39 entries categorized "Profettenesta"

Profetisk lovsong

I Første Samuelsbok 2,1-10 finn vi Hannas lovsong til Herren. Det er ein profetisk lovsong som vitnar om ei frisk profetisk salving. Denne profetiske lovsongen er ikkje avgrensa til ei personleg takk til Gud for bønnesvar, men har ein mykje større dimensjon over seg. Faktisk er det slik at denne lovsongen kastar profetisk lys over heile den komande kongetida!

Continue reading "Profetisk lovsong" »


Herren Allhærs Gud

Jahve Elohe Sebaot – Herren Allhærs Gud er for første gong i Bibelen brukt som tittel på Gud i Samuelsbøkene. Vi finn uttrykket 260 gongar i GT, særleg hjå profetane. Jesaja bruker det 60 gongar og Jeremia heile 80 gongar. Denne tittelen framsteller Gud som Den Evige EG ER, som styrer over alle maktene i himmel og på jord, både dei synlege og usynlege, han er konge over himmel og jord, ja heile universet!

Continue reading "Herren Allhærs Gud" »


Profettenesta - innsikt frå Samuelsbøkene

Apostelen Peter seier at alle profetane frå Samuel av profeterte om det gjenreisingsverket som Gud skulle gjera frå pinse og heilt Jesus Kom tilbake (Ap.gj.3,18-24). Det ser ut som om Samuel representerte noko nytt og innleia ei ny epoke med profetar. Moses var den store grunnleggjande profeten som førte folket ut av Egypt og fram til Kanaans land. Han var eit klart førebilete på Jesus og han profeterte om Jesus. Det var ingen store profetar etter Moses før Samuel kom og innleia ei ny tid. Skal vi forstå det alle profetane seier om Guds plan for den tida vi lever i, må vi granska dei profetiske skriftene frå Samuel av. Difor har eg sett meg føre å lesa Samuelsbøkene og Kongebøkene, i første rekkje for å sjå på den profetiske tenesta for å læra å tena Gud slik dei gjorde. Det er også nyttig å sjå på bøkene til alle profetane som tente Gud i tida fram til Jesus Kristus kom.

Continue reading "Profettenesta - innsikt frå Samuelsbøkene" »


Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord eller syner

Herren gav profeten Jeremia innsikt i korleis Herren tenkjer i samband med dei lovnader eller domsord han gjev profetane å bera fram. Jeremia vart beden om å gå til keramikaren som arbeidde med leire på dreieskiva si. Då han kom dit, stod han og såg korleis krusmakaren forma kar, det eine etter det andre. Han såg då at det hende at nokre kar vart mislukka, og at kunsthandverkaren då tok til på nytt og laga eit anna kar. Kunstnaren var ikkje snar til å gje opp, men prøvde om att og om att å forma eit kar slik han ville ha det.

Continue reading "Det er alltid vilkår knyta til profetiske ord eller syner" »


Å stå i Herrens fortrulege råd

Å sjå syner og høyra ord frå Gud er i Det gamle testamentet først og fremst knyta til profetane. Dei var meir enn talsmenn for Gud, dei stod for Guds åsyn, dei tok del i Herrens råd (2.Mos.4,15; 7,1-2; Jer.15,19; 23,18). Det var ikkje mange som til kvar tid hadde denne funksjonen. Det var tider kor Herrens lampe nesten hadde slokna. Det var tider kor det var sjeldan med syner og få ord kom frå Herren til folket. Profetane som stod i Herrens råd og difor kunne bera fram ord frå Herrens munn, var alltid få samanlikna med folketalet. Då dei 70 eldste kom i profetisk glød og bar fram Herrens ord, vart denne profetiske bønna født i Moses:
”Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!" (4.Mos.11,29)

Continue reading "Å stå i Herrens fortrulege råd" »


Gud talar gjennom syner

Gjennom heile Bibelen ser vi at Gud gjorde seg kjent for menneske gjennom syner. Det står om Abram at Herrens ord kom til han i eit syn (1.Mos.15,1), det same finn vi også når det gjeld profetane. Det var deira evne til å ”sjå” Guds ord som gjorde at dei vart kalla sjåarar (1.Sam.9,9). I innleiinga til Jesajaboka finn vi dei same uttrykka. Denne boka inneheld dei syner som Jesaja fekk eller såg (Jes.1,1), eller det ordet som Jesaja såg eller fekk i eit syn (Jes.2,1). Når vi så les profeten Jesaja med desse orda i tankane, er det lett å sjå at profeten skildrar det han har sett i eit profetisk og poetisk biletspråk. Forfattaren av Krønikebøkene kallar Jesajaboka for ”Synene åt profeten Jesaja” (2.Krøn.32,32), noko som understrekar både det visuelle og det visjonære elementet i profetorda hans.

Continue reading "Gud talar gjennom syner" »