Å æra far sin med tårer
24/08/2023
I dag såg eg noko vakkert. Eg såg ein staut, godt vaksen mann i førtiåra med tårer i auga. Han fortalde om far sin. Tårene på kinnet skein som diamantar. Dei strålte av kjærleik, takk og gode minne. Faren hadde vore sjuk i lengre tid. I dag fekk han meldinga om at helsepersonellet hadde avslutta behandlinga. Dei kunne ikkje gjera meir for han. No måtte forgjengelegdommen gå sin gang til livet tok slutt.
Det var så vakkert å sjå tårene renna, medan den store sterke mannen fortalde om meldinga han hadde fått. Eg sat ved andre enden av bordet då han delte dette med oss og fekk ikkje med meg alt han sa. Men tårene talte høgare enn orda. Dei rørte ved hjartet mitt. Det var ei heilag stund då ein bror delte si smerte med andre brør. Det var mykje kjærleik rundt bordet, men kjærleiken i tårene var større og vakrare enn medkjensla og kjærleiken frå vennene rundt bordet.
Finst det noko vakrare enn dette, at ein sterk son elskar ein skrøpeleg far? Kjærleikstårer på kinnet til ein son er den største gåve ein far kan få. Tårene seier meir enn ord. Den triste meldinga fylte tårene til denne sonen med smerte og sorg, men kanskje endå meir med takk og gode minne. Kjærleiken i tårene vart for meg ein herleg krans av ære på hovudet til ein god far. Det er så vakkert når ein son ærar far sin med tårer av kjærleik.
Kjære lesar, takk for at du tek deg tid til å lesa det eg skriv. Då eg har vorte hacka og er utestengd frå mine sosiale media, ber eg deg om å dela dette innlegget på dine sosiale media. Du kan lett klikka på logoen til Twitter og Facebook rett under dette innlegget og dela det med dine venner og følgjarar. Tusen takk for at du er med og spreiar bodskapen!