41 entries categorized "Profettenesta"

Herren stadfestar tenesta

Når vi gjer det vi trur Gud vil vi skal gjera, vil Gud alltid stadfesta det med si velsigning. Når vi vågar å seia det vi trur Gud vil vi skal seia, stadfestar han orda våre. Vi kan ofte vera skjelvande og ikkje heilt trygge på om vi har høyrt rett, men når vi i tru og lydnad ber fram ordet frå Gud, vil det alltid bli stadfesta. Når Gud stadfestar, veks trua og frimodet vårt. Frå dei første orda vi stotrar fram som eit profetord, vil vi veksa i nåde og frimod. Orda vil bli klarare og enklare. Dei vil ha meir kraft i seg. Vi veks i nåde og kjennskap til Herren og kan bera fram ord frå han med større tyngde.

Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1 Sam 3,19)

Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje liker å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod den første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.

Samuel voks på denne opplevinga og heldt fram med å vera lydig mot Herren. Difor finn vi det naturleg det som følgjer: Og Herren var med han. Dette står i grell motsetnad til stoda til sønene til Eli, dei hadde Herren gått frå. Men Herren var med Samuel. Han gav han styrke til å stå mot trykket frå omstenda og visdom til å gjera det rette. Herren heldt si hand over han og leia han trygt fram. Den unge guten stod fast i si overgiving til Herren og Herren stadfesta orda hans. Ingen av orda frå Gud fall til jorda. Gud vaka over orda sine og sette dei i verk.

Når vi er lydige mot det indre kallet og gjer det Gud seier, vil Gud stadfesta og velsigna. Dette vil folk begynna å leggja merke til. Dei vil oppdaga kor vi har vår styrke. Dei vil sjå Guds nåde i livet vårt. Dei vil sjå at Gud har lagt si hand på oss og bruker oss til velsigning. Det kan ta tid før folk oppdagar at det er eit mønster i måten Gud bruker oss på. Det kan ta tid før folk skjøner at Gud har kalla oss til teneste. Det kan ta tid før folk tar til å setja ord på det dei ser i oss.

Continue reading "Herren stadfestar tenesta" »


Personlege profetiar over livet frå barndommen

Hanna gav Samuel dette namnet fordi han var fødd som svar på profetiske bønner. Namnet hans vitna om at han var fødd etter Guds vilje, for å tena Guds plan. Han var eit profetisk bønnesvar, men namnet bar også i seg ein profeti om retninga for livet hans. Namnet hans var ein profeti om at Gud ville halda fram å høyra bønnene hans. Når vi les historia om Samuel ser vi kor viktig bønn var i livet og tenesta hans. Han var kjenneteikna av bønn og fekk store profetiske bønnesvar.

Eg trur at det ligg ei profeti i det namnet foreldra våre har gitt oss, uansett om dei var kristne eller ikkje, då dei gav oss namnet. Namnet vårt har ei meining og ein bodskap. Vi treng hjelp til å finna den profetiske meininga i namnet vårt. I nokre sjeldne tilfelle kan det også vera nødvendig å skifta namn, for å ha eit namn som samsvarar med kallet og livsgjerninga vår. Vi finn fleire tilfelle i Bibelen, der folk fekk nye namn for å visa kva Gud hadde kalla dei til å vera og gjera.

Continue reading "Personlege profetiar over livet frå barndommen" »


Han styrkte forsamlingane

Dette uttrykket finn me i Apgj 15,41. Det er ei oppsummering av apostelen Paulus si andre misjonsreise, då han vart sendt ut i lag med profeten Silas. I The Passion Translation heiter det at på kvar plass dei gjekk til, så forlet dei forsamlinga sterkare og meir oppmuntra enn ho var før dei kom. Eg trur at dette er eit normalt resultat når apostlar og profetar reiser saman til dei nystarta kristne forsamlingane. Apostlar og profetar er åndelege bygningsmenn. Dei styrkjer og byggjer opp både personar og forsamlingar. Då dei reiste frå ei forsamling la dei att noko verdifullt etter seg. Forsamlingane var sterkare og ved betre mot då dei reiste enn då dei kom.

Paulus er jo veldig klar på at dette er målet med alle kristne samlingar: oppbygging, "lat alt tena til oppbygging!" (1 Kor 14,26). Alle nådegåver er meint å tena til det gode (1 Kor 12,7). Det som taler profetisk, taler til oppbygging, formaning og trøyst (1 Kor 14,3). Den som taler profetisk byggjer opp og styrkjer det kristne fellesskapet. Tungetale i eit offentleg møte må tydast så forsamlinga kan bli oppbygd (1 Kor 14,5). Personleg oppbygging er ikkje nok. Alt me gjer, når me er samla, må vera til nytte og oppmuntring for dei andre.

Oppbygging og oppmuntring heng saman. Å styrkja forsamlingar er å byggja opp og oppmuntra folka som er samla. Å styrkja folk er å setja mot i dei til å gjera Guds vilje og gå på Guds veg. Det var det apostlane og profetane gjorde då dei reiste saman. Me treng desse folka i dag også. Me treng at dei reiser i lag og besøkjer forsamlingane for å styrkja dei og setja mot i dei. Når dei gjer det frigjer dei eit dynamisk liv som fører til vokster og framgang for Guds rike.

 


Me treng fleire profetiske mødrer

Første Samuelsbok skildrar ei stor vekking og samfunnsendring som me kan læra mykje av i den stoda folket vårt er i dag. Gud brukte ei bedande kvinne, ein ukjend profet og ein ung gut til å endra heile samfunnet.

Det er tydeleg at Hanna gjennom si profetiske innsikt skjøna seg på tidene og forstod at det måtte koma ei endring. Ho bad om ein son som kunne tena Guds plan i si levetid. Ho visste at om ikkje ein slik mann vart reist opp, ville folket verta utarma og undertrykt av fienden og Guds namn ville verta vanæra.

Continue reading "Me treng fleire profetiske mødrer" »


Kjenneteikn på ein profetisk generasjon

Den fyrste staden i Bibelen kor ordet profet er nemnd er i 1.Mos.20,7 der Gud kallar Abraham for profet. I ei fotnote til dette verset står det at ordet profet stundom vert nytta i vid tyding om eit menneske som står Gud nær og skal gå ærend for han. Dette er for meg den mest grunnleggjande forståinga av kva det er å vera profetisk. Det er å leva så nært til Gud at me kan gå ærend for han. Ein profetisk generasjon er då ein generasjon av ærendsgutar, folk som kjenner Gud og representerer Gud i det dei seier og gjer. Desse folk vil vera kjenneteikna av:

Continue reading "Kjenneteikn på ein profetisk generasjon" »


Om å tala profetord

Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon, - eit profetisk folk – som har lært å høyra Guds røyst og tala profetord til menneske, forsamlingar, fellesskap, samfunn og nasjonar. Gud reiser opp eit folk som lever i hans nærvær, forfriska av Ordet og Anden, og som kan verta brukt av Gud til å tena Guds plan i si levetid. Dei lever med Gud i kvardagen og vender hjarte, hug og tankar heile tida til ”Den Levande EG ER, Den Allmektige, så dei kan tala inn i livet til menneske dei møter i jobb, på universitet, på torget, på gata, i nabolaget, over alt kor dei ferdast. Av di dei har lært å leva i Guds nærvær kan dei formidla Guds kraft, nåde, fred, glede, kjærleik og lækjedom til menneske dei møter i kvardagen.

Continue reading "Om å tala profetord" »


Tankar frå Jesajaboka

Dei fyrste fem kapittel fungerer som ei innleiing kor den dåverande katastrofale stoda vert sett opp mot den herlege framtida til Guds folk.

Det som er kjernepunktet i Jesajaboka er konflikten mellom Gud som dommar og frelsar, mellom rettferd og miskunn og truskap. Fordi Israel ikkje levde i samsvar med pakta dei hadde gjort med Gud var straffa for paktsbrot ikkje til å unngå. Jesaja forkynner at dommen kjem som ein reinsande eld som fører frelse med seg. 1,21-28; 4,2-6

Continue reading "Tankar frå Jesajaboka" »


Guds bodberarar

Profetane var Guds bodberarar til paktsfolket og til nasjonane. Dei var kalla til å gjera Guds vilje kjend, ved å undervisa folk i Guds ord og lov, ved å bera fram domsord over folk og nasjonar som hadde gjort opprør mot Gud, ved å tala tilrettes både folk og leiarar for synd og ugjerning dei hadde gjort, og ved å gjera det som til kvar tid trongst for å fremja Guds vilje mellom folket. Profetane var med andre ord kalla til å læra, undervisa, rettleia og irettesetja folk, leiarar og nasjonar, så vel som å forkynna komande hendingar.

Continue reading "Guds bodberarar" »


Ein Guds mann det går store ord om

I forteljinga om koss Saul vart gjort til konge finn vi hendinga med leitinga etter det bortkomne eselet. Då Saul og tenesteguten hans var i nærleiken av Rama, der Samuel budde, og Saul ville gje opp leitinga og fara heim att, sa den unge hjelparen hans: ”I denne byen er det ein Guds mann som det går store ord om. Alt han seier slår til. Lat oss no gå dit! Kan henda han kan seia kvar vi skal ta vegen?” (1 Samuel 9,7)

Eg liker denne enkle trua og innstillinga denne unge mannen har til den eldre profeten og dommaren i Israel. Det han seier kan gje oss viktig innsikt i Samuel si teneste og stilling i folket. Her er nokre av dei tinga eg les ut av dette verset:

Continue reading "Ein Guds mann det går store ord om" »


Profeten argumenterer ikkje med folk, men går til Gud

Men folket sine representantar, dei eldste frå alle kantar av landet, ville ikkje høyra på profeten Samuel. Vi vil ha ein konge over oss, sa dei, vi vil ha det som alle dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; og han skal gå framfor oss og føra oss når vi er i krig.

Profeten argumenterte ikkje med dei. Han tok orda deira og bar dei fram for Herren. Han gjentok det dei sa i Guds øyra, som nokre omsetjingar seier. På ny viser Samuel seg som ein sann profet. Han gjev seg ikkje til å diskutera eller koma med sine eigne meiningar. Han går til Gud med alt det dei eldste har sagt. Hans eigne kjensler og meiningar tel ikkje, styrer han ikkje, for han ønskjer berre at Gud skal få sin veg, at Guds vilje skal råda. Han har ingen personlege ambisjonar eller nokon skjult agenda. Som ein sann profet er han Guds talsmann. Det er berre det Gud seier som tel! Profeten er styrt av ordet frå Guds munn.

På ny sa Herren at han skulle gje dei det dei bad om, og han gjorde så. Han tviheldt ikkje på si stilling som dommar eller leiar av folket. På Guds ord la han villig ned leiarstillinga si for å setja inn ein konge etter folket sitt ønskje.


Profeten åtvarar folket om følgjene av valet deira, å ha ein konge

Før Gud let dei få det dei vil ha, må profeten åtvara dei om følgjene av det valet dei har teke (1.Sam.8,11-18). Er det verkeleg slik at dei vil gje opp republikken for å få ein eineveldig konge som godt kan visa seg å vera ein tyrann? Ville dei verkeleg gje opp det fredelege, glade og rolege livet dei hadde som Guds folk, berre for å få ein konge som ville tvinga sønene deira til å verta soldatar og føra krig? Ville dei verkeleg gje opp draumen om å leva i Guds vern og velsigning, for å få ein konge som ville leggja tunge bører på dei? Krig i ein skala dei aldri før hadde visst om, ville verta deira del, om dei valde å etterlikna styresettet til dei verdslege nasjonane. Guds draum for Israelsfolket var at dei skulle vera eit folk av kongar og prestar, styrte direkte av Kongen som har sin kongstol i himmelen. Ved å vraka å vera styrt av Gud, ville dei verta trælar, slavar, av eit anna menneske. Ved å velja ein konge, gav dei opp all politisk og sosial fridom. Ei styreform som inneber éin sterk leiar med stor makt har aldri vore Guds modell.


Kva gjer profeten når folket vrakar Guds styre?

Naturleg nok likte ikkje Samuel det dei eldste sa. Det kunne kjennast som om dei forkasta han og leiinga hans saman med avvisinga av sønene hans. Men profeten let ikkje dei såra kjenslene sine styra seg i det svaret han gav dei. Som ein sann profet og sjåar gjekk han med ein gong til Gud med saka i bønn. Han forstod at her var det noko meir enn han sjølv det galdt. Folket forkasta Guds direkte styre over seg då dei bad om ein konge.

Continue reading "Kva gjer profeten når folket vrakar Guds styre?" »


Frå profetisk leiing til verdsleg styresmakt

Då profeten Samuel vart gamal sette han sønene sine til dommarar over Israel (1.Sam.8,1). Det minner svært mykje om Fidel Castro som har fått inn i den cubanske grunnlova at broren hans skal overta styret når han døyr. Dette kallar vi nepotisme og det er ikkje noko positivt jamvel om det er ganske vanleg. I Samuel sitt tilfelle, så fekk han ikkje leva lenge i den synda. Sønene hadde ikkje dei same karakterkvalitetane som faren hadde. Folket klaga og ville heller ha ein konge til å styra dei, slik som nasjonane rundt dei hadde. Måten profeten og dommaren Samuel tok dette på, seier svært mykje om den integritet og karakterstyrke han hadde i si usjølviske teneste for folket på vegne av Gud. Han oppførte seg heilt annleis enn øvstepresten Eli gjorde då folket klaga på sønene hans. Samuel nølte ikkje med å setja inn Saul og med det ta sønene sine ut or den dommarfunksjonen dei arva etter faren sin.

Alle dei eldste i Israel samla seg for å bera fram sine ønskje for Samuel. Dei kjende Samuel som ein Guds mann. Dei var trygge på at han ville gjera det som var rett utan omsyn til personleg vinning for hans eigne søner. Dei hadde tydelegvis den tillit til han at han ville gje dei vise råd frå Guds visdom og ikkje følgja private interesser eller gje etter for personlege kjensler. Resultatet rettferdiggjorde tilliten deira, for Samuel viste seg å vera tilliten verdig.


Heimen er eit trygt utgangspunkt for den profetiske tenesta

Samuel fór alltid heim att til Rama; for der budde han, og der bygde han eit altar for Herren. Jamvel om han hadde ei nasjonal teneste og reiste mykje, vende han alltid tilbake til heimen sin i Rama, for der hadde han bygd eit altar for Herren. Han gjekk i fotspora til Abraham, den første som er omtala som profet i Bibelen, han bygde òg altar der han budde. Heimen i Rama hans har utgangspunktet for tenesta hans. Det var bønnelivet og tilbedinga i kvardagen i heimen som låg i botn for alt profeten kunne vera for nasjonen gjennom reisene sine. Vi kan aldri forstå profetane si teneste og påverknad utan å sjå det i samanheng med det skjulte livet deira med Gud i heimen.


Ein omreisande profet

Kvart år drog profeten Samuel ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane. På denne måten fekk folket oppleva eit profetisk nærvær. Sjåaren og gudsmannen drog seg ikkje unna folket. Han levde midt mellom dei. Kvart einaste år la han ut på reisene sine for å gje folket Guds ord og minna dei på pakta med Gud. Han var vis nok til å forstå at ei sentralisert gudsdyrking med ein profet på berre ein stad ikkje kunne halda folket nære Gud. Dei måtte sjå og høyra profeten i sitt eige nærmiljø! Ordet frå Gud måtte verta kjøt og blod – kontekstualiserast – der dei budde. Dei måtte høyra ordet frå Guds munn inn i deira eige stoda, og ikkje berre få generell og prinsipiell undervising langt bortanfrå! Han sette i gang med profetskular kor han lærte og øvde opp profetlæresveinar som hjelpte han med å gjennomsyra folket med Guds ord.


Heilaggjord autoritet

Profeten Samuel er eit ypparleg døme på heilaggjord autoritet. Han var ein sann Guds tenar.  Det finst to slags autoritet. Den første er den som må haldast oppe med makt og den andre er den kjem av karakter og usjølvisk teneste. Samuel var av denne andre typen. Den første er vanskeleg å få og kanskje endå vanskelegare å halda på. Han er tyrannane sin eigedom. Den andre kjem av seg sjølv til dei fattige i ånda, dei audmjuke og reine av hjarta. Samuel hadde autoritet i kraft av det reine og heilage livet han levde. Han kunne leia folket på grunn av den han var. Han var den han var på grunn av tidleg fostring og framhaldande vokster i karakter. Ingenting har større påverknad enn eit reint liv!


Ein profetisk minnestein

Profeten Samuel reiste då ein profetisk minnestein som han kalla Eben-Eser og sa: ”Til no har Herren hjelpt oss!”  Han gjer det same som profeten Moses hadde gjort tidlegare på eit ord frå Gud då Israelsfolket hadde gått over Jordan og kome inn i det lova landet ved Gilgal. Dette fortel meg at det å reisa minnesteinar for Guds folk er ein del av den profetiske tenesta. Desse minnesteinane hjelper folk å leva i trua på Herren som har hjelpt dei i vanskelege tider og vil hjelpa dei i nye vanskar dei måtte møta.

Minnesteinen Eben-Eser var eit profetisk teikn, ikkje berre eit minne om ein stor siger på slagmarka til eit tidlegare nederlag, men eit teikn på ein ny start for Guds folk. Det var eit teikn på eit nytt verk av Anden mellom dei. Det var eit teikn på ein ny einskap og nytt samhald mellom folket. Det var ein profetisk minnestein som skulle minna folket om at Gud hjelper dei som søkjer han. I dette tilfelle var det òg eit teikn på ei åndeleg oppvaking og fornying som varte så lenge profeten levde.

”Såleis vart filisterane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filisterane så lenge Samuel levde” (1.Sam.7,13).

Filisterane fekk aldri meir herredømme over Israel. Sant nok var det ein lang og hard kamp, både med kongane Saul og David, inntil dei vart knuste. Herrens hand låg tungt på filisterane så lenge profeten levde. Den profetiske minnesteinen stod som eit vitnemål om Guds hjelp og nærvær hjå eit folk som gjev akt på det profetiske ordet.


Profeten møter motgang og motstand med bønn

Reaksjonen frå filisterane kom med ein gong dei høyrde om samlinga i Mispa der avgudane vart øydelagde og folket vende tilbake til Israels Gud. Vekking skaper alltid motstand. Verden liker ikkje at Guds folk tek radikale oppgjer med synd og falsk religiøsitet. Når Guds folk gjer seg fri det verdslege og religiøse åket som fienden har lagd på dei fylker verden alle sine hærar for å knusa dei og leggja dei under seg på ny.

Då folket høyrde om filisterane som samla seg til strid, sa sei til profeten: "Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet" (1.Sam.7,8). Då ropa Samuel til Herren for Israel, og Herren svarte han. Gud sende eit sterkt torever over filisterane og forvirra dei, slik at Israel vann på dei. Profetisk forbønn i samsvar med Guds vilje også i vår tid føra til stor framgang for Guds folk.


Nye profetiske handlingar

Samlinga i Mispa (1.Sam.7,4-6) innebar ein ny start for Israelsfolket. Profeten Samuel ville oppnå to ting med denne samlinga. Først ville han gjenreisa folket til rett forhold til fedrane sin Gud. Han ville gjera det klart for alle at den nasjonale vekkinga hadde ført til heilhjarta omvending. Så ville han gå i forbønn for folket og be Den Allmektige om å gripa inn og gjenreisa folket til fullt rådvelde over det lova landet. Både det å fortelja folket om deira sanne stilling og det å gå i forbønn for dei er, er grunnleggjande i ei profetisk teneste.

Continue reading "Nye profetiske handlingar" »


Profeten kalla folk saman

Profeten tolka den stoda folket var i. Då forstod Samuel at tida var inne til å kalla saman heile Israelsfolket for å gje dei ei profetisk utfordring. Han kjende i si ånd at tida var inne for utfriing og gjenreising. Han visste at no var tida komen då Gud ville gripa inn, for no hadde folket den rette innstilling og vilje til sann omvending. Heile folket lengta etter Gud og hans nærvær. Då stod profeten fram med ein bodskap til heile nasjonen.

Og Samuel sa til heile Israels-folket: "Vender de om til Herren av eit heilt hjarta, så få bort dei framande gudane og Astarte-bileta! Vend hjarta dykkar til Herren og ten han! Så skal han fria dykk frå filistarveldet." (1.Sam.7,3)

Continue reading "Profeten kalla folk saman" »


Nasjonal oppvakning

Då sukka heile Israels hus etter Herren (1.Sa.7,2NB). Då vende heile Israelsfolket seg til Herren (7,2).

Det var nå gått lang tid sidan filistarane slo Israel i slaget ved Afek og tok paktkista frå dei. Då paktkista valda mange vanskar for filistarane sendte dei henne tilbake til Israel, og no hadde paktkista stått i Kirjat-Jearim i tjue år. I desse åra må profeten Samuel ha arbeidt hardt for å få folket til å venda tilbake til fedrane sin Gud. Den beiske lærdomen frå Afek hadde lært han at det åndelege forfallet var så stort at det ikkje var nok med små ytre endringar for å få Guds vernande velsigning attende til folket på ny. Han forstod at det trongst eit djupgåande verk i hjarte og karakter for å få folket til å verta det Gud ville dei skulle vera.

Continue reading "Nasjonal oppvakning" »


Profeten vekkjer hunger etter Gud

I tjue år hadde profeten Samuel arbeidt for å få folket til å sjå samanhengen mellom gudsdyrking og menneskeleg fridom. Då dei innsåg at avgudsdyrking og moralsk forfall var fråfallet frå Herren og grunnen som førte nasjonen ut i ulukka, vart lengten til Gud tend på ny. Profeten sitt arbeid hadde vekka opp ein hunger etter Gud og hans velsignande nærvær hjå store lag av folket.

Continue reading "Profeten vekkjer hunger etter Gud" »


Profetord og overmot

Samuels ord kom ut over heile Israel. Og Israel drog ut for å strida mot filistarane. 1.Sa.4,1

Det er mange ulike meiningar om plasseringa av desse to setningane og som gjer at dei kan forståast på ulike måtar. I Bibelselskapet sin Bibel er den første setninga, om at det Samuel sa gjekk ut til heile Israel, plassert i samanheng med det som står i verset før (3,21). I Norsk Bibel si utgåve, som eg har sitert ovanføre, ser det ut som om det er ein klår samanheng mellom dei to setningane i 1.Sam.4,1.

Continue reading "Profetord og overmot" »


Herren openberrar seg fro profetane gjennom ordet sitt

Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord. 1.Sam.3,21

Desse orda fortel om Samuel sitt framhaldande fellesskap med Den Evige Eg Er, Herren Allhærs Gud. Herren heldt fram med å gje seg til kjenne for Samuel. Han tala til han gjennom Ordet sitt. Dette er eit kjenneteikn på den profetiske tenesta, fellesskapet med Gud der Gud openberrar seg gjennom Ordet sitt. Ordet er det mediet Gud bruker til å gjera seg kjend gjennom. Når Gud talar syner han oss kven han er. Herren openberrar seg gjennom ordet sitt. Her ser vi også kva som er kjernen i den profetiske tenesta, å ta imot ord og bodskap frå Gud. For å kunna fungera i ei profetisk teneste må vi leva i eit nært forhold til Gud så han kan tala til oss.


Å verta tiltrudd å vera profet

Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1.Sam.3,19)

Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje likar å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod det første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.

Continue reading "Å verta tiltrudd å vera profet" »


Gud kallar Samuel

Forteljinga om koss Samuel vart kalla til profet er svært gripande. Fram til denne stunda hadde Samuel tent Herren under tilsyn av Eli, eller som det òg kan omsetjast, hadde tent Herren framfor andletet eller åsynet til Eli. Han kjende ikkje Herren personleg, heile hans teneste for Gud gjekk gjennom Eli. Han gjorde det Eli bad han om, og han gjorde det på den måten Eli synte han det skulle gjerast. Han hadde aldri høyrd Guds røyst. Han hadde enno ikkje møtt Gud i Ordet. Han tente Gud utan å kjenna han. Men på grunn av sin truskap i å tena under tilsyn av øvstepresten, var han no kome til eit vendepunkt i livet sitt. No kom Gud til han og kalla på han.

Continue reading "Gud kallar Samuel" »


Sjeldne ord - få syner

Herrens ord var dyrt i dei dagar, av syner var det få. (1.Sam.3,1)

Frå Moses til Samuel, ei tid på fleire hundre år, var det ingen godkjend profet i Israel. Det var folk som hadde openberringar og so bar fram Guds ord, men det var ingen profet med nasjonal godkjenning. I den tida Samuel voks opp var det sjeldan at det kom profetord. Vi høyrer berre om ein ukjend profet, og han er den første vi høyer om etter Debora som profetere under palmetreet sitt til dei som kom til henne. Det var med andre ord ikkje vanleg på denne tida at ein gudsmann, ein sjåar eller profet bar fram Herrens ord og kunngjorde Guds vilje.

Continue reading "Sjeldne ord - få syner" »


Under tilsyn i Guds nærvær

Guten Samuel tente Herren, og Eli hadde tilsyn med han. Herrens ord var dyrt i dei dagar, av syner var det få. (1.Sam.3,1)

Det verker som vi her får eit oppsummering av livet til Samuel så langt. Han som skriv er velkjend med den store endringa som Israelsfolket gjekk gjennom då profeten Samuel arbeidde mellom dei. Nest etter Moses er Samuel den personen som har hatt mest å seia for utviklinga i Israelsfolket.

Denne korte setninga, ”guten Samuel tente Herren, og Eli hadde tilsyn med han,” har ingen detaljar om koss livet arta seg for den komande profeten. Likevel seier det oss at Samuel voks opp i ein rein og heilag atmosfære. Guten var heilt tydeleg ikkje påverka av dei to sønene til Eli som stod for den utøvande prestetenesta på sitt vonde og sjølviske vis. Den øvsteprestelege tilsynsmannen var klar over det viktige oppdraget han hadde i å halda guten usmitta av synd og heilhjarta for Herren. Den gamle leiaren ville ikkje at Samuel skulle verta lik sønene sine.

Continue reading "Under tilsyn i Guds nærvær" »


Samuel gjorde framsteg og vann velvilje

Men dei høyrde ikkje på det far deira sa, for det var Herrens vilje å la dei døy. Men guten Samuel gjekk fram i alder og velvilje både hjå Herren og hjå menneske (1.Sam.2,25b-26).

Kontrastane er store når det gjeld sønene til Eli og Samuel. Dei første var vonde og egoistiske. Dei tok ikkje imot rettleiing. Dei høyrde ikkje på far sin som tala dei til rettes og åtvara dei. Dei hadde gått så langt i si vanvørdnad av folket og Herrens offer at det ikkje var håp for dei lenger. Dei hadde vorte så forherda i si synd at dei ikkje eingong ville høyra på sin eigen far som var øvsteprest. Det er skræmande å sjå at Gud gav dei opp og ville la dei døy.

Continue reading "Samuel gjorde framsteg og vann velvilje" »