Innbyrdeskrig eller ein nasjon av venner?
Koranbrenning

Misjonær og framand i eige land

Eg har kjend meg framand i mitt eige land heilt sidan eg som nittenåring meldte meg ut or statskyrkja og vart døypt til å vera ein Jesu læresvein. Rett nok var vi som gjekk på bedehuset ein minoritet, men vi var ein stor minoritet og vi var ein del av «den sunne lutherske kristendommen» – statsreligionen. Vi var trass alt vanlege og normale kristne i eit samfunn som framleis var dominert av lutherdommen. Då eg gjekk ut or statskyrkja endra alt seg. Då vart eg per definisjon plassert i ei sekt. Alt som ikkje var ein del av statskyrkja, var ei sekt på den tida og å vera med i ei sekt gjorde deg suspekt i heile samfunnet. Lutherdommen var forvaltarar av sjølve «Sanninga» og bedehusfolket stod for «den sunne tru og lære». Det trur dei kanskje enno. Vi andre vart kalla dissentarar og vranglærarar, og vart åtvara mot i mange sterke ordelag. Vi vart motarbeida på ulike måtar og kjende oss sjeldan att i det avisene skreiv om oss. Det vi opplevde som fint og kjært var framstilt som hysterisk og skadeleg. Eg har kjend meg framand i både det kristelege og  sekulære Noreg.

Det har skjedd mykje godt i landet vårt i mi levetid. Det har vore ei god utvikling på dei fleste område. Vi har så mykje å takka for og gleda oss over. Sjølv om eg kjenner med framand for mange ting, er eg likevel stolt av å tilhøyra det norske samfunnet. Eg lever jo i eit av dei beste landa i verda og det takkar eg Gud for. Likevel skremmer  utviklinga i samfunnet meg og gjer meg trist og lei. Synd og umoral blir til og med velsigna av biskopar og prestar. Heldigvis finn bibeltru kristne kvarandre på tvers av konfesjonelle skilje, medan avstanden til det sekulære samfunnet aukar. Det har vel aldri vore så mange kristne som i dag, som kjenner seg framande i sitt eige land. Regnbogen som skulle stå for mangfald og samhald, skapar polarisering og utanforskap.

Det er vanskeleg å forstå og følgja med på alt som er politisk korrekt. Eg har vanskar med å forstå at fuglar er freda i hekketida, medan det er fritt fram å drepa fosteret i mors mage. Eg har vanskar med å forstå at personlege kjensler kan overstyra biologi og vitskap. Eg forstår ikkje at det er lov å undervisa skulebarn at det ikkje er sikkert at dei er gutar eller jenter jamvel om dei er fødde som gutar og jenter. Eg forstår ikkje at det er lov å skifta kjønn. Eg forstår meg ikkje på den utagerande pride feiringa, for det eg ser skaper avsky hjå meg. Eg forstår heller ikkje at å brenna eller riva ned eit pride flag er hatkriminalitet, medan å brenna Koranen eller Bibelen, som er heilage for mange, ikkje er hatkriminalitet, men ein del av ytringsfridomen. Eg forstår heller ikkje kvifor media rapporter om allslags musikk- og idrettsarrangement, men overser store kristne konsertar, leirar eller konferansar. Det mange andre ting i samfunnet vårt som eg ikkje forstår og som gjer at eg kjenner meg framand i eige land.

Utfordringa mi, når eg kjenner meg utanføre, framandgjort, misforstått, diskriminert og uglesett, er mine eigne reaksjonar. Eg har lett for å bli oppgitt, sint og arg. Eg kan altfor lett bli farisear og kasta stein på dei som har feila og synda. Det er skremmande lett å skapa fiendebilete, og gløyma at vi ikkje har kamp mot kjøt og blod. Det er så lett å klaga og syta når vi i staden skulle audmjuka oss og be om nåde og frelse for land og folk. Bønn er jo det sterkaste våpen vi har.

Vår første plikt som kristne i samfunnet er å vera medmenneske og gjera mot andre det vi skulle ønskja dei ville gjera mot oss. Dette er ikkje lett i eit splitta og polarisert samfunn, men det er vårt einaste alternativ. Slik Ordet vart menneske, tok bustad mellom oss og kom med nåde og sanning, slik må vi vera misjonærar i vårt eige land ved å vera gode medmenneske som forkynner evangeliet i ord og gjerning.

Ver lys og salt ved å spreia håp og tru og glede! Mottoet mår vera: Ver lys og salt ved å spreia håp og tru og glede! Ver misjonær – ikkje sur og tverr!

Tekst: Erling Thu

Comments