme 119,170 Lat mi bøn koma fram for deg, berg meg, som du har sagt!

Endå ein gong ber David om at bønna hans må koma fram for Gud. Han bruker litt andre ord enn i førre verset, men ber like audmjukt og inderleg. I førre verset ropte han til Gud, no går han djupare og naudber eller tiggar Gud inderleg om å gripa inn. Bønn i alle former har det same formålet, at Gud skal høyra og sjå oss. Når vi ber ønskjer vi å røra ved Guds hjarte slik at han svarer oss. Vi ber ikkje for å be. Bønn er ikkje eit pliktløp der vi lirer av oss ord eller går gjennom faste bønneritual.

Continue reading "Når vi ber, går vi inn i ein relasjon, vi søkjer fellesskap" »


Må bønnene våre nå fram til Guds hjarte!

Vi har no kome til den tjueandre og siste bolken i Salme 119. No startar alle versa med bokstaven TAW i det hebraiske alfabetet som tilsvarer vår T. I desse siste åtte versa ber salmisten inderlege bønner. Det er som om han går inn eit nært og djupt fellesskap med Herren og fell for hans føter. For Herrens andlet audmjuker han seg og i det siste verset samanliknar han seg med ein bortkomen sau som treng hjelp.

ת

Salme 119,169 Herre, lat ropet mitt nå fram til deg, gjev meg skjøn etter ditt ord!

David er audmjuk når han ber til Herren. Han kjem ikkje som ein brautande storkar med krav, nei han er skjelvande og ber om å bli høyrd: «Lat ropet mitt nå fram til deg!» Han veit at bønna hans er som ropet frå eit barn som treng hjelp. Det verste som kan skje er at Far ikkje høyrer ropet. Han ber inderleg om at det ikkje skal henda.

Continue reading "Må bønnene våre nå fram til Guds hjarte!" »


Heile livet ligg ope for Gud

Salme 119,168 Eg har halde dine bod og påbod (6490), du kjenner alle mine vegar.

Eg liker den tilliten som desse orda av David osar av. Han er trygg i Herren. Han har godt samvit. Han har halde Guds bod og vitnesbyrd. Både den praktiske og læremessige sida av Guds ord har han gøymd i hjartet sitt, teke vare på og levd etter. Det er vakkert når desse to sidene av Guds ord er like verdsett og like godt teke vare på og praktisert med same iver. Her er det ikkje snakk om å velja og vraka, men å ta vare på alt det Gud har sagt. Lov og lære høyrer saman på same måte som liv og lære gjer det.

Continue reading "Heile livet ligg ope for Gud" »


Vi elskar lovboda fordi dei er hans.

Salme 119,167 Eg tek vare på dine lovbod, og eg elskar dei høgt.

Det er eit flott vitnesbyrd David kjem med her i dette verset. Han seier med stort frimod at han tek vare på Guds lovbod og elskar dei høgt. Det siste han seier er nok grunnen til det første. Han er i stand til å ta vare på ordet frå Gud og leva i samsvar med det fordi han elskar Guds ord. Jesus seier det same til læresveinane. «Den som elskar meg held boda mine!» Vi kan berre halda boda når vi elskar Jesus. Det er kjærleiken til han som er drivkrafta i kristne menneske.

Continue reading "Vi elskar lovboda fordi dei er hans." »


Ei oppskrift som aldri slår feil!

Salme 119,166 Herre, eg ventar på di frelse, eg følgjer dine bod.

I dette verset finn vi frelse av nåde og frukta som følgjer. David sitt einaste håp var hos Gud. Han venta på Guds frelse. Det einaste håp han hadde var at Gud skulle gripa inn og berga han. Han venta berre på Gud. Han visste at Gud var den einaste som kunne frelsa han. Han trudde ikkje at han kunne frelsa seg sjølv og han venta ikkje at menneske kunne berga han. Likevel gjorde han seg stor flid med å følgja Guds bod. Han la heile sitt hjarte i å leva etter Guds ord.

Continue reading "Ei oppskrift som aldri slår feil!" »


Fred som gjer at vi ikkje snublar

Salme 119,165 Stor fred har dei som elskar di lov (Strong 8451), ingen ting får dei til å snubla.

Det ligg ei djup innsikt i det David seier i dette verset. Dei som elskar Guds lov har stor fred og støytar seg ikkje på noko. Når trua er svak er det lett å ta anstøyt, å snubla og falla. Folk med ei lita tru blir lett irriterte på andre som har tru til å vera litt friare enn dei er sjølve. Når vi har fred i hjartet blir vi ikkje så lett oppfarande at vi syndar i tankar, ord eller gjerning.

Continue reading "Fred som gjer at vi ikkje snublar" »


Ei velsigna bønnerytme

Salme 119,164 Sju gonger om dagen lovsyng eg deg for dine rettferdige lover.

Bibelen fortel om menneske som regelmessig steig fram for Gud med lovsong og bønn. David seier at han ber fram bønn og lovsong sju gongar om dagen. Daniel hadde tre daglege bønnetider. Då gjekk han til bønnerommet sitt, fall på kne for Gud med bønn og lovprising.

Det vi i dag kallar tidebønn har sitt opphav hos dei fromme jødane og vart vidareført av dei første kristne. Dei fromme jødane på Jesu tid bad om morgonen, midt på dagen og om kvelden. Desse faste bønnetidene var jødane sin store åndelege skatt, som hjelpte dei å leva med Gud i kvardagen. Bønn er knytt til rytmen i livet og tida vi lever i.

Continue reading "Ei velsigna bønnerytme" »


Å elska Guds ord er det beste vern mot løgn og hykleri

Salme 119,163 Eg hatar og avskyr løgn, men eg elskar di lov.

I dette verset møter vi eit dobbelt uttrykk for ei gudfryktig kjensle det er vanskeleg å setja ord på. Eg hatar og avskyr løgn. Usanning, løgn, hyklarskap og uærlegdom er ein skikkeleg styggedom for alle som elskar Gud. Falsk lære, hykleri, dobbeltspel, list, svikefull ferd og uærleg tale er avskyeleg på alle måtar. Det finst inga orsaking for å vera falsk eller snakka usant. Løgnaktig liv og tale er noko alle gudfryktige folk avskyr.

Continue reading "Å elska Guds ord er det beste vern mot løgn og hykleri" »


Boblande glede ved å oppdaga skjulte skattar

Salme 119,162 Eg gleder meg over ditt ord lik ein som vinn stort krigsbytte.

Å, kor mykje vi har å læra av David og innstillinga hans til Guds ord. Han gler seg over kvart einaste ord som går ut frå Guds ord. Det er som han leiter etter ord for å skildra den gleda han kjenner i hjartet sitt over å fått del i Guds lov. I Salme 119 seier han gong på gong at han frydar og forlystar seg i Guds ord. Ordet frå Gud gjev han ei slik glede at han strever med å setja store nok ord på det.

Continue reading "Boblande glede ved å oppdaga skjulte skattar" »


Når vi blir forfølgd utan grunn

No har vi kome til ein ny bolk på åtte vers der alle versa startar med den hebraiske bokstaven SIN. På ny viser David oss si tru og tillit til Guds ord. Kjærleiken til Guds ord ber han gjennom motgangene han møter i livet.

ש

Salme 119,161 Stormenn jagar meg utan grunn, men i hjartet fryktar eg ditt ord.

Den verdslege makteliten har til alle tider forfølgd kristne menneske. Den gudfryktige David opplevde forfølging. Daniel var ein mann med integritet som trufast og ærleg gjorde ein god jobb, likevel vart han forfølgd av folk høgt oppe i systemet. Ein skulle tru at stormenn, folk som har leiaransvar, ville verdsetja ærlege og gudfryktige menneske, men dessverre er det ikkje alltid slik. Den mektige samfunnseliten kan dessverre bruka makta si urett. Utan grunn kan dei forfølgja kristne menneske. David vart utsett for det og alle som trur på Jesus Kristus og vil leva etter Guds ord må rekna med å bli forfølgd.

Continue reading "Når vi blir forfølgd utan grunn" »


Summen av Guds ord er sanning!

Salme 119,160 Summen av ditt ord er sanning, dine rettferdige lover varer evig.

På lovpriser David Guds ord. Han slår fast at Guds ord er sant og at Guds lover varer evig. Dette er ei rett innstilling som kjem av tru og tillit til Herren. Det er ikkje ein teori eller ei filosofisk tilnærming til tekstane i Bibelen. Livet har lært han at han kan stola på det Gud seier. Gud er trufast og kan ikkje lyga. Gud er lys og det finst inga mørke eller løgn i han. Guds ord er sanning. Bibelen taler sant om livet. Gud er rettferdig og alle hans lover er rettferdige og gode. Hans rettferdige lover står fast til evig tid. «Himmel og jord skal forgå,» sa Jesus, «men mine ord skal aldri forgå.» Difor er det trygt å byggja livet sitt på Guds ord.

Continue reading "Summen av Guds ord er sanning!" »


Sjå meg og miskunna deg over meg

Salme 119,159 Sjå, eg elskar dine påbod (6490)! Herre, gjev meg liv i di miskunn!

For andre gongen i denne bolken ber David om å bli sett og vurdert. Først sa han: sjå mi naud, og no seier han, sjå kor eg elskar dine påbod. David elska ikkje berre Guds gode lovnader, han elska Guds påbod. Det er lett å vera glad i dei gode orda og lyse lovnadene, men det er dessverre mange som ikkje er like glad i Guds bod. Nokre vil helst gløyma eller motarbeida Guds påbod når dei går på tvers av den livsstil dei har lagt sin elsk på.

Continue reading "Sjå meg og miskunna deg over meg" »