Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?
Rabalder

Ein ny podkast er ute!

Solveig og eg har nettopp gjort ferdig ein ny podkast. Denne episoden kallar vi "Sommarrapport". Vi har hatt denne podkasten i nokre år med små opphald innimellom. No er vi i gang på ny etter sommarferien. I Sommarrapport fortel vi om nokre av dei mange gode opplevingane og velsigningane som Gud har gjeve oss. Vi ønskjer å æra og takka Gud med denn kvardagslege podkasten vår. Det er vår bønn at våre venner som lyttar til podkasten skal bli oppmuntra og få nytt mot. Vi får ein del tilbakemeldingar som stadfestar dette og det set vi stor pris på. 

Vi kallar dette ein takkepod, men rett som det er samtaler vi om viktige ting der vi deler innsikt og visdom frå Guds ord. Vi kallar podden vår Solveig og Erling Thu og du finn han på Podbean, Google Podcasts, Spotify og Apple Podcasts. Her er heimesida til podden vår: Solveig og Erling Thu 

 

Comments