AP og SP svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn
Tony Jessen er 80 år!

Ein nasjon av venner

Vår første grunnlov (Gulatingslova) begynte med desse orda: «Det er opphavet til lovene våre at vi skal be til den heilage Krist om godt år og fred, at vi skal halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg, at han må vera vår venn og vi hans, og Gud venn til oss alle.»

Vi har grunn til å takka Gud for at vi lever i eit fungerande demokrati med stor tillit til styresmaktene. Vi har nett fullført eit nytt val på fredeleg vis og utan påstand om at det har vorte stole, jamvel om det har vorte avdekkja små feil i gjennomføringa av valet. Dette gjorde at eg vart minna om korleis vår første grunnlov begynte med ei oppmoding til bønn. Det er vel ikkje så mange som hugsar innleiinga til Gulastingslova i dag, men det er grunn til å tru at denne lova la grunnlaget for det demokratiske samfunnet vi har i dag.

Det er verdt å merka seg at vår første grunnlov slo fast at lovene våre byggjer på trua på Jesus Kristus og våre bønner om godt år og fred. Vi skulle byggja landet vårt ved å leva i vennskap med Gud, kongen og kvarandre. Med andre ord at vi skulle vera ein nasjon av venner. Det er når vi lukkast med dette at vi lever i velsigning og velstand, i fred og framgang. Vi må takka Gud for at vi framleis er eit samfunn med stor tillit til styresmaktene og til kvarandre. Det er flott å sjå politiske motstandarar vera rause og vennlege mot kvarandre som menneske. Det er bra at folk kan ha motstridande meiningar, men likevel visa respekt til kvarandre.

Dessverre finn vi også polariserande tendensar i politikken og hos nokre politikarar. Nedsetjande ord og karakteristikkar om dei som ikkje er «vanlege folk» er døme på ein polarisering som vi ikkje er tent med. Når aktivistar frå ein liten minoritet, får for stor makt og trer meiningar ned over hovuda på «vanlege folk» skapar det naturlegvis motreaksjonar og polarisering. Når det store fleirtalet av dei som tilhøyrer eit anna trudomssamfunn enn Dnk opplever at regjeringa vil blanda seg inn i indre forhold og vil tvinga på dei politiske korrekte meiningar som ikkje er i samsvar med deira eiga tru eller livssyn, då skapar vi ikkje mangfald, men einsretting som alltid vil føra til polarisering. Når politikarane snakkar fint om mangfald og fellesskap, men fører ein politikk som gjer at mange føler seg oversett eller også motarbeida, då får dei det motsette av det dei ønskjer. Forslaga om lovene om konverteringsterapi og om trudomssamfunn er polariserande og byggjer ikkje tillit mellom ulike grupper. Den kampen som det verkar som regjeringa fører mot friskular og frivillige organisasjonar fører også til polarisering i samfunnet generelt. Når nynorskelevar ikkje får lærebøker på sitt eige språk og staten sjølv stadig bryt språklova, riv dei ned tillit til «systemet» hjå den store nynorskminoriteten i landet. Når regjeringa ikkje greier få slutt på menneskerettsbrot som dei sjølve er ansvarlege for, riv dei ned tilliten til rettssamfunnet. Dei mange menneskerettsbrota som Noreg har vorte dømde for kan skapa mistillit til heile barnevernet, og det vil vera synd.

Samfunnet vårt har vorte pluralistisk og det er mange ting som er konfliktfylt og kan føra til polarisering. Difor treng vi meir enn nokon gong før å venda oss til Gud og søkja hans vennskap og be om nåde til å vera ein nasjon av venner. Eit godt samfunn kan berre byggjast når det rår tillit mellom folk og styresmakter. Det siste valet har ført til store omveltingar mellom partia, no må vi be om at lokalpolitikarane kan finna saman og finna gode løysingar til det beste for folk i kommunen sin. Kongen, regjeringa og stortinget treng framleis mykje forbønn for å kunna halda fram med å byggjar ein nasjon av venner.

Tekst: Erling Thu

Comments