Eit generasjonsskifte er på gang
Misjonær og framand i eige land

Innbyrdeskrig eller ein nasjon av venner?

Det skjer ei rivande samfunnsutvikling i vår tid. Det grøne skiftet er eit døme på ei pågåande endring av samfunnet. Vi er faktisk inne i ein økonomisk og sosial omskapningsprosess. Endringane skjer ikkje utan strid. Utbyggjarar og vernarar står mot kvarandre. Krigen i Ukraina, dei høge straumprisane, inflasjon og aukande renter skaper uro hos dei fleste.

Polariseringa i samfunnet skaper likevel ei større uro hos folk som tilhøyrer ein minoritet. Striden etter høgsterettsdommen om staten sitt brot på menneskerettane til samane på Fosen går inn i eit velkjent mønster. Det er skremmande at korkje statsministeren eller oljeogenergiministeren i lang tid ikkje var i stand til å innrømma menneskerettsbrot og be om unnskyldning. Den mektige staten turar fram og bryt ned tilliten til rettssystemet vårt og skaper splid mellom urfolk og majoritet. Det er trist å oppleva dette.

Verdikampen spissar seg til på mange område. Tradisjonelle familieverdiar blir skifta ut med ein politisk korrekt kjønnsideologi. Det som tidlegare var skammeleg framferd blir i dag lyfta fram som noko flott.

Samfunnet blir fragmentert og polarisert når ulike grupper og interesser kjempar mot kvarandre og alle vil ha sin mann på trona. Kven skal få bestemma kva som er godt og rett? Kven skal ha hegemoniet? Kven skal dominera? Det liberale samfunnet blir meir og meir illiberalt. Det politisk korrekte er heilt dominerande. Avvikande synspunkt får lite rom.

Eg vart dissentar i 1962. Då melde eg meg ut av statskyrkja og vart døypt som truande. Det kosta ganske mykje på mange måtar. Alle som ikkje var lutherske vart stempla som sekter og boikotta på ulikt vis. Så fekk vi lova om trudomssamfunn og ymist anna og vart ikkje lenger kalla dissentarar, men det var det vi var likevel.

I 2021 fekk vi ei ny lov om tru- og livssynssamfunn som gjorde det vanskelegare for små trussamfunn. Eit trussamfunn med 12000 medlem mista retten til å bli registrert som trussamfunn og mista statsstøtta. Regjeringa gjer det vanskelegare for alle som står fast på den kristne trua, slik ho har vore i totusen år. No vil dei ta statsstøtta frå små trussamfunn og setja krav til krav til indre organisering og styreform. Dei vil også pressa sin LHBT ideologi inn i skular og trussamfunn. Snart kjem det ein såkalla antikonverteringslov som ser ut til å villa gjera visse former for sjelesorg og bønn ulovleg. Trusfridomen blir stadig innskrenka i landet vårt.

Statskyrkja vart formelt avskaffa for nokre år sidan, men held fram som ei politisk korrekt folkekyrkje som er underhaldt av staten. I grunnlova vart alle tru- og livssynssamfunn lova støtte på lik linje med folkekyrkja, men denne retten vil politikarane no på ulikt grunnlag innskrenka.

Folkekyrkja omfamnar alle politisk korrekte meiningar om likestilling, diskriminering og LHBT ideologiar. Dei stenger ute dei som meiner noko anna i desse spørsmåla. Kompaniskapet mellom kyrkja og den politisk korrekte makta fører aldri noko godt med seg, men legg eit auka press på alle som trur annleis.

Innbyrdeskrigane i mellomalderen var øydeleggjande for landet vårt. Konfliktane hadde katastrofale følgjer for freden, rettsvesenet og folk flest. Mange menneskeliv gjekk tapt. Det heilage vart krenka. Folk vart plyndra. Kvinnerov og vald mot kvinner hadde stort omfang. Skildringa av den tida minner sterkt om vår eiga tid. 

Vi treng på ny å ta Gulatingslova frå 1024 på alvor: Det er opphavet til lovene våre at vi skal  bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og om fred og om at vi må halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg. Han vere vår venn, og vi hans, og Gud venn til oss alle.

Som kristne er vi kalla til å skapa fred. Kanskje det viktigaste vi kan gjera er å be for landet vårt. Vi må be inderleg for kongen og hans hus, for storting og regjering, og ikkje minst for media, så folket vårt kan leva i fred og forsoning. Vi må be om at landet vårt må søkja fred og Guds gode vennskap. 

Må Herren gjera oss til ein nasjon av venner!

Tekst: Erling Thu

Comments