Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?
09/08/2023
Jesus starta si teneste med å forkynna evangeliet om Guds rike. Den gode bodskapen innebar at Gud, den suverene Skaparen og Kongen over skaparverket, hadde gripe inn i historia for å frelsa og fria folk frå synd, skam, død og fortaping. Evangeliet om Guds rike var det sentrale i Jesu liv og teneste. Difor kalla han til omvending og etterfølging. Den som ville vera hans læresvein måtte seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja han. Guds kongedømme er der Gud styrer og hans vilje rår. Frelse kan vi berre få del i ved å bøya oss under Jesu Kristi herredømme.
I tråd med forståinga av Guds rike, seier Jesus i misjonsbefalinga, at vi skal læra dei nye læresveinane å halda alt det han har bode oss. Nye kristne må lærast å be: «Lat riket ditt koma, lat viljen din råda i mitt liv; - ikkje som eg vil, berre som du vil!» Jesus lærte oss at han ikkje kom for å oppheva lova eller profetane, men for å oppfylla. Difor tok han oss tilbake til Guds opphavelege meining med skaparverket og dei gode lovene hans. Han sa at det ikkje var nok å avstå frå visse handlingar, men at vi også måtte ta eit radikalt oppgjer med lystene i hjartet vårt.
Læresveinane tok dette på alvor då dei med stort frimod forkynte at Jesus Kristus er Herre. Dei sa at det er hans bod folk skal følgja og ikkje boda til keisaren. Dei vart skulda for gjera tvert imot påboda til keisaren, og seia at ein annan, ein som heitte Jesus, var konge. Difor sette dei heile verda i opprør. Dei snudde verda opp ned og skapte endringar i folk sine liv og etterkvart i heile samfunnet. Skal vi ta misjonsoppdraget på alvor må vi setja folk på val og læra dei nye kristne å vera lydige mot Guds ord og vilje; for det er Jesus som er Konge – det er han som bestemmer korleis det gode livet ser ut.
Det er mange som kjempar om å sitja på trona i våre dagar for å bestemma kva som er rett og godt. Stortinget gjer krav på å kunna definera både kva kjønn og eit ekteskap er, i strid med Bibelen og tusenårige tradisjonar. Statskyrkja og biskopane har følgt etter og vorte politisk korrekte i dette og fleire andre spørsmål. Pride-ideologien og LBTH-rørsla gjer krav på å definera kva som er normalt og godt. Dei som ikkje bøyer seg for deira forståing diskriminerer og er hatefulle etter deira dom. Teologar lagar mange krumspring for å forsvara at folk praktiserer synd. Med sine etiske profilar godkjenner dei homofil og lesbisk praksis, som om det å vera trufast i ei syndig handling forvandlar synda til noko etisk høgverdig.
Det er ei stund til vi på ny. skal feira det store mysterium, at Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Han kom i same slags kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss. Han var full av nåde og sanning då han kalla folk til omvending og tru. Kvar dag kan vi feira at Guds rike har kome nær. Ved å venda om og tru evangeliet, bøyer vi oss for Guds dom og tek imot nåde og tilgjeving.
Han som kom som eit lite barn, er faktisk Herre, og har all makt i himmel og på jord. Lat oss bøya oss og tilbe han i tru og lydnad! Han har vist oss korleis det gode livet ser ut og han er den einaste som kan gje oss det verkeleg gode livet. Han kam for å gje oss liv og overflod.
Kjære lesar, takk for at du tek deg tid til å lesa det eg skriv. Då eg har vorte hacka og er utestengd frå mine sosiale media, ber eg deg om å dela dette innlegget på dine sosiale media. Du kan lett klikka på logoen til Twitter og Facebook rett under dette innlegget og dela det med dine venner og følgjarar. Tusen takk for at du er med og spreiar bodskapen!
Tekst: Erling Thu