Personlege profetiar over livet frå barndommen
18/08/2022
Hanna gav Samuel dette namnet fordi han var fødd som svar på profetiske bønner. Namnet hans vitna om at han var fødd etter Guds vilje, for å tena Guds plan. Han var eit profetisk bønnesvar, men namnet bar også i seg ein profeti om retninga for livet hans. Namnet hans var ein profeti om at Gud ville halda fram å høyra bønnene hans. Når vi les historia om Samuel ser vi kor viktig bønn var i livet og tenesta hans. Han var kjenneteikna av bønn og fekk store profetiske bønnesvar.
Eg trur at det ligg ei profeti i det namnet foreldra våre har gitt oss, uansett om dei var kristne eller ikkje, då dei gav oss namnet. Namnet vårt har ei meining og ein bodskap. Vi treng hjelp til å finna den profetiske meininga i namnet vårt. I nokre sjeldne tilfelle kan det også vera nødvendig å skifta namn, for å ha eit namn som samsvarar med kallet og livsgjerninga vår. Vi finn fleire tilfelle i Bibelen, der folk fekk nye namn for å visa kva Gud hadde kalla dei til å vera og gjera.
Det er tydeleg at Hanna og mannen hennar, hadde fått profetord om Samuel før han var fødd (1 Sam 1,23). Kanskje desse profetorda var styrande for Hanna, då ho bad Gud om å gi henne denne guten for Herrens skuld. Kanskje var det ord ho fekk medan ho bar han i mors liv. Begge foreldra hans var oppsette på at profetorda måtte bli oppfylte.
Personlege profetiar er svært vanleg i Bibelen. Guds profetar bar ofte fram personlege profetord til kongar, prestar, og framfor alt til vanlege folk. I Første Samuelsbok finn vi mange slike personlege profetord. Ei av dei første gjeld guten Samuel.
Då den ukjende profeten kom til øvstepresten Eli og forkynte dom over han og familien hans, bar han også fram ein lovnad om ein ny prest som Gud skulle reisa opp mellom dei, når han hadde tatt bort dei duglause prestane som vanvørde folket og dei heilage offera (1 Sam 2,27-36).
”Og eg vil reisa opp ein trufast prest. Han skal gjera etter mitt hjarte og min vilje, og eg vil byggja han eit hus som blir ståande. Han skal alle dagar ferdast for åsynet til han eg har salva” (1 Sam 2,35).
Samuel var av Leviætta (1 Krøn 6,16-48). Han var ikkje av den ættegreina som kom frå Aron og Pinhas og som hadde fått lovnad om eit evig prestedømme. Likevel trur vi at denne profetien er til Samuel. I tida etter at profetien om Eli var oppfylt, verkar det som om den vanlege prestetenesta og dei daglege ofringane, som blei gjorde i tabernaklet som stod i Sjilo, slutta å fungera. Det har nok sin samanheng med at paktkista blei bortførd. I denne vanskelege tida for Israelsfolket er det tydeleg at Samuel har ein presteleg funksjon som ein mellommann mellom Gud og folket, ved å bera fram ofringar og å gå i forbønn for dei.
Profeten sa at Gud ville byggja Samuel eit hus som blei ståande heile levetida hans. Han skulle så lenge han levde ferdast for åsynet til han Gud salva til å vera konge. I motsetnad til Eli skulle han vera ein trufast prest, som ville gjera etter Guds hjarte og vilje. Dette synte han tydeleg gjennom heile livet sitt, og ikkje minst då dei eldste i folket kom og klaga på sønene hans, og brukte det som ein av grunnane til å be om ein konge. Eli hadde ikkje kraft til å stansa sønene sine. Men Samuel gjorde det trass i sin høge alder. Han tok dei ut av dommartenesta og sette inn Saul til å vera konge og leiar for folket. Etter å ha sett inn Saul som konge heldt han fram i si profetteneste og var heile livet sitt ein åndeleg leiar for folket. Jamvel etter at folket hadde fått kongen sin, hende det at både dei og kongen bøygde seg for profeten Samuel sine ord og avgjerder.
Profetien, som den ukjende profeten bar fram om Samuel, viser oss at det å vera trufast mot Gud, er å kjenna Guds hjartelag og avspegla dette i alt vi seier og gjer.
Profetisk fostring skjer i kvardagen
Samuel blei fødd til å bli ein profet i ei åndeleg nedgangstid. Han blei fødd i ei tid, der dei religiøse leiarane var korrupte og gudlause menneske, som ikkje frykta Herren, men berre søkte rikdom og fordelar for seg sjølv. Det var ei tid utan skikkeleg åndeleg leiarskap mellom Guds folk. Det var ei tid då folket var vonbrotne og desillusjonerte på grunn av statens religionsvesen. Profetar blir ofte reist opp i vanskelege tider.
I historia om Samuel finn vi nokre vers med korte setningar om korleis Samuel tente Herren ved å hjelpa Eli. Desse versa seier noko svært viktig om korleis ein profet blir til. Vi har alt sagt at det er ikkje nok å vera fødd til å vera ein profet, vi må fostrast og formast for å veksa inn i det evige kallet og oppdraget vårt.
Så drog Elkana heim att til Rama, men guten Samuel tente Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han. Men sønene til Eli var vonde menn, dei kjende ikkje Herren. (1 Sam 2,11-12)
Foreldra reiste heim til det vande livet, og brått var Samuel åleine hos framande folk. Her tente han Herren. Sønene til Eli var vonde menn, likevel tente Samuel Herren under tilsyn av Eli. Alt som liten gut, borte frå far og mor, valde han å tena Gud og halda avstand til dei gudlause. Han tente Herren ved å vera ein hjelpegut for Eli, jamvel om Eli ikkje var noko prakteksempel på ein Guds tenar.
Samuel var berre ein ung gut då han blei tatt til Sjilo for å bli fostra til å tena Herren. Det må ha vore litt traumatisk å bli gitt bort til framande, men han tok det på ein god måte. Her i kvardagen fekk han si fostring og lærte å tena Gud frå han var liten.
Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var overlag stor, for dei vanvørde Herrens offer. Men Samuel tente for Herrens åsyn – ein ung gut kledd i ein livkjortel av lin (1 Sam 2,17-18).
Dei unge mennene synda for Herrens åsyn, men guten Samuel tente for Herrens andlet. Gud ser oss kor vi er og same kva vi gjer. Det livet guten Samuel levde for Herrens åsyn, står i stor motsetnad til det syndige livet til dei unge mennene, sønene til øvstepresten. Samuel levde eit enkelt liv. Han tente for Herrens andlet. Ingen la merke til han, men han blei forma i kvardagen til å bli ein Guds tenar, ved å ikkje bli smitta av miljøet han levde i. Det er eit flott teikn når unge menneske tener Gud, jamvel om andre ungdomar syndar og nyt det syndige livet sitt.
Og Herren såg til Hanna. Ho blei med barn og fødde tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hos Herren (1 Sam 2,21).
Herren velsigna Hanna med mange barn. I mange år hadde ho vore utan barn og måtte tola mykje hån og spott for det. No blei ho rikt velsigna med barn og var ei lukkeleg mor. Samuel fekk ikkje del i denne familielukka. Han voks opp hos Herren! Det er både vondt og godt å lesa dette. Det seier oss noko om dei offer, som Guds tenarar må gjera alt i tidleg alder. Det fortel oss, at ingenting er utan meining, for Gud har ein finger med i alt som hender oss. Ting vi ikkje forstår når vi står midt oppe i det, fattar vi når vi seinare i livet blir brukte av Gud til å hjelpa andre med den trøysta vi har funne i Guds nærvær. Samuel var utvald av Gud til å bli ein profet. Heilt frå tidleg barndom blei han trent og førebudd for livsgjerninga si. Han må ha hatt ein god barndom, han voks opp hos Herren!
Eg kan ikkje tenkja meg noko betre enn å veksa opp hos Herren. Eg kan ikkje tenkja meg noko betre enn å leva med Gud frå barndom til alderdom. Same kva ein går glipp av reint menneskeleg i livet, så er det å veksa opp hos Herren, det å vandra med Gud, det å leva i Guds nærvær, så mykje betre.
Ingen vil bli profet for Herren om ein ikkje lever livet sitt i hans nærvær.
Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy. 26 Guten Samuel voks og var til glede både for Herren og for menneske. (1 Sam 2,25b-26)
Kontrastane er store når det gjeld Samuel og sønene til Eli. Dei første var vonde og egoistiske. Dei tok ikkje imot rettleiing. Dei høyrde ikkje på far sin som talte dei til rettes og åtvara dei. Dei hadde gått så langt i si vanvørdnad av folket og Herrens offer, at det ikkje var håp for dei lenger.
Men guten Samuel var annleis og levde eit heilt anna liv. Han gjekk fram i alder og velvilje både hos Gud og menneske. Han tente Gud under tilsyn. Han tente for Guds åsyn. Han voks opp hos Herren. Han gjorde framsteg i livet sitt. Han var til glede for Eli, som hadde stor sorg av sine eigne søner. Samuel var den rake motsetnaden til sønene hans, han tente Gud i uskuld utan sjølviske tankar om vinning. Den uskuldige lydnaden og den ærlege trua hans gledde Gud. Gjennom si ferd vann han Guds velvilje og då blei visdomsordet til Salomo oppfylt på han: ”Når Herren har hugnad i ferda åt ein mann, lagar han det så at jamvel fiendane held fred med han” (Ord 16,7).
Guten Samuel tente Herren, og Eli hadde tilsyn med han. Herrens ord var dyrt i dei dagar, av syner var det få. (1 Sam 3,1)
Det verkar som vi her får ei oppsummering av livet til Samuel så langt. Denne korte setninga, ”guten Samuel tente Herren, og Eli hadde tilsyn med han,” har ingen detaljar om korleis livet arta seg for den komande profeten. Likevel seier det oss at Samuel voks opp i ein rein og heilag atmosfære. Eli var klar over det viktige oppdraget han hadde i å halda guten usmitta av synd og heilhjarta for Herren.
Dei religiøse leiarane svikta oppgåva si gjennom det verdslege og egoistiske livet sitt. Men guten Samuel tente Herren og voks opp hos Herren. Han levde i det stille og heilage nærværet som Paktkista førte med seg. Her i Guds hus opplevde han det uforklarlege og guddommelege mysteriet kvar einaste dag. Han var verna frå det vonde og fekk opplæring i dei tinga som høyrde Gud til. Eli må ha fortalt han soga til Israelsfolket. Han fekk høyra om Abraham, Isak og Jakob, og korleis Gud talte til dei og leia dei. Han fekk høyra om Moses og utgangen av Egypt, og om Josva som førte folket inn i det lova landet. Det var berre eit forheng som skilde meisteren og eleven og den mystiske paktskista dekt av gull der Gud trona på nådestolen og synte herlegdomen sin.
I denne heilage atmosfære levde og ånda Samuel frå tidleg barndom til han kom opp i tenåra. Det reine og uskuldige livet til denne guten står i skarp kontrast til det syndige livet til sønene til Eli og til Eli sin eigen veikskap i å setja dei på plass. Eli og sønene hadde fått Guds dom forkynt av den ukjende profeten, men likevel brukte Gud Eli til å læra opp Samuel til å bli ein åndeleg mann.
Josefus seier at Samuel var tolv år gammal då Herren kalla han første gongen. Det er same alder Jesus hadde, då han samtalte med dei skriftlærde i templet. Det seier meg, at unge menneske kan ha stor åndeleg innsikt og forståing, jamvel om omstenda dei lever under ikkje er dei beste.
Frå Moses til Samuel, ei tid på fleire hundre år, var det ingen godkjend profet i Israel. Det var folk som hadde openberringar og som bar fram Guds ord, men det var ingen profet med nasjonal godkjenning. I den tida Samuel voks opp var det sjeldan at det kom profetord. Vi høyrer berre om ein ukjend profet, og han er den første vi høyrer om etter Debora som profetere under palmetreet sitt til dei som kom til henne. Det var med andre ord ikkje vanleg på denne tida at ein gudsmann, ein sjåar eller profet bar fram Herrens ord og kunngjorde Guds vilje.
Det var ei åndeleg nedgangstid. Det var ei tid kor folk gjorde sine eigne ting og ikkje brydde seg om Guds vilje. Det var få folk som verkeleg søkte Gud. Dei fleste slo seg til ro med seremoniane og dei gamle rituala, knytte til den ytre gudsdyrkinga, som gjekk føre seg i teltet i Sjilo der paktkista stod. Denne statlege og nasjonale gudsdyrkinga gav ikkje folk Guds ord, forkynte ikkje Guds vilje til omvending, men møtte folket sitt behov for religiøse kjensler.
Kvifor kom det sjeldan ord frå Gud? Kvifor var det få syner som braut fram og gav von og mot til folket?
Grunnane kan sjølvsagt vera mange, men det er nærliggjande å sjå på stilla som ein verknad av forfallet hos prestane og den offisielle religionen. Fordi prestane tenkte berre på si eiga vinning, hadde heile offertenesta blitt øydelagd. Dei leiande prestane vanvørde Herrens offer. Prestane sitt dårlege føredøme hadde ført ein stor del av folket bort frå Gud.
Det var heller ingen profet mellom folket på denne tida, bortsett frå den ukjende gudsmannen som bar fram eit ord og så blei borte igjen. Det var ingen godkjend profet i Israel, ingen som kunne tala ord frå Gud til folket, ingen folket hadde tillit til. Det var ingen som kunne tena Gud, med å stilla seg i rivnene til forsvar for landet (Esek 22,30). Til alle tider har Gud leita etter folk han kunne bruka, til å tala gjennom og til å føra folket tilbake til seg. Når han ikkje finn folk han kan gjera seg kjend gjennom, er Gud stille og det kjem sjeldan ord frå Gud.
Det var få opne syn, eller det var få syn som braut fram, som det kan omsetjast. Det har nok med det åndelege jordsmonnet å gjera. Folket var ikkje i rett tilstand. Dei var ikkje opne, lengtande eller leitande etter Gud, dei greidde seg veldig bra på eiga hand med sin eigen religion.
Midt i denne tida med fråfall og åndeleg tørke, reiste Gud opp ein ung gut til å bli stor profet. Det er det same kor mørk stoda vi lever i er, Gud vil tala om nokon vil høyra. Gud leitar etter folk, gutar eller menn, jenter eller kvinner, som han kan reisa opp til profetar i eit folk som har vendt seg frå han. Om det sjeldan kjem ord frå Gud og få syn bryt fram mellom Guds folk, kan det bli ei endring! Det treng ikkje vera slik. Gud er ein Gud som taler. Gud er ein Gud som bryr seg om folket! Gud ønskjer å fullføra dei frelsande planane sine for folk. Han leiter etter menn og kvinner som vil tena han og tala hans ord med frimod.
Å vera annleis og åleine
Historia om Samuel er fascinerande. Her er det ein ny profetisk generasjon som er fødd, bedt fram og profetert fram. Han blei gitt til presten Eli, for å vera i Guds hus, i tabernakelet som stod i Sjilo. Det var ikkje veldig positivt det som føregjekk i det tempelet. Prestane, som gjorde presteteneste, var korrupte. Dei utnytta folk og dei viste stor forakt for Herrens offer. Den synda dei gjorde var stor i Herrens auge, står det.
Men Samuel arbeidde under tilsyn av Eli. Det tilsynet var jo ikkje det beste, men det var betre enn med dei prestane som var der. Samuel blei reist opp av Gud og Gud bruker Eli til å hjelpa Samuel til å høyra Guds røyst. Gud bruker ufullkomne menneske. Eli hadde mislukkast med sine eigne søner, men fekk nåde frå Gud til å fostra fram ein åndeleg son: Samuel.
Samuel tok ikkje etter sønene til Eli. Han tok ikkje etter dei prestane som rådde. Det står fleire gonger: MEN Samuel! Han var ikkje som dei andre. Eg har tenkt at han mange gonger må ha kjent seg åleine utan far og mor. Dei andre var ikkje som han, for dei synda og viste ikkje respekt for det som hadde med Gud å gjera. Men guten Samuel gjorde teneste for Herren. Samuel var annleis. Han skilde seg ut.
..Men Samuel gjorde teneste for Herrens ansikt.
..Men Samuel voks opp hos Herren
..Men guten Samuel voks opp og var til glede både for Herren og menneske.
..Men guten Samuel gjorde nå teneste under tilsyn av Eli,
Dette er det Gud har kalla oss til: å gjera teneste for han, uansett kva som skjer rundt oss. Vi skal ta imot tilsyn både frå dei som er leiarar i forsamlinga og frå apostlane og alle tenestegåvene.
Det som ofte følgjer med når du er profetisk, er det at du blir litt åleine. Det er ikkje alle som forstår deg. Av og til når du prøver å seia det som ligg deg på hjartet, kjem det skeivt ut. Det er ikkje sikkert du forstår at det kjem skeivt ut, men du oppdagar at det andre høyrer er noko anna enn det du vil seia. Reaksjonen blir noko heilt anna enn det du hadde venta. Du blir heilt paff.
Og du tenkjer, ”Sa eg noko galt no? Eg forstår ikkje kva galt eg har sagt, men dei som høyrer det eg no sa, reagerer på ein slik måte at eg lurer på kva det er som skjer?”
Dette er ei stor utfordring. Då er det om å gjera at vi, med ein gong det skjer, må prøva å finna ut kva folk høyrde og reagerte på. Vi må spørja folk om kva dei trur vi sa. Då får vi tilbakemelding og kan retta opp i det. Men om vi berre meiner at det vi sa, var så klart og tydeleg at det ikkje kan misforståast, og at dei ikkje tar imot men reagerer feil, og du går på igjen, - då gjer du det berre vanskeleg for deg sjølv,- og for dei andre.
Dette er ein del av forminga, dette er ein del av slipinga som er heilt nødvendig for oss. Som vi før har sagt, vi er fødde til profetar. Det vil seia at heile vår personlegdom, heile den vi er, er laga for å passa inn i det som Gud har kalla oss til. Dette gjeld alle menneske, same kva dei er kalla til. Det betyr altså at det er veldig lett å ta ting personleg. Det betyr og at det er lett å bli vonbroten, skuffa og motlaus.
Dette eg skriv her, om å kjenna seg åleine og misforstått, har eg ofte kjempa med. Eg har vore freista til å gi opp mange gonger. Profeten Elia ville leggja seg ned og døy. Eg kjenner meg godt heime i det! Det er ikkje sikkert du trur det, men eg har hatt det sånn faktisk fleire gonger. Eg skulle berre ønskja at eg kunne forsvinna her i frå. Fordi eg opplevde meg så misforstått, så åleine, absolutt heilt åleine. Det var ingen som forstod meg! Til og med nære venner kan misforstå, og du har ingen å snakka med. Nokre ting må du berre bera sjølv og gå til Gud med. Eg har felt mange tårer og bore fram mange klagerop til Gud. Eg har gått åleine i fjellet og på stranda og aust mi hjartesorg ut til Herren. Å gå til Herren med våre vonbrot og vårt mismot er det beste vi kan gjera.
Elia trudde jo han var den einaste, men Gud sa: eg har sju tusen andre! Så feil kan vi ta.
Så er vi då plassert i Guds hus, og vi plassert i ei forsamling, men vi opplever nokre gonger at dei, som leiar forsamlinga, både kan minna oss om gamle Eli og sønene hans som ikkje hadde respekt. Det kan opplevast vanskeleg å ikkje bli forstått.