33 entries categorized "Samfunnet"

Audmjuke kristne

Kristenfolket står i ein krevjande åndskamp. Sterke krefter er i sving. Vi må sloss på mange frontar. Det er snart eitt tusen år sidan kristninga av Noreg og i dag står det ein kamp om historia rundt dette. Det kristne synet på mennesket, som skapt i Guds bilete og med ibuande verdi, blir snakka ned og motarbeidd frå mange hald. Kampen om menneskeverdet ligg i botn for striden rundt abort, dødshjelp, eutanasi, surrogati og bioetikk. Kampen om seksualitet, ekteskap, familie og Guds ordning hardnar til. Intoleranse er på frammarsj.

Continue reading "Audmjuke kristne" »


Terror og hat

Så har landet vårt på ny vorte råka av terror og hat. Denne gongen vart terroristen heldigvis overmanna før han fekk drepe folk som var i moskeen han gjekk til åtak på. Dessverre lukkast han med å drepa stesøstera si før terroråtaket. Den unge norske terroristen har hylla andre terroristar før den fryktelege handlinga si. Eg les at venner seier at han har gått gjennom ei endring i den siste tida og har teke ombord høgreekstremt tankegods. Somme seier også at han har vorte svært religiøs. Den vidare etterforskinga vil avdekkja dei faktiske forholda og gje oss innblikk i kven denne personen er.

Det er svært trist at me har fått eit nytt terroråtak i landet vårt. Det er svært trist at det skjer ei polarisering i folket. Det er svært trist at grupper av menneske i landet blir redde og urolege. Me må reisa oss og motverka ei slik utvikling.

Eg tek sterk avstand frå terror og hat, same kva grunngjevinga er. Terror og hat kan ikkje forsvarast, men må motarbeidast. I Noreg skal me leva i fred med kvarandre og vera venner for landet vårt byggjer på dei kristne verdiane. Det inneber at vi trur at alle menneske er skapte i Guds bilete og er like verdifulle. Menneskeverdet er heilagt og må ikkje krenkjast. Hatprat og menneskeforakt er difor forkasteleg. Den første grunnlova vår, Gulatingslova, opna slik:

Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og om fred og om at vi må halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg. Han vere vår venn, og vi hans, og Gud venn til oss alle.

Kanskje me kan samla oss om denne bønna:

Velsigna vårt kjære fedreland.

Velsigna kongen og hans hus.

Velsigna storting og regjering.

Velsigna folk som bur i landet vårt med fred og forsoning.

Lat folk som bur i landet vårt alltid søkja fred og Guds gode vennskap.

Lat oss få vera ein nasjon av venner.


Frå menneske til menneske

Midt i menneskesoga lyser denne hendinga: Gud vart menneske. Det er brennpunktet i Guds evige frelseplan. I det første kapitlet i Bibelen får vi høyra at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Mennesket vart skapt til fellesskap med Gud og kvarandre. Då synda kom inn i verda vart dette fellesskapet øydelagd. Likevel kom Gud og leita etter menneska. Han lova at ein frelsar skulle koma. I GT ser vi Guds frelseplan i utveljinga av Abraham og Israelfolket. Gong på gong grip Gud inn. Han sender profetar og bergingsmenn. Alle peikar fram mot det store historiske vendepunktet i Guds misjon: at Guds rike skulle koma nær.

Inkarnasjonen er det store midtpunktet og mysteriet i den kristne trua. Den allmektige Gud steig inn i den verda han hadde skapt. Den heilage Gud vart menneske. Gud vart ein av oss. Han tok bustad mellom oss og flytta inn i vårt nabolag som sant menneske. Han er det sannaste menneske som nokon gong har levd på jorda. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. I ord og gjerning forkynte han at Guds rike var kome nær.

Continue reading "Frå menneske til menneske" »


Evangeliet er godt nytt for alle menneske

Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike. Bodskapen hans var radikal og utfordrande. Han demonstrerte at Gud hadde gripe inn i historia for å setja menneske fri frå alle øydeleggjande krefter. Han døydde vår død og leid vår straff. Han vann over synda, døden og djevelen. Han stod opp frå dei døde og har fått all makt i himmel og på jord. Han er Herren som frelser og frigjer. Det er verkeleg godt nytt for alle menneske!

Evangeliet er godt nytt for alle barn, for dei er alle verdifulle og elska av Gud. Barnet i morsmage er omfatta av Guds kjærleik. Eit foster, som vart fylt av Den Heilage Ande, var den første til å helsa Jesus velkomen, då han var eit endå yngre foster. Evangeliet er godt nytt om menneskeverd for alle fødte og ufødte barn. Dei må ikkje drepast eller sjåast ned på. Dei er verdifulle og har fått sitt namn skrive i Livsens Bok før dei vart fødde.

Continue reading "Evangeliet er godt nytt for alle menneske" »


Skjebnetid –tidskifte

Me lever i ei underleg tid. Mange motstridande ting skjer samstundes. Lys og mørke kjempar om overtaket. Negative og positive krefter er synlege. Samfunnsutviklinga ser ut til å gå feil veg, trass medisinske, teknologiske og digitale framsteg.

Me lever i ei skjebnetid. Den globale oppvarminga har kome til eit kritisk punkt. Me ventar på avgjerande politiske vedtak på fleire område. Me lever i ei tid som vil få avgjerande innverknad på livet og utviklinga. Eit politisk parti har hatt sitt velkjende skjebnelandsmøte og me kan kanskje få ei endring av abortlova.

Me lever i ei åndeleg skjebnetid. Kristendommen har tilsynelatande vore på tilbakegang i landet vårt og i vår del av verda. I andre delar av verda veks talet på kristne sterkt. Tyngdepunktet for kristendommen er flytta frå nord til sør, frå vest til aust. I den tredje verda er den kristne trua i stor framgang og det er stor oppvakning mange stader. Står me føre ein ny åndeleg oppvakning i landet vårt?

Oppvakninga har alt starta. Det er ei bønnevekking på gang i landet vårt. Det kjem inn meldingar frå nord og sør, frå aust og vest, at noko er på gang. Det er ein ny lengt til å be og bruka tid med Gud. Ektepar tek til å be saman. Familiar ber meir enn før. Ungdom ber. Studentar ber. Vaksne ber. Gamle menneske ber med ny tru og glød. Dei merker at Gud er på ferde i landet. Dei kjenner kallet til å vera med å be fram ei ny vekking som vil føra til frelse for folket vårt.

Folk ser syn og visjonar frå Gud. Veldig mange forkynnarar, som kjem til Noreg frå andre land, fortel om ei sterk kjensle av at Gud har starta eit nytt verk, at landet vårt er ope for Anden og at gjennombrotet er på gang. Mange ber fram profetord om det dei ser Gud er i ferd med å gjera. Me lever i ei lagnadstid. Me har snart nått raspunktet. Me har fått mange varslar om Mannen som er i rørsle i Romsdalen. Det har kome fleire og fleire steinsprang og små ras. Det store raset kan koma når som helst.

Gud har sagt at i dei siste dagar skal han renna ut Den Heilage Ande over alle menneske. Det vil føra til at folk kallar på Herrens namn og blir frelste. Folk blir i aukande grad frelst i landet vårt. Eg ser det i forsamlinga eg høyrer til. Eg ser at folk kjem til tru i mange ulike forsamlingar. Eg ser at fleire unge enn på svært mange år tek i mot Jesus Kristus og blir forandra. Eg ser føre meg eit ras av store flokkar av unge menneske koma til tru. Den Heilage Ande dreg og kallar på menneske. Hans heilage nærvær vil merkast meir og meir.

Når Gud kallar folket sitt til å audmjuka seg og be, og dei kjem saman for å be, då skjønar me at noko stort er på gang. Det er ikkje langt borte. Ei åndeleg oppvakning har starta. Me lever i ei skjebnetid som vil få stor innverknad på framtida for landet vårt. Lat oss audmjuka oss og verkeleg ropa til Gud om nåde for landet og folket vårt!

Tekst: Erling Thu


Sjølvråderett over eigen kropp

Alle menneske, både kvinner og menn, har rett til å bestemma over sin eigen kropp. Dessverre blir menneske utsett for utilbørleg press knytt til kroppen sin. Vi har kroppspress knytt til utsjånad. Vi har sexpress knytt til kven som skal få liggja med oss, når og kor ofte. Dette presset fører ofte til uønskja graviditetar. Gravide kvinner blir utsett for press. Eg høyrer mange historiar om det. Familie, venner, kjæraste, til og med helsevesenet legg press på kvinner til å ta abort.

Continue reading "Sjølvråderett over eigen kropp" »


Ny abortkamp?

To unge menn prøver å utvida retten til å ta abort. Leiar i AUF, Mani Hussaini, og leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, ønskjer å utvida retten til abort i respektive veke 18 og 24. Begge trur at dei kan få både ungdomsorganisasjonen og moderpartiet med seg i forslaga sine. Dette er veldig ekstremt. Argumentasjonen deira er skremmande. Etisk refleksjon på vegne av barnet er fråverande. Kunnskapsnivået på grunngjevinga er urovekkjande lågt.

Continue reading "Ny abortkamp?" »


Liv og lære

Eg er opplærd med at lære og liv må samsvara med kvarandre. Eg har vorte innprenta frå eg var ein liten gutt at eg må gjera det eg seier og stå for det eg meiner. Idealet har vore å vera eit heilt menneske. Å seia at nokon var heilstøypt, var noko av det beste ein kunne seia om dei. Ein heilstøypt person står det framleis respekt av, vågar eg å seia.

Continue reading "Liv og lære" »


Toppmøtet - har Gud ein finger med i spelet?

Media fløymer over av forsiktige kommentarar om toppmøtet mellom president Trump og formann Kim. Det ser ut til å ha gått uventa godt. På førehand har me fått mange negative spådommar om korleis møtet kom til å mislukkast. No ser det ut til å vera svært vellukka. Dei to leiarane har signert eit dokument der dei forpliktar seg til atomnedrustning på Koreahalvøya. Det er fantastisk i seg sjølv, men det står mykje arbeid att for å verkeleggjera dei gode lovnadene.

Norske media er stort sett svært negative til president Trump. Han blir ofte framstilt som ein vinglete klovn. Kanskje sanninga er at han er ein dyktig forhandlar? Eg veit ikkje. Eg har ikkje nok kunnskap til å meina mykje om han. Toppmøtet kom i stand. Dei to leiarane har møtt kvarandre andlet til andlet. Kjemien mellom dei ser ut til å vera god. Kanskje Trump sin strategi har verka?

Eller kanskje dette rett og slett er svar på bønn? Kristne i mange land har bede om fred og forsoning i Korea. Millionar av kristne i Korea har bede om gjennombrot i relasjonen mellom dei to landa. Den koreanske presidenten Moon har spela ei viktig rolle i å få gjennomført toppmøtet. Kan det som no hender vera Guds finger? Svarar Gud bønn? Grip Gud inn i historia? Kan Gud påverka og bøya presidentars hjarte? Kan Gud gje dei tankar om kva dei bør gjera?

Profetane i Bibelen seier mykje om Gud som herskar over heile universet. Dei såg Guds finger i dei fleste politiske hendingar i si samtid. Dei tala om fred og forsoning som skulle koma med fredsfyrsten. Dei forkynte om våpen som skulle gjerast om til jordbruksreiskap og at Gud skulle gjera slutt på krigane på jorda. Kanskje dette toppmøtet og det dokumentet som har vorte signert kan vera ei lite steg på veg mot fred og forsoning? 


I skjul

I Salme 91 snakkar salmisten om å sitja i skjul og finna ly. Han snakkar om å ha ein plass å søkja tilflukt og ha ei borg der han er trygg. Bakgrunnen for desse orda er sjølvsagt at han er utsett for urett og vondskap. Folk set snarer for han og prøver å fanga han. Andre skyt piler etter han eller kjem mot han med skarpe sverd. Han er også utsett for øydeleggjande pest og plager som herjer og drep.

Livet er ikkje enkelt for salmisten. Det er det heller ikkje for dei fleste av oss. Me møter utfordringar og vanskar av ulikt slag kvar einaste dag. Den vonde motstandaren vår skyt sine brennande piler av fordømming mot oss. Han brøler som ei løve og prøver å skremma oss til å kompromissa og synda, for det tykkjest å vera den einaste utvegen. Dessverre har mange av oss hatt den beiske opplevinga av at kompromiss og "ei lita synd" ikkje hjelper oss ut or ei vanskeleg stode, men berre gjer alt endå meir vanskeleg for oss. Dette hadde salmisten òg lært. Difor seier han: 

Du, Herre, er mi tilflukt og mi trygge borg! Du er min Gud som eg set mi lit til. Eg sit trygt i skjul hos deg, Du høgste. Eg finn ly hos deg, Den veldige. Eg har gjort deg til min bustad. Du skal vera med meg og verna meg på alle mine vegar. Om tusen eller titusen fell rundt meg, vil Du ta vare på meg slik at eg ikkje blir råka av dei brennande pilene eller den smittande pesten.

Ulukkene til dei rettferdige er mange, men Herren utfrir oss frå dei alle. Herren bergar oss når me held oss til han. Han vernar oss midt i det vonde som møter oss. Han er med oss i nauda og høyrer våre fortvilte rop om hjelp. Han friar oss ut og gjev oss ære. Han mettar oss med eit langt liv og let oss få sjå hans frelse.

I våre dagar er det mange menneske som er på flukt frå krig og urett. Dei leitar etter nokon som kan vera eit skjul for dei og gje dei ly mot forfølging og vondskap. Dei bankar på dørene våre for å søkja ein trygg tilflukt. Hjelper me dei til å finna ein bustad og ei trygg borg hos Gud og mellom oss, eller snur me ryggen til dei?

 


Det kristne forvaltaroppdraget

Vår forståing av det kristne forvaltaroppdraget kviler for det første på det Gud sa då han skapte menneska og for det andre på dei lovnadene han har gitt oss for framtida, det er det kristne framtidshåpet. Opphav og mål for alt det skapte er i Gud. Vi er skapt i Guds bilete til å vera hans tenarar. Vi er skapt til å arbeida for å kultivera Guds skaparverk. Arbeidet med skaparverket har fått guddommeleg status fordi vi er kalla til å vidareføra Guds eigen skapargjerning fram mot hans mål som er herleggjering av skaparverket.

Continue reading "Det kristne forvaltaroppdraget" »


Hurra for 17.mai!

IMG_0214

Det er med takk i hjarte me på ny feirar 17.mai. Det er ein stor dag for alle nordmenn uansett bakgrunn. 17.mai er Noregs store dag.

Heilt frå eg var ein liten gutt i etterkrigstida har eg vore glad i 17.mai. På Ganddal, der eg vaks opp, var det i alle år stor samling om feiringa av 17.mai. Hornmusikken starta tidleg og heldt det gåande gjennom heile dagen. Eg elska dei fengande tonane og dei flotte trommeslaga. Me gjekk i barnetoget på føremiddagen. Det var leikar og tevlingar med mykje glede. Denne dagen fekk me vanlegvis vår  første iskrem for året. For ikkje å snakka om dei gode pølsene og alt snopet me fekk. I folketoget var det stort oppmøte frå alle slags lag, men det var det som vart kalla for "kortesjen" som var høgdepunktet. 

Denne korstesjen var eit svært humoristisk innspel i vår feiring av 17.mai på Ganddal. Både lag og privatpersonar stod for desse humoristiske innspela. Folk kledde seg ut, spelte sketsar, parodierte kjende folk og kom med humoristiske spark til politikarar og andre lokale kjendisar. Desse vart framførte på lasteplanet på lastebilar, traktortilhengjarar eller på hest og kjerre. Den beste famføringa fekk sjølvsagt ein premie som det var stor stas å vinna.

17.mai feirar med fridom og likeverd. Begge desse verdiane må me framleis kjempa for. Det er alltid mørke krefter som vil røva fridom, rettferd og liveverd frå oss. I vår tid kan desse orda ha varierande innhald og treng ikkje gjelda for alle. Har barn i morsliv fridom til å velja livet? Ikkje når dei blir drept. Ser me på flyktningar som likeverdige medmenneske? Ikkje når me diskriminerer.  Møter asylsøkjarar og innvandrarar rettferd? Ikkje når me ikkje tek den nye kristne trua deira på alvor og sender dei tilbake til forfølgjing og dødsstraff.

Noreg er eit godt land å leva i, men landet og samfunnet vårt er ikkje fullkome. Likevel feirar me 17.mai med stor glede og med takk til Gud slik det lyder i nasjonalsongen vår: Norske menn i hus og hytte takk din store Gud!

Eg kunne ikkje venta, så seg publiserer dette innlegget dagen før Dagen! Hjarteleg til lukke med Dagen i morgon!


Øivind Benestad - Guds tenar

I dag har eg lyst til å seia nokre gode ord om Øivind Benestad. Han er ein god og trufast Guds tenar som i mange år har kjempa ein viktig kamp for barn og familie. Dessverre har han altfor ofte vorte ståande åleine i det offentlege ordskiftet. Men han har trufast kjempa for barns rett til å ha og kjenna både far og mor. Han har kjempa for den bibelske forståinga av familien der ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne ligg i botn. Eg må seia at eg ser opp til den måten han har stått i denne viktige kampen. Eg beundrar motet og den klåre tanken hans. Den milde og fredsæle framferda hans viser at han er ein sann Jesu Kristi tenar. Han fortener stor heider og ære for den heilhjarta innsatsen han har gjort, og som har kosta han mykje.

Eg kan ikkje seia at eg kjenner Øivind Benestad for eg har berre møtt han ein gong. Likevel vil eg æra han og lyfta han opp til eit føredøme. Han er ein trufast Guds tenar som står fast på Guds ord uansett kva det kostar han og kva andre måtte meina. Lat oss ta han med i våre bønner og heia på han i desse dagane når politikarane våre gjer vedtak som strir mot Guds ord og barns rettar.

Eg vil be alle lesa det siste innlegget hans: Familiepolitikk på ville veier


Herren set kongar av og set kongar inn

Me har vore gjennom nokre politisk dramatiske dagar i landet vårt. Landet kunne vorte kasta ut i politisk kaos. Eg trur at det berre er på grunn av bønn frå mange kristne at landet vårt er spart for regjeringsskifte med all den uro og uvisse det ville innebera. No er det tid for endå meir bønn. Sterke og splittande krefter er verksame i nasjonen. Folk på alle sider av dei politiske skiljelinene treng vår forbønn. Ikkje minst må me be for oss sjølve, for kristenfolket i Noreg, at me må vera audmjuke og miskunnsame så me kan vera med å skapa fred og forsoning i folket vårt. Ingen er tent med den polariseringa me no ser.

Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det. Redaktør Selbekk i Dagen sa at det ville vera ”u-Listhaugsk”. Korkje partileiaren eller statsministeren hennar hadde bede ho om å gå. Media seier at Listhaug hadde regien heilt åleine. Det trur eg er feil. Eg trur at det er Herren som har hatt regien. Det er han som set inn og det er han som set av (sjå Dan 2,20-21; 4,17; 4,25; 5,21).

Difor seier Guds ord at me framfor alle ting skal bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske. Me skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så me kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt me gjer (1 Tim 2,1-2). Denne apostoliske formaninga treng me å ta inn over oss som aldri før. I denne tida er det altfor mange kristne som blir rivne med i ein oppheta debatt. Mange roper høgt og bruker harde ord. Det haglar med klagemål alle vegar – i alle retningar. Mykje av det eg ser vitnar korkje om gudsfrykt eller vørdnad. Dei mange skuldingane vitnar ikkje om stille og fredelege liv. Det finst eit sinne som skremmer meg. Det vitnar ikkje om tru og tillit til Gud. Eg ser ein aggressivitet frå kristne menneske som ikkje vitnar om nåde, miskunn og trufast kjærleik. Kor er respekten for andre?

Eg har aldri vore ein Listhaug fan. Eg tykkjer likevel litt synd på henne i dette kjøret ho har vore utsett for. Sjølv kallar ho det ein heksejakt. Eg kan forstå at ho opplever det slik. På den andre sida haustar ho berre det ho sjølv har sått. Ho har berre seg sjølv å takka for den stoda ho har kome i. Når ho seier at Hareide sleikjer imanane opp etter ryggen, er det uhøvisk og ikkje ein politikar verdig. Når ho godkjenner at politiet knuser glassruter for å bryta seg inn i eit kyrkjebygg for bortføra ein kristen småbarnsfamilie, står ho ikkje for kristne verdiar og mistar sjølvsagt tillit. Når ho seier at Ap (og fleirtalet på stortinget) er meir opptekne av å forsvara terroristane sine rettar enn å sikra tryggleiken for landet, går ho langt over streken. At ho heller ikkje høyrer på råd frå sin eigen sjef og slettar utsegnet, gjer det endå verre. At ho ikkje audmjuker seg og bed om tilgjeving, men må pressast til ei orsaking, skaper heller ikkje tillit. Men ho skal ha ros for at ho trekte seg og redda regjeringa.

Lat meg skunda meg og seia at du sjølvsagt kan vera ein god kristen og ikkje vera samd i desse vurderingane mine. I politikken er det rom for at kristne har mange ulike meiningar og løysingar på dei utfordringane me møter i samfunnet. Difor må me be for politikarane våre. Me må be om visdom for dei til å velja dei beste løysingane. Me må be om at dei fremjar rett og rettferd i alt dei gjer. Me må be om nåde for dei så dei kan vera samlande og ikkje splittande, at dei skaper fred og ikkje strid.

Tida for Noreg er no. Guds finger er verksam i landet vårt. Han gjer meir bak ryggen vår enn dei fleste av oss er klar over. I desse dagane må me ropa til Gud om nåde og miskunn for land og folk. Måtte han venda fedrehjarta til barna og barnehjarta til fedrane og skapa forsoning. Måtte han lækja dei såra som hat og vonde ord har skapt. Måtte han gje dei trassige det sinn som rettferdige har. Måtte folket vårt kjenna frelse når syndene blir tilgjevne. Måtte lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og styra oss inn på freds og forsoningsveg.

Tekst: Erling Thu


Er ”Yoga” alltid Yoga?

Det har kome mange innlegg og ulike meiningar om Yoga i Dagensdebatt etter reportasjen om Yoga i kyrkjeleg regi. Det kan verka som vi til dels misforstår og snakkar forbi kvarandre. Eg har fått nokre nyanserte tilbakemeldingar som har vore nyttige. No vil eg prøva å svara på spørsmålet i overskrifta mi og voner å kunna klarleggja lite grann.

Eg står fast ved at Yoga er ei samling av mentale og fysiske teknikkar knytt til hinduisme og buddhisme. Innlegget mitt om Yoga var meint som opplysning og ei åtvaring, men eg ønskte ikkje å seia noko nedsetjande om kristne som ser dette annleis enn meg. Gud ser til hjartet og er den einaste som kan evaluera det som føregår der gjennom bønn og meditasjon.

Kva som er ein god kristen måte å tenkja på, må me gå til Bibelen for å finna og ikkje til humanisme, ateisme eller andre religionar. Som kristne møter me all slags påverknad i samfunnet og blir utsett for filosofi og tankegang som bryt med kristentrua. Det hender ofte at kristne tek om bord ikkjekristnetankemåtar. Ofte lever me som om Gud ikkje finst. Dette er alltid skadeleg. Vestleg rasjonalisme og materialisme er kanskje dei største fiendane for kristentrua i vår tid. Når det gjeld Yoga er eg redd for at me kan opna opp for vonde makter om me gjer rom for hinduistisk tankegang og praksis. Om det berre er snakk om kroppslege øvingar, bør me heller kalla det gymnastikk og pusteteknikk staden for ”Yoga.”

Continue reading "Er ”Yoga” alltid Yoga?" »


Farlege folk

Det finst veldig mange farlege folk: Farlege journalistar. Farlege leiarar. Farlege sjåførar. Farlege politikarar. Farlege menn. Farlege kvinner. Farlege kriminelle. Farlege religiøse folk. Farlege terroristar. Farlege diktatorar. Farlege doktorar. Farlege lærarar. Farlege utlendingar. Farlege jegerar. Farlege innvandrarar. Farlege kristne. Farlege muslimar. Farlege hinduar. Farlege buddhistar. Farlege soldatar. Farlege pastorar. Farlege biskoppar. Farlege statsrådar. Farlege kateketar. Farlege idrettsfolk. Farlege forkynnarar. Farlege lyttarar. Farlege presidentar. Farlege kongar. Farlege dronningar. Farlege lygnarar. Farlege baktalar. Farlege mordarar. Farlege forretningsfolk. Farlege offiserar. Farlege arbeidarar. Farlege fedrar. Farlege mødrer. Farlege ungdommar. Farlege barn.

Denne lista kan gjerast endelaust lang. Her har eg berre nemnd nokre få av dei mange folka som kan vera farlege. Du forstår kanskje kva eg vil med denne lista? Eg prøver berre å seia, at eigentleg har alle menneske eit farleg potensiale i seg. Bibelen seier at me alle er fødde syndarar. Teologar snakkar om arvesynd og syndig natur.

Continue reading "Farlege folk" »


Guds bøker

Johannes startar evangeliet sitt med å seia at i opphavet var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud. Han, Jesus, var hjå Gud, og alt vart til ved han. Utan han vart ikkje noko til, og det som vart til i han, var liv. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og me såg hans herlegdom. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, Jesus, som er Gud, har synt oss kven han er (sjå Joh 1,1-18).

Alle som les Bibelen oppdagar at Gud skriv bøker. Det er jo naturleg at han som er Ordet gjer det. Me høyrer både om Livsens Bok og Sanningsboka som Gud har skrive og framleis skriv i. På den store dommedagen skal bøker opnast og me skal dømmast etter det som står skrive i desse bøkene. Desse bøkene er ikkje tilgjengelege for oss no, og me skal ikkje spekulera i kva som er skrive om oss i desse bøkene. Men det finst to bøker han har gjort tilgjengelege for oss.

Continue reading "Guds bøker" »


Kapitalisme

Ein turist går inn på eit hotell ni en liten gresk by. Han legg 200 euro på disken i resepsjonen og går opp for å sjå på rommet. Hotelleigaren tek pengane og spring til slaktaren og betaler rekninga si. Slaktaren tek pengane og fer til bonden for å betala kjøtet han hadde kjøpt på kreditt. Bonden skundar seg til bensinstasjonen for å gjera opp for diesel til traktoren. Han som driv bensinstasjonen får endeleg betalt gjelda til byen si gledesjente. Ho går til hotellet og legg 200 euro på disken som betaling for ”arbeidsrommet” sitt. Turisten kjem ned att til resepsjonen. Han liker ikkje rommet så han tek dei 200 euroane og går. Ingen har fått seg pengar, men heile byen er gjeldfri og framtida ser lys ut i den litle eurosona.

Dette er kapitalisme. Økonomien går rundt fordi nokon heile tida skuldar andre 200 euro.

(Etter Yngve Kvistad i VG)


Kva er viktigast: å ha rett eller å leva rett?

Å vera menneske handlar ikkje om å ha rett

eller å vera politisk korrekt,

men om å leva rett i forhold til andre menneske.

Å vera menneske handlar om å byggja rette relasjonar

- der dei sterke vernar dei veike

- der dei flinke hjelper dei som ikkje får ting til

- der dei rike tener dei fattige

- der dei som er i det gode selskap inkluderer dei som har falle utanføre

Å vera menneske handlar om å vera glad i andre,

- om å finna glede i å vera i lag med folk

og vera menneske blant menneske.


Profetordet står fast!

Peter er opp i åra og forstår at han ikkje har lenge att å leva og skriv for å hjelpa dei kristne til å svara på spørsmål frå tvilarar og forførarar:

Kor vert det av oppfyllinga av profetorda? Kristus har ikkje kome, kanskje han ikkje kjem? Dei kristne forventingane må vera feil!

Ikkje høyr på slike negative røyster, sa apostelen. Me kunngjorde vår Herre Jesu Kristi makt og kome for me var augnevitne til hans guddommelege velde. Det me forkynner er

- ikkje oppdikta eventyr

- ikkje klokt uttenkte mytar

- ikkje tome og menneskelege draumar

Me har høyrd frå Gud. Me har sett hans guddommelege velde. Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud (2.Pet.1,16-21).

Continue reading "Profetordet står fast!" »


Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt.
Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.

Continue reading "Kunnskap om Herren forandrar folk og land!" »


Retten til å påverka samfunnet

Som kristne menneske har me ansvar for den verda me lever i. Gud har frå første stund gjeve mennesket eit oppdrag om å styra og råda på jorda og arbeida på å gjera jorda til ein god stad å leva for alle. Me kan ikkje overlata til gudlause menneske å styra utviklinga av samfunnet vårt. Me har rett til å påverka samfunnet. Kristentrua er ikkje privat eller religiøs i vanleg forstand. Kristentrua omfattar heile livet vårt og gjer seg gjeldande på alle område. Difor har kristne menneske til alle tider arbeidt for å påverka og forandra samfunnet. I vår tid skaper politiske vedtak rammer og vilkår for eit godt samfunn. Gjennom politisk arbeid tek kristne menneske ansvar for å styra og utvikla samfunnet til beste for alle våre medmenneske.

Continue reading "Retten til å påverka samfunnet" »


Retten til å gjera folk til disiplar

For kristne menneske er misjonsarbeid og det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til. Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det ikkje like opplagt.

Continue reading "Retten til å gjera folk til disiplar" »


Når kristentrua møter motstand

Motstand mot kristentrua er ikkje noko nytt, men noko kristne har levd med frå fyrste stund. Me kan lesa om motstand og forfylging av kristne i Apostelgjerningane og i heile kyrkjesoga opp til vår tid. Apostelen Paulus sa at alle som vil leva gudfryktig vil verta forfylgde (2.Tim.3,12). Kristne har opp gjennom historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har måtta gå gjennom må me seia at vanskane våre har vore lette. Likevel er det slik at det aldri har vore fleire kristne martyrar, som har gjeve livet sitt for trua på Jesus, enn det er i våre dagar.

Continue reading "Når kristentrua møter motstand" »


Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn

Den vestlege verda er i vår tid kjenneteikna av rasjonalisme, materialisme og såkalla humanisme. Det inneber at det er berre det som kan forklarast logisk, forståast med forstanden og som set mennesket i sentrum som er politisk korrekt. Denne sekulære humanismen gjer seg ut for å vera fornuftig, menneskeleg og livssynsnøytral, medan dei framsteller alle som trur annleis for å vera sekteriske, inhumane, bakstreverske mørkemenn. Desse sekulære humanistane, som i praksis også er ateistar, dominerer kultur og media på ein skræmande måte. Dei vil nok gje folk rett til å tru kva dei vil, men dei vil seia at denne trua høyrer privatlivet til og bør ikkje blandast inn i politikk eller samfunnsliv.

Continue reading "Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn" »


Skattesnusk

Ordføraren i Oslo har ufriviljug fått hovudrolla i mediestormen om skattesnusk. Eg skal ikkje ta stilling til mediekjøret om økonomisk kriminalitet og dumskapen til ordføraren. All sunn fornuft seier at slikt skal ikkje førekoma og serleg ikkje hjå folk som lever av tillit, slik politikarar gjer. Alle bør betala den skatten som samfunnet legg på dei for å gjera landet vårt til ein god stad å bu og veksa opp i. Me må alle ta ansvar for det store fellesskapet og betala skatt med glede.

Continue reading "Skattesnusk" »


Rød/grønn siger

Så er valet over og det er klart at den rød/grønne alliansen har vunne! No treng vi å be alt vi kan om Guds signing over den nye regjeringa! Vi må be at Jens Stoltenberg må få visdom til å velja dei rette folka til dei rette departementa, og vi må be om velsigning over arbeidet deira. Vi må be at dei kjem opp med gode og rettferdige løysingar på utfordringane i samfunnet og at dei må få nåde til å styra godt til signing og framgang for heile landet!


Opprop

Skjebnevalg for Norge?

Åpent brev fra kristne ledere om

kjønnsnøytral ekteskapslov

Landsmøtene for Ap, RV, SV og Venstre har i vår programfestet at Norge bør innføre en såkalt kjønnsnøytral ekteskapslov. En slik lov vil ikke lenger definere ekteskapet som et samliv mellom mann og kvinne, men være «nøytral» i forhold til kjønn. Personer av samme kjønn vil kunne inngå ekteskap på lik linje med mann og kvinne. Partnerskapsloven blir overflødig. Som ledere i ulike religiøse sammenhenger i Bergen, har vi sterke motforestillinger mot å omgjøre og oppløse definisjonen av ekteskapet. Vi har ikke noe ønske om å kjempe mot homofile medmennesker – de har nøyaktig samme verdi og menneskeverd som alle andre – men vi ønsker å forsvare en grunnleggende samfunnsordning. Også mange homofile avviser for øvrig en kjønnsnøytral ekteskapslov.

Continue reading "Opprop " »


Flodbølgja – ein straffedom?

”Allah er sint! Difor har han sendt denne straffedommen over oss, sa den indonesiske muslimen på TV. Norske, meir eller mindre kjendte  kristne har kome med liknande påstandar om Guds dom og straff i samband med flodbølgja. Rett nok har nokre av dei kome med presiseringar eller orsakingar for uvørne påstandar i ettertid. Det er tydeleg at mange spør om kor Gud er i det som har hendt.

Continue reading "Flodbølgja – ein straffedom?" »