Gud har gitt opp Den norske kirke!
Ein nasjon av venner

AP og SP svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn

Det er trist at den noverande AP/SP regjeringa svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn. Det er særleg lov om den såkalla konverteringsterapien og forslaga til ny lov om trudomssamfunn som er problematiske. Det kan verka som om AP/SP korkje forstår Menneskerettane eller vår eigen grunnlov med desse lovforslaga. Om den nye konverteringslova blir vedteken mistar vaksne menneske retten til å få sjelesorg eller forbønn når dei søkjer råd om sin homofile legning. Folk som gjev råd, forbønn, handspålegging og liknande til dei som ber om det, kan risikera fengselsstraff. Dette bryt klart med menneskerettane.

Dessverre er lova om trudomssamfunn, som vart vedteken under den førre regjeringa, også problematisk, men AP/SP gjer no dette endå meir problematisk. Dei utvidar retten til å nekta trudomssamfunn registrering og rett til støtte. Dette strir heilt klart mot paragraf 16 i grunnlova som slår fast at vi har religionsfridom og at Dnk og alle «trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.»

Som ein ikkje-medlem av Dnk kunne eg under den gamle dissentarlova krevja fritak frå kyrkjeskatten. Stolt og glad skreiv eg i sjølvmeldinga at eg ikkje var medlem i Dnk og difor hadde krav frå fritak av kyrkjeskatt. Lova om trudomssamfunn, som overtok etter dissentarlova, gjorde retten til fritak frå kyrkjeskatt til rett til støtte til alle trudomssamfunn på lik line med støtta til Dnk frå stat og kommune. Regjeringa, staten eller kommunar har inga rett til å diskriminera trudomssamfunn. Menneskerettane krev ikkje at staten skal støtta trussamfunn økonomisk, men dei slår fast at ingen skal diskriminerast på grunn av si tru. Vår norske grunnlov krev at staten støttar alle trudomssamfunn likt. AP/SP diskriminerer og bryt ned denne grunnlovsfesta retten.

Den første lova om trudomssamfunn sa: «Trudomssamfunn kan lata seg registerføra når det ikkje med si lære eller sitt arbeid kjem i strid med rett og moral. Registerførsla gjev dei rettar og skyldnader som er fastsette i lov.» Vigsels rett og retten til å få kyrkjeskatten tilbakebetalt var dei viktigaste rettane. Lova kravde at ein måtte følgja norsk lov, - det er jo sjølvsagt. Noverande lov kjem med tilleggskrav og krev minst 50 medlem for å bli registrert, mange små forsamlingar har dermed mista registrering og rett til å få kyrkjeskatten tilbake. No føreslår AP/SP å heva dette talet til 500. Dette er diskriminering på grunn av storleik som ofte er teologisk grunna i forståinga av kva ei lokal forsamling er.

Det nye kravet om 40% representasjon av kvart kjønn er svært problematisk fordi det grip inn i indre forhold i eit trudomssamfunn som ofte er knytt til teologi. Dette diskriminerer trudomssamfunn med ei konservativ bibelforståing. Representasjonskravet sidestiller trudomssamfunn med aksjeselskap og organisasjonar og tek ikkje omsyn til deira eigenart. Dette er svært urimeleg. Kravet til ei viss styreform for å bli registrert er i seg sjølv diskriminerande. Det svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn som trur at berre menn kan vera eldste og ha styreansvar i forsamlinga, slik Det nye testamentet seier.

Ein tilleggsfaktor er, at når folk kan skifta juridisk kjønn, berre ved å fylla ut eit skjema, då blir dette kravet meiningslaust. Kva er ei kvinne og kva er ein mann i lovverket? Når vi veit at sterke krefter vil innføra eit tredje kjønn, blir dette kravet endå meir diskriminerande mot forsamlingar med eit konservativt bibelsyn.

AP/SP krev med sitt nye forslag at trudomssamfunn må ta politiske standpunkt. Demokrativilkåret, som inneber eit forbod mot å motarbeida den demokratiske styreforma, er eit nytt og innskrenkande krav som er heilt unødvendig fordi det er alt dekkja av andre lover. Parti med tru på «proletariatets diktatur» og væpna revolusjon har i alle år fått lov å arbeida for saka si i landet vårt. Kvifor skal trudomssamfunn diskriminerast? Eg kjenner ikkje til at det finst noko trudomssamfunn i landet vårt som motarbeidar den demokratiske styreforma vår, difor er dette vilkåret unødvendig. Det einaste AP/SP oppnår med dette forslaget er å mistenkjeleggjera alle dei som tilhøyrer eit anna trudomssamfunn enn Dnk. Dette går inn i eit kjent mønster av diskriminering av minoritetar i landet vårt.

Grunnlaget for å nekta trudomssamfunn registrering og tilbakebetaling av kyrkjeskatten blir også diskriminerande fordi Statsforvaltaren sitt skjønn blir avgjerande. Dei forholda som er nemnde i lova er dekkja i andre lover. At brot på desse lovene kan føra til at ein mistar retten til registrering og tilskott, kan verka rimeleg. Det som ikkje er rimeleg eller rettferdig er at ein statsforvaltar kan avgjera dette, slik vi har sett døme på. Det er skremmande og skammeleg at ein tidlegare Krf leiar, som no er statsforvaltar, kan ta registreringa frå eit stort trudomssamfunn med 9000 medlem (JV) som ikkje på noka punkt har brote norsk lov. Slik kan vi ikkje ha det.

Statsforvaltaren kan gjerne meina at eit trudomssamfunn har brote lova, og då må han anmelda forholdet til politiet. Det er berre rettsvesenet som skal avgjera om nokon har brote lova og ikkje ein statsforvaltar.

AP/SP regjeringa må slutta å diskriminera og gjera det vanskeleg for trudomssamfunna, men heller famna mangfald og eit livssyn ope samfunn der tilliten rår mellom partane.

Tekst: Erling Thu

Comments