13 entries categorized "Husforsamling"

Små og store gleder

Eg takkar Gud for livet kvar einaste dag. Kvar dag er ein nåde dag. Eg har kome i ein alder der eg har lært at eg ikkje kan ta noko som sjølvsagt lenger. Kvar dag takkar eg for livet. Kvar dag takkar eg for små og store gleder. Det er alltid nok å takka for. Me bur i eit av dei beste landa i verda. Me lever i ein velferdsstat med godt helsevesen og gode pensjonsordningar. Våre politikarar har forvalta oljerikdom på ein god måte. Ingen treng å lida naud i samfunnet vårt.

Fullsizeoutput_177a5

Her me bur i huset i skogen ser me Guds under i alt som blømer, veks og ber frukt. Me har alt hausta inn mykje ber. No er aroniabuskane snart klare til innhausting. I år er dei fulle av flotte svar ber som er fulle av sunne antioksidantar. Plommene har me alt teke til å hausta inn. Eplene står for tur. Grønnsakene nyt me til middagen. For ei glede å kunna nyta vår eiga avling. 

Fullsizeoutput_177b4

I dag har eg oppdaga at eg er i slekt med sjølvaste Arne Garborg. Min tipptippoldefar var bror til Arne Garborg sin bestefar! Det vil seia at min tipptipptippoldefar var Arne Garborg sin oldefar. Det er jo litt langt ute i slekta, men for ein nynorskmann er det stor stas å vera slekt i den store diktaren. Slektsforskning har vorte ein kjær hobby i det siste. Det er gildt å oppdaga kven forfedrane er og kor slakta kjem frå. Eg er så barnsleg at eg finn glede i slike små ting.

Å vera gift med ei kone som berre blir gildare og gildare, det er ei av dei store gledene i livet mitt. Me har snart vore gift i 55 år og det er mykje å takka for. Dei seks barna våre har gjeve oss store glede og dei ti barnebarna er stadig ei kjelde til glede. Gud har vore veldig god mot oss og velsigna oss på så mange måtar. 

Huskjerkå vår er i ferd med å verta ei skikkeleg bygdeforsamling. Det gler oss stort. Fellesskapet er varmt og inkluderande. Familiesamlingane og måltida saman med små og store kastar glans over kvardagen og reiser ein himmel over livet. 

Det finst kanskje ikkje større glede enn å vita at namnet vårt er skrive i livsens bok i himmelen. Å vita at me er fødde på ny til eit levande håp ber oss gjennom dei mange utfordringane i livet. Det er sant at livet ikkje er ein dans på roser. Me får alle vår del av vanskar, motgangar og utfordringar. Livet kan vera skjørt og skrøpeleg, men så lenge det er liv er det grunn til glede!

 


Levande fellesskap

Eg drøymer om levande fellesskap

som er nyskapande i si organisering av livet,

og kryssar gamle grenser,

bryt ny mark og lever i skapande fornying,

og dannar nye tillitsskapande nettverk

som alltid strekkjer ut eit hand til forsoning

og fellesskap med dei utanføre,

som set si ære i å setja saman

og utvikla sterke arbeidslag

og er snare til å utnytta ny teknikk og

nyvinningar på alle område

når det hjelper menneske til eit betre liv


Nyklar til framgang i misjonsarbeidet

Eg har dei siste dagane vore på reise i Nord Noreg med Zephry D’Souza frå India. Han fortalt nokre oppmuntrande og gripande forteljingar om framgang for evangeliet midt i tider med forfylging. Eg trur me har mykje å læra av dei kristne i India. Zephry vil gje Gud æra for all framgang, men seia at han har gjeve dei tre bibelske prinsipp som på mange måtar forklarar voksteren mange forsamlingar opplever i India.

Continue reading "Nyklar til framgang i misjonsarbeidet" »


Forsamlingar som kjem saman i heimane til folk.

Overskrifta til dette innlegget mitt har dynamitt i seg. Denne enkle overskrifta seier i få ord kva ”menighet” er. Eg er så takksam til Bibelselskapet som i den nye bibelomsetjinga har skifta ut det gammalmodige ordet kyrkjelyd med forsamling. Kyrkjelyd ber i seg det å samlast i og høyra til ei kyrkjebygning. Ordet forsamling seier ingenting om samlingsplassen, berre at folk er samla. Forsamling er den beste norske omsetjinga av det greske ordet ekklesia og eg skulle ynskja at bokmålsbibelen også hadde brukt det same ordet. På bokmål er ”kirken” delt i to kategoriar, ”geisteligheten” og ”menigheten”. ”Geisteligheten er dei utdanna og ordinerte prestane og biskopane. ”Menigheten” er dei ”menige”, dei som ikkje høyrer til leiar- eller toppsjiktet. Denne todelinga strir mot ei nytestamentleg forståing av Guds forsamling! (Difor burde alle kristne slutta å bruka ordet ”menighet” og heller snakka om forsamling eller fellesskap.)

Continue reading "Forsamlingar som kjem saman i heimane til folk." »


Eg drøymer om eit fellesskap kor alle samlingar er merka av Guds nærvær for dei er samlingar av lengtande menneske.

Eg drøymer om samlingar av menneske som kjem til kort, men veit kor det er hjelp å få.

Eg drøymer om samlingar av menneske som har smakt Guds nåde og har mista trua på alt menneskeleg strev.

Eg drøymer om samlingar av menneske som veit at dei skuldar han som gav seg sjølv for dei alt.

Eg drøymer om samlingar av menneske som trur at Gud lønner dei som med iver søkjer han.

Eg drøymer om enkle samvær av menneske som har lært å vera seg sjølv og som gjev rom for og oppmuntrar alle til å leva ut deira eigenart i frigjerande glede av å vera godteken av berre nåde.

Eg drøymer folk om som ser Guds nåde i kvarandre når dei må sanna synd og be om tilgjeving.

Eg drøymer om samlingar kor varme, kjærleik, tilgjeving, omtanke ikkje er noko ein snakkar om, men levd liv som syner seg i haldningar, ord og gjerningar.


Wolfgang Simson utfordrar!

Wolfgang Simson er ein nær medarbeidar til Victor Choudrie som eg møtte i India for nokre år sidan. Gud brukte dei til å starta ei rørsle av husforsamlingar som startar husforsamlingar. I dag er det mange slike multipliserande nettverk av husforsamlingar i India, Bangla Desh og Pakistan. I 1996 starta dei 50 nye husforsamlingar i India. I 1997 braut Gud inn mellom dei og talet steig til 750 nye husforsamlingar. I dag er det om lag 200.000 nye og levande husforsamlingar i India. I Bangla Desh har 600.000 muslimar kome til tru på Kristus og vorte døypte og lagde til nye husforsamlingar dei siste åra. I Pakistan har det berre den siste månaden vorte starta 2-3000 nye husforsamlingar!

Continue reading "Wolfgang Simson utfordrar!" »


Levande kristentru smittar

Eg har vore på seminar med Wolfgang Simson i Kristkirken i Bergen sist helg. Arrangørar var Oase, Doulos Nettverket og Kristent Nettverk. Mykje av det vi høyrde i undervisinga kan lesast i boka ”Houses that change the world” som nettopp har kome på norsk med tittelen: ”Hjem som forandrer verden”. Dette er ei bok vi treng å lesa under bønn med, eit ope hjarta og vilje til handling. Nøkkelen til framtida ligg hjå dei kristne som har lært å høyra Guds røyst og som er kvikke til å gjera det han seier. Det sunne kristenlivet og den smittande trua finst hjå dei som elskar Gud over alle ting og som lyder han!

Les kva dei kristne avisene skriv om seminara:

Menigheten er en måte å leve på

http://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8941

Kyrkjelyden - å koma saman

http://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8946

Spår tusenvis av husmenigheter i Norge:

http://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060307/ARTIKLER/60307004/1003

Fristet til å satse på husmenigheter

http://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060308/ARTIKLER/60307048/1003

Jesus reformerer kyrkja under føtene på oss

http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9540

Evangeliet eksploderer

http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9541

Det handler om å forandre kyrkja innanfrå

http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9543

Har lyst til å starte huskyrkje sjølv

http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9544

Ønsker mange husmenigheter

http://www.magazinet.no/default.asp?menuid=&linktype=2&linkid=22579

Kva seier Gud til deg gjennom desse artiklane?

Legg att ein kommentar så vi kan få til ein dialog!


Lær av dei kristne i India!

For nokre år sidan møtte eg tidlegare sjefkirug Victor Choudrie i India. På kall frå Gud slutta han å praktisera som kirug og tok til å trena kristne til å gjera disiplar og starta husforsamlingar. Gud har brukt han, saman med andre, å starta meir enn 6000 husforsamlingar på nokre få år. Vi kan læra av den bibelske og organiske forståinga av kyrkja sin natur og forsamlinga si funksjon, då alt misjonerande arbeid spring ut frå dette.

Continue reading "Lær av dei kristne i India!" »