Misjonær og framand i eige land
Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?

Koranbrenning

Koranbrenninga i Sverige og Danmark skapar utanrikspolitiske problem og aukar terrorfaren for desse landa, fortel media oss. Juristar forklarar at i Noreg har ikkje religionar, heilage bøker eller ting noko vern mot hatefulle ytringar. Det er ein del av ytringsfridomen å snakka negativt om ideologiar og meiningar vi ikkje liker, men vi har sjølvsagt ikkje lov til å koma med hatefulle ytringar mot personar eller grupper av menneske. Eg tykkjer dette høyrest greitt ut og er noko vi alle kan leva med.

Det verkar likevel ikkje som det er slik diskrimineringslova verkar i dagens samfunn. Det er lov å brenna heilage bøker som Koranen og Bibelen. Det er lova å brenna amerikanske flag, men det er ikkje lov å brenna eit prideflag, for det er hatkriminalitet. Det er visst lov å mala fotgjengarfelt i pridefargar, men det er hatkriminalitet å mala over pridemalinga. Eg er korkje for å brenna heilage bøker eller flag, men eg forstår ikkje kvifor det å brenna ein Koran er ei lovleg ytring, medan det å brenna eit prideflag eller mala over pridemaling i ei gate er hatkriminalitet.

Bibelen seier at vi skal setja alt inn på å halda fred med alle menneske. Jesus seier at vi ikkje skal gjera mot andre det vi ikkje ønskjer dei skal gjera mot oss, men vi skal behandla andre menneske slik vi ønskjer dei skal behandla oss. Dette er innhaldet i den såkalla gyldne regel. Om vi lever etter dette, vil vi ikkje koma med hatefulle ytringar eller utføra hatefulle handlingar. Nestekjærleiken gjer at vi vil unngå å krenkja kjenslene til våre medmenneske, jamvel om det er lovleg. Sæle er dei som skapar fred, sa Jesus, for dei skal kallast Guds barn. Samfunnet treng slike fredskaparar meir enn nokon gong.

Eg må innrømma at eg har problem med å forstå det raseriet vi ser i mange muslimske land mot koranbrenning i våre naboland. Dette er jo land kor kristne, ateistar og andre såkalla vantru ofte blir forfølgd og ikkje får ytra seg fritt. Dei kan lett bli skulda for blasfemi og få dødsstraff for dette. Kva rett har dei, som ikkje står opp mot urett som blir gjort mot andre, til å rasande fordømma bokbrenning i land langt borte der vanlege muslimar har større fridom enn folk i desse muslimske landa som reagerer? Eg berre spør! Kva gjer desse folka rett til å bli valdelege og gå til åtak på ambassadar? Skal dei nordiske landa innskrenka ytringsfridomen for å roa ned valdelege protestar i muslimske land? Eg trur ikkje det vil vera lurt.

Likevel trur eg at brenning av flag og heilage bøker er ein uting. Det er noko samfunnet helst skulle vore fritt for. Bøker skal lesast og eventuelt kritiserast, men treng ikkje brennast offentleg. Media burde ikkje gjera alt dei kan for å hausa opp ei stemning rundt denne brenninga, slik det ser ut til at dei gjer. Kvifor skal ein sigarettrøykande mann få så mykje plass i media, berre fordi han brenner ei bok? Denne ytringa burde teiast i hel. Om ikkje ytringa vart rapportert til heile verda hadde det ikkje vore noko problem. Kanskje media burde ta litt meir samfunnsansvar? Dei treng ikkje vera mikrofonstativ for alle uhøflege handlingar som kan skapa konfliktar, eller treng dei det? I boka «Dagleg bønn» finn vi denne bønna: «Gje alle som arbeider i media nåde til å dempa konfliktar og fremja tillit og forsoning.» Vi ber også om at alle mediearbeidarar må vera kjenneteikna av integritet og mot til å stå opp for sanning og rett.

Det er alt for mykje polarisering i samfunnet. Det kan verka som om limet i samfunnet går i oppløysing. Mangfald er eit av kjerneorda i dag, men dei ivrigaste brukarane av det ordet synest ikkje å vera romslege for andre enn sin eigen praksis. Mykje intoleranse og aktivisme gøymer seg bak ordet mangfald. Dette skaper ikkje fellesskap og samhald, men kløyving og kamp for eigne rettar.

Må Herren miskunna seg over oss og velsigna samfunnet med fred og forsoning. Må folket vårt alltid søkja fred og Guds gode vennskap. La oss få vera ein nasjon av venner!

Kjære lesar, takk for at du tek deg tid til å lesa det eg skriv. Då eg har vorte hacka og er utestengd frå mine sosiale media, ber eg deg om å dela dette innlegget på dine sosiale media. Du kan lett klikka på logoen til Twitter og Facebook rett under dette innlegget og dela det med dine venner og følgjarar. Tusen takk for at du er med og spreiar bodskapen!

Comments