Å æra far sin med tårer
AP og SP svekkjer trusfridomen og diskriminerer trudomssamfunn

Gud har gitt opp Den norske kirke!

Denne overskrifta er like meiningslaus som Sverre Elgvin Lied sin påstand: «Gud har ikke gitt opp Den norske kirke.» Då eg såg denne overskrifta i nettutgåva av Dagen, som refererte til talen hans på Oslo Symposium, tenkte eg: «Kva veit han om det?» Grunngjevinga hans har jo ikkje noko særleg tyngde. Mange med meg kunne bruka det same argumentet med motsett forteikn: «Gud har gitt opp Den norske kirke, for eg, og mange med meg, kjende kall frå Gud til å forlata Dnk og tena han utanføre Dnk.» Dagen har ikkje gitt opp Dnk, men det har alle dei mange tusen frikyrkjelege kristne gjort. Når Dagen sine redaktørar legitimerer Dnk, byggjer dei, som Lied, på notstalgiske kjensler og personlege opplevingar, og ikkje på Guds ord.

Om Gud har gitt opp Dnk eller andre kyrkjesamfunn, kan eg ikkje eg svara på. Kven kan eigentleg svara på dette? Kven kjenner Gud sine tankar om den menneskelege organisasjonen Dnk? Det eg veit er at Gud elskar menneske og gav Sonen sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men få evig liv. Eg veit også at Gud byggjer sitt hus av levande steinar, av menneske som har fått nytt liv i trua på Jesus. Kvar levande kristen er eit tempel for Anden. Gud er nær hos alle som kallar på hans namn, uansett kva kyrkjesamfunn dei måtte tilhøyra, ja uansett om dei er jødar eller heidningar.

Lied seier mykje godt og rett i talen sin når han presenterer kva Frimodig Kyrkje står for, som til dømes:

«Kirken er Guds kirke. Og der er det Jesus som er Herre. Og det er også han som bygger sin kirke. Og det er jo her det er så spennende at vi kan få være med på det Gud gjør. Det handler ikke om «Hvilken kirke vil du ha?» Det handler ikke om at vi skal bygge kirka etter vår design.»

Problemet er at han snakkar om Dnk, som er ein menneskeleg organisasjon. Han legimiterer Dnk som Guds kyrkje. Då kjem spørsmåla: Er Jesus Herre i Dnk? Vedtak i kyrkjemøtet tyder ikkje på det. Den lutherske teologen, Jan Bygstad, seier at Dnk med sin aksept av vrang lære og pluralisme ikkje er Jesu Kristi kyrkje. Mange andre lutherske teologar seier at Dnk er ei løgnkyrkje. Den rådande vranglæra om samliv og ekteskap i Dnk, fører Guds folk vill, og leiar menneske i fortapinga om dei ikkje vender om. Det er alvorleg å legitimera eit slikt kyrkjesamfunn.

Byggjer Jesus Dnk, eller er det kyrkjedemokratiet som byggjer kyrkja? Det handlar jo ikkje om kva kyrkje vi vil ha, men om kva slag kyrkje Gud vil ha. Det designet som Dnk blir bygd etter, liknar svært lite på det designet apostlane og dei første kristne bygde etter. Kva seier Bibelen om kva kyrkje Gud vil ha? Det er det store spørsmålet vi må stilla oss. Kva kjensler vi har for ein kyrkjeorganisasjon vi har arva frå fedrane, tel ikkje i det spørsmålet om kva Guds ord seier om kva han vil ha.

Lied seier med rette at det er berre eitt Guds folk, og vi treng å støtta kvarandre. Bibelen er jo klar på at det er berre dei som er fødde på ny ved Den Heilage Ande, ved tru og omvending, som er Guds barn. Berre dei som har kome til Jesus, den levande steinen, og sjølv har vorte ein levande stein, kan saman med andre byggjast opp til den levande Gud sitt hus. Dåp eller medlemskap i eit kyrkjesamfunn gjer ingen til ein lem på Jesu kropp.

Så langt eg forstår finst det mange gode og fromme kristne i Dnk og i alle dei andre kyrkjesamfunna i landet vårt. Alle som ved trua på Jesus Kristus har fått nytt liv, er Guds folk, og er våre kristne søsken, uansett kva kyrkjesamfunn dei tilhøyrer. Altfor mange kristne, både med og utan medlemskap i noka kyrkjesamfunn, er i praksis heimlause for dei har ikkje funne plassen sin i eit levande kristent fellesskap. Dei lever ikkje saman med andre kristne som lemmer på Kristi kropp. Dei har ikkje forplikta seg eller gitt seg inn i ei kristen forsamling, og det er eit tap både for dei sjølve og det kristne fellesskapet.

Guds kyrkje er Jesus-truande menneske som kjem saman for å tilbe Herren, forkynna Guds ord, byggja kvarandre opp og hjelpa kvarandre til å leva heilage og heilhjarta liv i kvardagen.

Vi må heile tida forkynna evangeliet, utfordra og hjelpa kvarandre til samsvar mellom liv og lære. Når vi gjer det vil Jesus byggja si kyrkje.

Tekst: Erling Thu

Comments