11 entries categorized "Profetord"

Profetordet står fast!

Peter er opp i åra og forstår at han ikkje har lenge att å leva og skriv for å hjelpa dei kristne til å svara på spørsmål frå tvilarar og forførarar:

Kor vert det av oppfyllinga av profetorda? Kristus har ikkje kome, kanskje han ikkje kjem? Dei kristne forventingane må vera feil!

Ikkje høyr på slike negative røyster, sa apostelen. Me kunngjorde vår Herre Jesu Kristi makt og kome for me var augnevitne til hans guddommelege velde. Det me forkynner er

- ikkje oppdikta eventyr

- ikkje klokt uttenkte mytar

- ikkje tome og menneskelege draumar

Me har høyrd frå Gud. Me har sett hans guddommelege velde. Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud (2.Pet.1,16-21).

Continue reading "Profetordet står fast!" »


Eg ser folk reisa seg

Eg såg at heile landet vårt var i rørsle. Kor eg vende meg såg eg folk reisa seg ein etter ein. Det var som dei høyrde det same kallet og fylgde den same røysta. Denne røysta frå Gud fekk folk til å bryta opp. Dei kom frå mange kantar. Ein og ein stod dei opp og tok til å gå. Då dei fylgde røysta og gjekk fann dei kvarandre, små grupper på to og tre vart til grupper på 10 – 20 – 50 – 100 – 1000 + + . Dei vart ein stor hær av menneske som stod skulder til skulder og gjekk fram hand i hand. Eg såg dei koma frå nord og sør, frå aust og vest. Eg såg sei koma frå den minste bygd og den største by. Eg såg dei koma frå den inste dal og fjord og frå ytste øy. Frå Finnmark i nord til Agder i sør. Frå Hedmark og oppland i aust til Hordaland og Rogaland i sør. Eg såg dei koma frå alle kantar av landet. Det var som ei usynleg hand førte dei saman. Eg såg ein stor hær i rørsle gjennom landet vårt.

Continue reading "Eg ser folk reisa seg" »


Gud opnar handa si

Når eg har vore i bønn for påskekonferanse vi skal ha i Kristkirkens lokale, har Gud gjeve meg eit syn. Fire gongar såg eg Gud opna handa si i ei stor samling av hans eige paktsfolk.

Den første gongen han opna handa si kunne eg sjå at ho var full av all slag god og sunn mat. Folk kunne koma og eta heilt gratis og verta metta. Det var ingen mellom menn, ingen som stod mellom Gud og folket. Alle kunne koma rett fram til Gud og ta imot frå han. Dei som kom vart heilt mette, det vart slutt på svolten, dei vart fornøgde og tilfredse. Den gode og sunne maten gjorde folk sterke og sunne. Dei fekk styrke og helse rett frå Guds hand.

Den andre gongen Gud opna handa si kunne eg sjå at han delte ut arbeidsuniformar. Desse arbeidsuniformane hadde ei veldig synleg Gudsrikeidentitet og ein mindre synleg tenesteidentitet. Då folk tok på seg desse nye arbeidskleda såg eg at dei utvikla ei veldig sterk Gudsrikeidentitet, og dei vart veldig medvetne om deira kall i livet. Arbeidsuniformen hjelpte dei å fokusera på deira oppdrag i livet i å representera Guds rike i arbeidet og kvardagen deira.

Den tredje gongen Gud opna handa si kunne eg sjå at handa hans var full av verktøy og arbeidsreiskap. Når folk kom og fekk sin eigen personlege verktøykasse vart dei mykje meir effektive i deira daglege teneste. Det vil vera meir dekkjande å seia at dei vart meir fruktbare då dei tok imot det organiske arbeidsutstyret frå Guds hand.

Eg vart heilt overraska då eg såg Gud opna handa si fjerde gongen. Denne gongen var handa hans full av snop! Ja, handa hans var full av all slags snop! Då folk kom og smakte på snopet vart dei fulle av glede og lukke. Heile samlinga eksploderte av glede. Folk lo, dansa, hoppa og omfamna kvarandre. Eg har aldri før sett eit slikt uttrykk for glede som eg såg då folk åt snopet frå Guds hand.


Mørket må vika for Ordets lys

Vi var samla til bønn og bad for ein flokk kristne på ei øy. Medan vi bad såg eg brått eit bilete framføre meg.

Eg såg heile øya og området rundt tydeleg for meg. Det var som eit mørke ville senka seg over øya. Ei stor svart og mørk sky la seg over området. Ut or skya kom det lange, kvasse klør som skilde kristne menneske frå kvarandre. Det var ikkje noka hyggjeleg syn og heldigvis varte det ikkje lenge før eg såg noko nytt.

Continue reading "Mørket må vika for Ordets lys" »


Ei tid med velsigning

Vi var samla til bønn og  eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, - det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.

Continue reading "Ei tid med velsigning" »


Ei ny tid med velsigning

Vi var samla til bønn og eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, - det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.

Continue reading "Ei ny tid med velsigning" »


Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!

Då eg i 1977 arbeidde på ”Condeepen”, oljeplattforma som no er kalla Statfjord A og vart bygd i Jåttåvågen ved Stavanger, hadde eg ei natt ei sterk oppleving med Herren. Eg hadde nett lese profeten Esekiel fortelja korleis Herrens hand kom over han og førte han til ein dal full av tørre bein. Det synet Esekiel såg og det han opplevde, opptok meg svært mykje. Eg gjekk på dekket, mellom dei 120 meter høge skafta på ”Condeepen” og venta på å få ein av kranførarane i tale for å flytta noko utstyr til dei som skulle montera det. Denne natta var det mange som hadde bruk for kranane og eg måtte venta på tur, difor brukte eg ventetida til å be.

Continue reading "Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!" »


Tidsskifte – tideverv

Gud har gjort noko i det usynlege
Eg vil de skal vita kva eg har gjort i det usynlege, seier Herren. Eg vil de skal forstå det eg har gjort i det åndelege. De er midt inne i eit tidsskifte, eit tideverv (ei tid då den historiske utviklinga tek ei ny vending). I sanning har de gått inn i ei ny tid, det er ein ny dag og de skal merka det på mange måtar, men først og fremst vil eg at de skal skjøna kva eg har gjort. Gjennom tre bilete frå det synlege vil eg syna dykk kva eg har gjort i det usynlege.
Flod og fjøre
Tidvatnet har snudd! Vatnet stig, det går ikkje tilbake lenger. Faktisk er det slik at den åndelege vasstanden alt er på sitt høgste (i forhold til dei vanlege svingingane i flod og fjøre), men kjem ikkje til å gå tilbake. Det vanlege mønsteret med slike svingingar er brote. Den flod som no er på gang, vil gå over alle breidder og sprengja alle forventingar. Floda berre stig og stig, dette er ei ny tid, det gamle mønsteret er brote. Dette er eit mektig tidvatn, ein flaum som sprengjer alle grenser.
Eit kapittel er avslutta!
De har lese eit kapittel i mi bok og de har med rette lese dykk sjølv inn i det de har lese. Det kapittelet er no avslutta. Sida er vend, alt dette ligg bak. No skal de ikkje lesa eit nytt kapittel, men sjølve vera med på å skriva eit nytt kapittel! Det er slutt på å lesa seg sjølv inn i ferdigskildraroller frå ei tid som har vore. No er det tid til å leggja alt det som høyrer fortida til bak seg. No er det tid til å skriva eit nytt kapittel sjølv, på nye og blanke ark. Eg vil bruka dykk til å skriva eit nytt kapittel i kyrkjesoga i Noreg. Denne byen skal vendast til meg. Denne nasjonen skal kristnast! Det er det kapittelet de no skal skriva. De veit ikkje no korleis dette skal gå til, men eg veit kva eg vil gjera, og når de legg ting bak dykk vil de få vita kva de skal gjera.
Ei stor opna dør på vidt gap.
Sjå, eg har opna ei stor dør for dykk! Dette er noko eg har gjort og ingen kan lukka denne døra! Når de går inn gjennom denne opne døra, vil de finna at de vert opne dører sjølve som mange menneske kan gå inn gjennom. Ja, de skal opna for veldig mange menneske så dei kjem inn i mitt nærvær. Eg gjer dykk til hengsler som snur tida, nærmiljøet og heile samfunnet opp mot Guds rike. Den store opne døra mi inneber at de skal sjå på alle menneske som ei dør som står på gløtt og som de skal slå vidt open.

Høyr, eg gjev dykk tre nøklar for å kunna leva i dette tidsskiftet:

Ei vaken tru
Vak og bed! Vak og bed! Ver vakne! Ver vakne! Eg seier dette om att og om att for om de ikkje er vakne vil de ikkje sjå og skjøna kva eg gjer i denne tida. Ha ei vaken tru! Ha ei tru som er vaken for meg, for eg vil koma på nye måtar. De vil ikkje alltid føla mitt nærvær eller høyra mi røyst på same måten som før, difor må de ha ei vaken tru så de kan gje meg ei trussvar og handla i tru. Tru, innsikt og forståing vil koma til dykk om de er vakne!
Eit høyrsamt hjarta
Høyr kva Anden seier i denne tida! Ha eit høyrsamt hjarta! Det er dykkar evne til å høyra kva Anden seier som vil avgjera koss eg kan bruka dykk i denne tida. Høyr kva Ande seier til kyrkjelyden, men ikkje avgrensa dykk til det. Ha eit høyrsamt hjarta når de er saman med naboar, venner, arbeidskameratar og de vil kunna gje dei mitt ord. Ha eit høyrsamt hjarta i forhold til leiande folk i samfunnet så de kan gje dei mitt no-ord! Slike ord vil verta tekne imot og folk vil få hjelp på mange ulike område i livet.
Ei villig ånd
Ha ei villig ånd og ver kvikke til å fylgja Anden. Ver snare til å gjera det Anden seier. Ver villige til å fylgja impulsar frå Anden. Når Andens vind bles, lat dykk villig føra avgarde! Ting hender så fort i denne tida og de må vera vakne og villige til å gripa anledningane og verta leia av Anden!