Ein ny podkast er ute!
Å æra far sin med tårer

Rabalder

Rabalder er eit underleg ord som er lite brukt i våre dagar, men Herren har sagt at det vil bli rabalder. «Endå ein gong, om ei lita stund, rister eg himmel og jord, havet og det tørre landet. Eg rister alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Eg fyller dette huset med herlegdom!»  Det er gjenreisingsprofeten Haggai som ber fram dette ordet frå Herren (Hag 2,6-7). Det fekk ei oppfylling då tempelet vart gjenreist på hans tid, men peikar fram til det nye huset som Herren byggjer i den nye pakta og som skal bli herlegare enn det første. Endå ein gong skal Herren rista verda og folkeslaga på jorda (Hebr 12,26-29). Når Herren ristar blir det rabalder.

Når ein stabel med tønner ramler ned blir det eit svært rabalder. Når noko rasar saman blir det ofte rabalder. Når noko uventa skjer blir det rabalder. Bråk og ståk, spetakkel og støy er ofte det same som rabalder og har to meiningar. Rabalder er noko vi registrerer med sansane våre, men er også den reaksjonen som kjem frå oss når vi ikkje liker det uventa som skjer.

Det skjer underlege ting i landet vårt. Herren tenner tannlause kristne i brann. Lunkne og sløve kristne blir fornya og brennande ivrige. Folk, som av ulike grunnar har kome på avstand, søkjer Gud og finn på ny sin plass i kristne fellesskap. Vekkinga på Vigeland er berre eit av mange døme på dette. Eg høyrer mange historier om fornying blant Guds folk i mange samanhengar. Det er tydeleg at Gud er på ferde!

Det skjer også mange ting som uroar bibeltru kristne og kan ta motet frå oss. Midt i den negative utviklinga i samfunnet og i mange kyrkjesamfunn er Den Heilage Ande verksam. Mange kristne blir forfriska i trua ved eit nytt møte med Anden. Dei som let seg forfriska av Den Heilage Ande får ny kraft, nytt mot og ny forventing i trua. Denne fornyinga skjer ofte under radaren til media. Dei negative tinga får store overskrifter, men det gode som skjer mellom dei kristne blir ikkje tilstrekkeleg rapportert.

Endå ein gong skal Herren rista slik at det blir rabalder. Han vil rista folket sitt og forstyrra dei menneskelege opplegga. Endå ein gong skal han forstyrra den menneskelege orden. Endå ein gong skal Gud bryta inn mellom folket sitt og overvelda oss med sitt mektige nærvær. Det som har skjedd på Vigeland er berre eit varsel om noko stort Herren vil gjera i heile landet vårt. Herren vil fylla huset sitt med herlegdom. Endå ein gong vil Gud rista folkeslaga slik at skattane, dei dyrebare sjelene, kjem til Guds hus.

Når media oppdagar dette, vil det bli skikkeleg rabalder og oppstyr. Når Herren seier rabalder, inneber det at det vil bli mykje motstand. Vi må førebu oss på tøffare tider. Åndelege vekkingar møter alltid motbør, for det lærer kyrkjesoga oss. Openberringsboka viser oss at dei siste tider vil vera kjenneteikna av at synd, urett og ureinskap vil veksa, men det vil også det gode og reine gjera. Dei rettferdige vil gjera rett og dei heilage vil halda fram i heilaggjering. Gud vil gjera det slik at vi atter skal sjå skilnad på rettferdige og urettferdige, på dei som tener Gud, og dei som ikkje tener han, men held fast på sine eigne lyster og menneskelege tankar som strir mot Guds ord.

Det går føre seg ei einsretting i samfunnet vårt. Presset om å retta seg etter dei politisk korrekte meiningane aukar. Det har vorte vanskelegare å stå fram med meiningar som har sitt opphav i Bibelen. Dei som seier dei står for mangfald er ofte svært intolerante og vil snevra inn ytringsfridomen til dei som har andre meiningar enn dei sjølve. Bibeltru kristne møter stadig meir motstand frå sekulære krefter og liberale religiøse maktmenneske. Men fleire og fleire let seg ikkje skremma.

Gud er på ferde i landet vårt. Ropet om at keisaren er naken høyrest frå nye røyster. Når skreddarane av dei trådlause kleda blir avslørt, vil det bli rabalder. Guds rike går fram trass motstand, for ingen kan stansa Gud. Han gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. Difor førebur oss på eit skikkeleg rabalder i trygg visse om at Gud er med oss. Ver klar for kamp, Herren er på ferde!

Kjære lesar, takk for at du tek deg tid til å lesa det eg skriv. Då eg har vorte hacka og er utestengd frå mine sosiale media, ber eg deg om å dela dette innlegget på dine sosiale media. Du kan lett klikka på logoen til Twitter og Facebook rett under dette innlegget og dela det med dine venner og følgjarar. Tusen takk for at du er med og spreiar bodskapen!

Tekst: Erling Thu

Comments