Herren stadfestar tenesta

Forkynn sanninga - utan å fordømma!

Det er kamp om sanninga på alle plan i samfunnet vårt i dag. Det eldgamle spørsmålet som Pilatus stilte blir stilt av mange i vår tid: Kva er sanning? Den postmoderne filosofien avviser at det finst ei absolutt sanning. «Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for meg» blir det sagt. Alt er relativt, det finst ingen faste haldepunkt i livet lenger. Vi blir til og med fortalt at vi ikkje kan stola på den fysiske kroppen vår ein gong. Jamvel om kvar celle i kroppen er ei mannecelle og kroppen ser ut som ein mann, så er det ikkje sikkert at du er ein mann likevel, for du kan vera født i feil kropp, blir det hevda.

Det er tid til å snakka sant om livet. Barn og unge blir fora med så mange løgner, både på skulen og i media, at det er på tide å ta til motmæle og forkynna sanninga. Jesus sa, då han bad for læresveinane: «Helga dei i i sanninga, ditt ord er sanning.» Bibelen er Guds ord og Jesus er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss. Han var full av nåde og sanning, og han sa: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

Sanninga er med andre ord ein levande person: Jesus Kristus. I han finn vi sanninga om Gud og om oss sjølve. Sanninga er at Gud er god og i kjærleik skapte han oss i sitt bilete til mann og kvinne. Alle menneske er høgt elska av Gud, jamvel om vi alle har synda, kjem til kort og manglar Guds herlegdom. Det er ei truverdig sanning at Kristus Jesus kom for å frelsa syndarar. Han kom for å bryta synda si makt og setja oss fri frå det syndige livet ved å døy for oss og gjera ende på djevelens verk. For om vi vedkjenner med munnen vår at Jesus er Herre, og trur i hjartet vårt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal vi bli frelst.

Jesus forkynte evangeliet om Guds rike, at vi må venda om frå vår syndige livsstil, for å få nåde, tilgjeving og nytt liv. Evangeliet om Guds rike handlar om at Gud er Kongen, at hans lover gjeld og at frelse berre finst i å bøya oss under Jesu Kristi herredømme. Guds ord er sanning. Det Gud seier er godt og rett, er verkeleg godt. Det Gud seier er synd, er synd og synda si lønn er døden. Om biskopar, pastorar eller teologar seier noko anna enn det Guds ord seier, er dei løgnarar og er ikkje av sanninga.

Vi er ikkje kalla til å fordømma eller retta peikefingeren mot ikkje-kristne menneske. Gud elskar alle menneske og ønskjer at dei bli frelst og læra sanninga å kjenna. Dommen skal begynna med Guds hus. Vi som er kristne, har nok med å få skikk på oss sjølv og forsamlingane våre.

Som kristne må vi halda fast på at berre ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne er Guds gode ordning for det seksuelle samlivet, familien og samfunnet. Samkjønna seksuelt samliv er avskyeleg etter Guds ord (3 Mos 18,22; Rom 1,24-32). Dette er Guds evige ord til oss. Vi er ikkje skapt til hor eller homoseksuell praksis, det strir mot Guds skaparordning. Difor er denne praksisen skadeleg og øydeleggjande for alle som blir fanga i desse ureine lystene.

Vi kan ikkje teia stilt lenger. Vi må frimodig forkynna sanninga. Menneska kan ikkje skifta kjønn slik dei vil. Vi er det kjønnet vi er skapt med, å fornekta det er å lura seg sjølv. Gud er skaparen og dommaren som alle skal gjera rekneskap for. Hans lover er gode og hjelper oss å leva sanne liv.

I desse dagar må vi vera frimodige og djerve og forkynna og demonstrera sanninga i nåde og kjærleik. Sanninga set folk fri. Synda gjer folk til slavar. Jesus er Herre og kom for å frelsa frå synd og setja folk fri! Den sanninga må vi forkynna med stort frimod.

Tekst: Erling Thu

Comments