9 entries categorized "Current Affairs"

Evangeliet er godt nytt for alle menneske

Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike. Bodskapen hans var radikal og utfordrande. Han demonstrerte at Gud hadde gripe inn i historia for å setja menneske fri frå alle øydeleggjande krefter. Han døydde vår død og leid vår straff. Han vann over synda, døden og djevelen. Han stod opp frå dei døde og har fått all makt i himmel og på jord. Han er Herren som frelser og frigjer. Det er verkeleg godt nytt for alle menneske!

Evangeliet er godt nytt for alle barn, for dei er alle verdifulle og elska av Gud. Barnet i morsmage er omfatta av Guds kjærleik. Eit foster, som vart fylt av Den Heilage Ande, var den første til å helsa Jesus velkomen, då han var eit endå yngre foster. Evangeliet er godt nytt om menneskeverd for alle fødte og ufødte barn. Dei må ikkje drepast eller sjåast ned på. Dei er verdifulle og har fått sitt namn skrive i Livsens Bok før dei vart fødde.

Continue reading "Evangeliet er godt nytt for alle menneske" »


Ny abortkamp?

To unge menn prøver å utvida retten til å ta abort. Leiar i AUF, Mani Hussaini, og leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, ønskjer å utvida retten til abort i respektive veke 18 og 24. Begge trur at dei kan få både ungdomsorganisasjonen og moderpartiet med seg i forslaga sine. Dette er veldig ekstremt. Argumentasjonen deira er skremmande. Etisk refleksjon på vegne av barnet er fråverande. Kunnskapsnivået på grunngjevinga er urovekkjande lågt.

Continue reading "Ny abortkamp?" »


Toppmøtet - har Gud ein finger med i spelet?

Media fløymer over av forsiktige kommentarar om toppmøtet mellom president Trump og formann Kim. Det ser ut til å ha gått uventa godt. På førehand har me fått mange negative spådommar om korleis møtet kom til å mislukkast. No ser det ut til å vera svært vellukka. Dei to leiarane har signert eit dokument der dei forpliktar seg til atomnedrustning på Koreahalvøya. Det er fantastisk i seg sjølv, men det står mykje arbeid att for å verkeleggjera dei gode lovnadene.

Norske media er stort sett svært negative til president Trump. Han blir ofte framstilt som ein vinglete klovn. Kanskje sanninga er at han er ein dyktig forhandlar? Eg veit ikkje. Eg har ikkje nok kunnskap til å meina mykje om han. Toppmøtet kom i stand. Dei to leiarane har møtt kvarandre andlet til andlet. Kjemien mellom dei ser ut til å vera god. Kanskje Trump sin strategi har verka?

Eller kanskje dette rett og slett er svar på bønn? Kristne i mange land har bede om fred og forsoning i Korea. Millionar av kristne i Korea har bede om gjennombrot i relasjonen mellom dei to landa. Den koreanske presidenten Moon har spela ei viktig rolle i å få gjennomført toppmøtet. Kan det som no hender vera Guds finger? Svarar Gud bønn? Grip Gud inn i historia? Kan Gud påverka og bøya presidentars hjarte? Kan Gud gje dei tankar om kva dei bør gjera?

Profetane i Bibelen seier mykje om Gud som herskar over heile universet. Dei såg Guds finger i dei fleste politiske hendingar i si samtid. Dei tala om fred og forsoning som skulle koma med fredsfyrsten. Dei forkynte om våpen som skulle gjerast om til jordbruksreiskap og at Gud skulle gjera slutt på krigane på jorda. Kanskje dette toppmøtet og det dokumentet som har vorte signert kan vera ei lite steg på veg mot fred og forsoning? 


Herren set kongar av og set kongar inn

Me har vore gjennom nokre politisk dramatiske dagar i landet vårt. Landet kunne vorte kasta ut i politisk kaos. Eg trur at det berre er på grunn av bønn frå mange kristne at landet vårt er spart for regjeringsskifte med all den uro og uvisse det ville innebera. No er det tid for endå meir bønn. Sterke og splittande krefter er verksame i nasjonen. Folk på alle sider av dei politiske skiljelinene treng vår forbønn. Ikkje minst må me be for oss sjølve, for kristenfolket i Noreg, at me må vera audmjuke og miskunnsame så me kan vera med å skapa fred og forsoning i folket vårt. Ingen er tent med den polariseringa me no ser.

Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det. Redaktør Selbekk i Dagen sa at det ville vera ”u-Listhaugsk”. Korkje partileiaren eller statsministeren hennar hadde bede ho om å gå. Media seier at Listhaug hadde regien heilt åleine. Det trur eg er feil. Eg trur at det er Herren som har hatt regien. Det er han som set inn og det er han som set av (sjå Dan 2,20-21; 4,17; 4,25; 5,21).

Difor seier Guds ord at me framfor alle ting skal bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske. Me skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så me kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt me gjer (1 Tim 2,1-2). Denne apostoliske formaninga treng me å ta inn over oss som aldri før. I denne tida er det altfor mange kristne som blir rivne med i ein oppheta debatt. Mange roper høgt og bruker harde ord. Det haglar med klagemål alle vegar – i alle retningar. Mykje av det eg ser vitnar korkje om gudsfrykt eller vørdnad. Dei mange skuldingane vitnar ikkje om stille og fredelege liv. Det finst eit sinne som skremmer meg. Det vitnar ikkje om tru og tillit til Gud. Eg ser ein aggressivitet frå kristne menneske som ikkje vitnar om nåde, miskunn og trufast kjærleik. Kor er respekten for andre?

Eg har aldri vore ein Listhaug fan. Eg tykkjer likevel litt synd på henne i dette kjøret ho har vore utsett for. Sjølv kallar ho det ein heksejakt. Eg kan forstå at ho opplever det slik. På den andre sida haustar ho berre det ho sjølv har sått. Ho har berre seg sjølv å takka for den stoda ho har kome i. Når ho seier at Hareide sleikjer imanane opp etter ryggen, er det uhøvisk og ikkje ein politikar verdig. Når ho godkjenner at politiet knuser glassruter for å bryta seg inn i eit kyrkjebygg for bortføra ein kristen småbarnsfamilie, står ho ikkje for kristne verdiar og mistar sjølvsagt tillit. Når ho seier at Ap (og fleirtalet på stortinget) er meir opptekne av å forsvara terroristane sine rettar enn å sikra tryggleiken for landet, går ho langt over streken. At ho heller ikkje høyrer på råd frå sin eigen sjef og slettar utsegnet, gjer det endå verre. At ho ikkje audmjuker seg og bed om tilgjeving, men må pressast til ei orsaking, skaper heller ikkje tillit. Men ho skal ha ros for at ho trekte seg og redda regjeringa.

Lat meg skunda meg og seia at du sjølvsagt kan vera ein god kristen og ikkje vera samd i desse vurderingane mine. I politikken er det rom for at kristne har mange ulike meiningar og løysingar på dei utfordringane me møter i samfunnet. Difor må me be for politikarane våre. Me må be om visdom for dei til å velja dei beste løysingane. Me må be om at dei fremjar rett og rettferd i alt dei gjer. Me må be om nåde for dei så dei kan vera samlande og ikkje splittande, at dei skaper fred og ikkje strid.

Tida for Noreg er no. Guds finger er verksam i landet vårt. Han gjer meir bak ryggen vår enn dei fleste av oss er klar over. I desse dagane må me ropa til Gud om nåde og miskunn for land og folk. Måtte han venda fedrehjarta til barna og barnehjarta til fedrane og skapa forsoning. Måtte han lækja dei såra som hat og vonde ord har skapt. Måtte han gje dei trassige det sinn som rettferdige har. Måtte folket vårt kjenna frelse når syndene blir tilgjevne. Måtte lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og styra oss inn på freds og forsoningsveg.

Tekst: Erling Thu


Farlege folk

Det finst veldig mange farlege folk: Farlege journalistar. Farlege leiarar. Farlege sjåførar. Farlege politikarar. Farlege menn. Farlege kvinner. Farlege kriminelle. Farlege religiøse folk. Farlege terroristar. Farlege diktatorar. Farlege doktorar. Farlege lærarar. Farlege utlendingar. Farlege jegerar. Farlege innvandrarar. Farlege kristne. Farlege muslimar. Farlege hinduar. Farlege buddhistar. Farlege soldatar. Farlege pastorar. Farlege biskoppar. Farlege statsrådar. Farlege kateketar. Farlege idrettsfolk. Farlege forkynnarar. Farlege lyttarar. Farlege presidentar. Farlege kongar. Farlege dronningar. Farlege lygnarar. Farlege baktalar. Farlege mordarar. Farlege forretningsfolk. Farlege offiserar. Farlege arbeidarar. Farlege fedrar. Farlege mødrer. Farlege ungdommar. Farlege barn.

Denne lista kan gjerast endelaust lang. Her har eg berre nemnd nokre få av dei mange folka som kan vera farlege. Du forstår kanskje kva eg vil med denne lista? Eg prøver berre å seia, at eigentleg har alle menneske eit farleg potensiale i seg. Bibelen seier at me alle er fødde syndarar. Teologar snakkar om arvesynd og syndig natur.

Continue reading "Farlege folk" »


Yoga

Avisa Dagen fortalde i går at i den komande helga står Yoga på programmet i eit kyrkjeleg seminar om kristen truspraksis. Dialog prest Marianne Bergsjø Gammelsæter seier at Yoga kan vera ei åndeleg øving på lik linje med ulike vandringar, bønneformer, eller for den del, skigåing. Med rette spør Dagen om Yoga er like uskuldig som ein skitur, og slår fast at arrangørane tek Yoga inn i kyrkjevarmen. Dette er ei farleg utvikling eg vil åtvara mot.

Lat meg først slå fast at kroppsøvingar kan vera nyttige til noko, men gudsfrykt er nyttig til alt. Når me kristne går på ski eller er ute i naturen på anna vis, bruker me alle sansane våre og let skaparverket tala til oss. Ein skitur kan vera til stor glede og velsigning og me kan møta Gud i naturen, for alt kjem frå han. Yoga er ingen uskuldig skitur, men heller ein veg inn i heidensk filosofi.

Continue reading "Yoga" »


Min første podcast

I dag har eg vore med på min første podcast. Det er jo ei historisk hending. Slikt må feirast og nemnast slik at flest mogeleg får det med seg. Det er Kjetil Fyllingen, Leder for omGud.net i Norge, Prosjektleder for Preik.tv og nettkonsulent for Damaris Norge, som står bak denne podcasten som han kallar "Lekendelett." Eg trur me kan kalla han ein datamisjonær eller kanskje heller internettmisjonær. Det var ei ære å bli intervjua og han var veldig flink til å stilla gode spørsmål. Tida fór av garde.

Eg gler meg over alle gode initiativ som kristne menneske og organisasjonar eller forsamlingar tek for å forkynna evangeliet og fylla internett med kunnskap om Gud. Kristent Nettverk har nettopp lansert Sennep.net. Denne nettsida ønskjer å inspirera folk til å følgja Jesus i kvardagen. Det er dyktige folk som står bak og eg heiar på dei. Alle slike initiative er positive. 


Kapitalisme

Ein turist går inn på eit hotell ni en liten gresk by. Han legg 200 euro på disken i resepsjonen og går opp for å sjå på rommet. Hotelleigaren tek pengane og spring til slaktaren og betaler rekninga si. Slaktaren tek pengane og fer til bonden for å betala kjøtet han hadde kjøpt på kreditt. Bonden skundar seg til bensinstasjonen for å gjera opp for diesel til traktoren. Han som driv bensinstasjonen får endeleg betalt gjelda til byen si gledesjente. Ho går til hotellet og legg 200 euro på disken som betaling for ”arbeidsrommet” sitt. Turisten kjem ned att til resepsjonen. Han liker ikkje rommet så han tek dei 200 euroane og går. Ingen har fått seg pengar, men heile byen er gjeldfri og framtida ser lys ut i den litle eurosona.

Dette er kapitalisme. Økonomien går rundt fordi nokon heile tida skuldar andre 200 euro.

(Etter Yngve Kvistad i VG)


Eg er trist, men stolt!

Eg er trist på grunn av den tragedien som har råka oss alle. Eg er trist fordi så mange unge menneske har vorte rivne bort. Eg er trist på vegner av alle som har mista sine kjære. Eg er trist på grunn av hatet som har øydelagd ein ung mann og gjort han til ein massemordar.

Men er eg stolt av det norske folket som har stått saman i denne krisa på ein flott måte. Eg er stolt av Kongen og heile kongehuset vårt som har vore nær, teke del i sorga og gjeve oss alle mykje kjærleik og varme. Eg er stolt av statsmistaren vår som har takla denne nasjonale tragedien på ein prisverdig måte. Eg eg stolt av hjelpetenestane våre, politiet, brannvesenet, helsevesenet, Røde Kors og andre frivillige som har hjelpt til. Eg er stolt av dei som hjelpte til med å redda unge menneske på flukt i vatnet. Eg er stolt av mange små og store heltedådar midt i denne tragiske mendinga.

Eg er stolt av statsministar Jens Stoltenberg sine mange gode talar og vil aldri gløyma at "Ondskap kan drepe et menneske, men aldri beseire et helt folk." Eg er stolt av Kronprinsen sin tale på rådhusplassen i Oslo der han sa at gatene var fylt av kjærleik. Eg er stolt av denne og dei mange andre minnemarkeringane som spontant vart arrangert mange stader i landet vårt. Eg er stolt av AUF leiar Eskil Pedersen som kunne stå oppreist, sjå framover og tala til dei ca 200.000 frammøtte med håp og tru, fri frå hemnlyst.

Eg er stolt av det folket som møter vondskap med samhald.

Takk Gud for landet vårt. Takk Gud for folket vårt. Takk Gud for dei mange gode verdiane som ligg i folkedjupet. Takk Gud for dei mange gode, rause folka som bryr seg om kvarandre!