Solveig og eg har vore gift i snart 54 år og det eg skriv i dette diktet har rot i det livet me har levd saman. Me har hatt våre vanskar og utfordringar, som alle andre, men har fått hjelp frå Gud til å løysa dei og vera trufaste mot kvarandre. Sjølv om det av og til har storma, lyna og tora er me lukkelegare i ektepakta vår i dag enn nokon gong! Når me kjem til kort, kan me audmjuka oss og be om tilgjeving. Me kan også tilgje når den andre ikkje ser si eiga synd.
Eg ønskjer ikkje å vera moraliserande, men heller oppmuntra og skapa tru på at det går an å leva på ein kristen måte i ekteskapet ved Guds nåde.
Å vera eit godt menneske
er å gifta seg
og våga å gje seg sjølv
til eit anna menneske
for heile livet
berre på grunn av kjærleik.
Å gifta seg
er å gje frå seg retten
til eigne suverene avgjerd,
for å læra å lytta og verdsetja
dei synspunkt og meiningar den andre har
- før avgjerd vert tekne saman!
Å gifta seg
er å våga å opna opp livet sitt
og dela det heilt og fullt
- med den du elskar!
Å vera eit stort menneske
er å verta verande i ektepakta
trass ulikskapar og motstridande interesser.
I truskapen til kjærleiken
vil du finna styrke og visdom
til å overvinna store utfordringar
og kjempa deg gjennom kampane,
for å vinna kjærleikstriden,
ved å leggja livet ditt ned
for å gjera ektemaken lukkeleg.
Å vera gift
er å vera til for kvarandre.
Me er hender og føter for kvarandre.
Me er auge og øyre for kvarandre.
Me gjer kvarandre gode
og får fram det beste i kvarandre.
Me fordoblar evnene våre
og spreier velsigning til vennene våre
- medan me lukkar munnen
på den vonde fienden: Anklagaren.
Å vera gift
er å dela uro og sorg
og å lindra smerte og gjera ho mindre.
Men å vera gift er fyrst og fremst
å dela lukka saman med den du er glad i.
Når ein er to om gleda
er alt det vakre venare
og alt det gode er endå betre.
Å vera gift
er å læra å meistra livet saman,
ved å halda lysta og begjæret i taumar,
ved å setja den andre fyrst,
ved å syna omtanke i små og store ting i kvardagen,
ved å kappast om å heidra kvarandre.
Ekteskapet er paktseglet på ein ubryteleg vennskap.
Det er ein drikk frå den skjulte kjelda
- framande kan ikkje nyta ho
- ho sildrar fram som eit evig oppkome
- men er utilgjengeleg utanfrå
Gled deg over din ektemake,
den utvalde som du elskar,
fryd deg støtt saman med den du har kjær
og lat alltid kjærleiken gjera deg ør!
Å vera gift
er å vera eitt kjøt
og saman danna ei sjel
og reinsa si gudsdyrking
ved sin innbyrdes kjærleik.
Å vera gift
er å vera bunden til ektemaken
med band som er sterkare enn døden!
Det er å sjå seg sjølv i den andre
og elska varmt og trufast!
Ekteskapet har sitt opphav i himmelen,
men høyrer til på jorda.
Det er som eit spennande eventyr
skrive av Guds eigen finger
i to menneskehjarte
som utforskar kjærleiken saman.