Vår første grunnlov (Gulatingslova) begynte med desse orda: «Det er opphavet til lovene våre at vi skal be til den heilage Krist om godt år og fred, at vi skal halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg, at han må vera vår venn og vi hans, og Gud venn til oss alle.»
Vi har grunn til å takka Gud for at vi lever i eit fungerande demokrati med stor tillit til styresmaktene. Vi har nett fullført eit nytt val på fredeleg vis og utan påstand om at det har vorte stole, jamvel om det har vorte avdekkja små feil i gjennomføringa av valet. Dette gjorde at eg vart minna om korleis vår første grunnlov begynte med ei oppmoding til bønn. Det er vel ikkje så mange som hugsar innleiinga til Gulastingslova i dag, men det er grunn til å tru at denne lova la grunnlaget for det demokratiske samfunnet vi har i dag.
Det er verdt å merka seg at vår første grunnlov slo fast at lovene våre byggjer på trua på Jesus Kristus og våre bønner om godt år og fred. Vi skulle byggja landet vårt ved å leva i vennskap med Gud, kongen og kvarandre. Med andre ord at vi skulle vera ein nasjon av venner. Det er når vi lukkast med dette at vi lever i velsigning og velstand, i fred og framgang. Vi må takka Gud for at vi framleis er eit samfunn med stor tillit til styresmaktene og til kvarandre. Det er flott å sjå politiske motstandarar vera rause og vennlege mot kvarandre som menneske. Det er bra at folk kan ha motstridande meiningar, men likevel visa respekt til kvarandre.