Tony Jessen er 80 år!
23/09/2023
Min gode og trufaste venn, Tony Jessen, har nett vorte 80 år. Han er ein skikkeleg heidersmann som eg set stor pris på. Ingen har ofra så mykje for å ta vare på brorskap og vennskap med meg, som han har gjort. Eg er full av takk i hjartet for det han har betydd og betyr for meg. Tony har eit stort hjarte som bankar for alt Guds folk. Han har alltid arbeidd for å skapa einskap og samhald mellom dei som trur. Truskap til Guds ord og kjærleik til alt Guds folk har kjennerteikna han så lenge eg har kjent han.
Eg vil dela eit utdrag frå boka mi, «Vi er kalla til å æra kvarandre», som Ventura Forlag gav ut både på nynorsk og bokmål. Her skildrar eg det han gjorde for meg og merka meg for alltid:
Våren 1981 skjedde det noko stort som merka meg for livet. Det gode som skjedde var ramma inn av fleire vonde og triste hendingar. Hausten før hadde vi flytta til Farsund for å hjelpa til i ei misjonsforsamling. Tony Jessen var pastor i forsamlinga og vi hadde vorte venner. Vi delte dei same draumane om fellesskap og framgang for Guds rike. Vi drøymde om at Gud skulle få si kyrkje på sin måte.
Vi var sikkert veldig naive og lite vise i måten vi gjekk fram på. Etter åtte månader skar det deg fullstendig mellom oss som var i leiarskapet. Misjonsforstandaren vart kalla inn av dei som ikkje kunne følgja meg og Tony i den kursen vi staka ut. Eg var på ei leiarsamling i Wales då dette hendte. Misjonsforstandaren prøvde å setja seg inn i stoda og den konflikten som hadde oppstått. Han kom til den konklusjonen at det eg og Tony stod for ikkje var i samsvar med det kyrkjesamfunnet stod for. Han sette Tony på val: «Om du skal kunna halda fram som pastor i kyrkjesamfunnet vårt må du ta avstand fra autoritetstrua vi oppfatter at du no står for. Og du må bryta alt samarbeidet med Erling Thu og dei han har kontakt med i Storbritannia, som han samarbeider med»
Tony Jessen vart sett under eit stort press. Han stod i fare for å mista både ordinasjonen og pastorstillinga si. Heile framtida hans stod på spel. Svaret hans var for det første at han ikkje kunne fornekta ei autoritetstru han ikkje hadde. Han vart ikkje trudd då han prøvde å forklara kva han meinte om autoritet og leiarskap. Det andre han sa, var at ein brorskap er heilag og at han ikkje kunne bryta vennskapen med meg og dei gode brørne frå Wales.
Enden på konflikten vart at han mista pastorordinasjonen sin og vi vart begge sletta som medlemmer i misjonsforsamlinga. Eit par månader seinare var vi på ein fornyingskonferanse i Midt-Noreg. Der møtte vi det same kravet frå nokre av gjesteforkynnarane. Om ikkje vi braut kontakten med apostlane frå Wales ville dei boikotta oss. På den tida var vi eit lite team som arbeidde i lag. Dei andre i teamet gav etter for presset og trekte seg frå samarbeidet, men Tony Jessen stod fast. Han vart utsett for mange usanne rykte, men lei audmjukt vanæra knytt til trua på apostlar og profetar i ei tid då det ikkje var populært.
Eg vil æra Tony Jessen for det store offeret han gjorde. Han ofra ordinasjon og pastorstilling for å vera trufast mot visjonen sin. Han måtte bera stor vanære ved å halda fast på vennskap og brorskap. Det han gjorde for meg den våren har merka meg for livet. Ingen andre har gjort noko så stort for meg. Han ville heller vera trufast og bera vanære saman med ein bror enn å nyta menneskelege fordelar kyrkjesamfunnet kunne tilby. Tony Jessen vart ein av pionerane i Kristent Fellesskap. Her har han hatt mange leiarfunksjonar, men vart aldri pastor på fulltid mellom oss. Likevel var han trufast mot kallet sitt. Som forkynnar og sjelesørgjar har han vore, og er framleis, til hjelp og velsigning for svært mange menneske i ulike kristne samanhengar. Han er ei av tenestegåvene frå Jesus Kristus til kyrkja, ein god hyrding med stor omsorg for alt Guds folk.