Herren stadfestar tenesta
18/08/2022
Når vi gjer det vi trur Gud vil vi skal gjera, vil Gud alltid stadfesta det med si velsigning. Når vi vågar å seia det vi trur Gud vil vi skal seia, stadfestar han orda våre. Vi kan ofte vera skjelvande og ikkje heilt trygge på om vi har høyrt rett, men når vi i tru og lydnad ber fram ordet frå Gud, vil det alltid bli stadfesta. Når Gud stadfestar, veks trua og frimodet vårt. Frå dei første orda vi stotrar fram som eit profetord, vil vi veksa i nåde og frimod. Orda vil bli klarare og enklare. Dei vil ha meir kraft i seg. Vi veks i nåde og kjennskap til Herren og kan bera fram ord frå han med større tyngde.
Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1 Sam 3,19)
Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje liker å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod den første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.
Samuel voks på denne opplevinga og heldt fram med å vera lydig mot Herren. Difor finn vi det naturleg det som følgjer: Og Herren var med han. Dette står i grell motsetnad til stoda til sønene til Eli, dei hadde Herren gått frå. Men Herren var med Samuel. Han gav han styrke til å stå mot trykket frå omstenda og visdom til å gjera det rette. Herren heldt si hand over han og leia han trygt fram. Den unge guten stod fast i si overgiving til Herren og Herren stadfesta orda hans. Ingen av orda frå Gud fall til jorda. Gud vaka over orda sine og sette dei i verk.
Når vi er lydige mot det indre kallet og gjer det Gud seier, vil Gud stadfesta og velsigna. Dette vil folk begynna å leggja merke til. Dei vil oppdaga kor vi har vår styrke. Dei vil sjå Guds nåde i livet vårt. Dei vil sjå at Gud har lagt si hand på oss og bruker oss til velsigning. Det kan ta tid før folk oppdagar at det er eit mønster i måten Gud bruker oss på. Det kan ta tid før folk skjøner at Gud har kalla oss til teneste. Det kan ta tid før folk tar til å setja ord på det dei ser i oss.
Kva folk meiner er ikkje svært viktig, men det er veldig viktig at vi følgjer det indre kallet og trufast gjer det vi trur Gud vil vi skal gjera. Å vera tru mot det indre kallet frå Gud og lydig tena han, er det einaste alternativ vi har. Når vi trufast tener i Guds nåde og salving i Den heilage ande, vil det koma ein dag med offentleg godkjenning frå andre menneske. Det er dette vi kallar det ytre kallet.
Då Samuel hadde vore aktiv i å bera fram ord frå Gud og desse orda hadde blitt stadfesta, skjøna heile Israel at Samuel hadde blitt tiltrudd å vera profet for Herren. Heile folket forstod med andre ord at Herren hadde tillit til Samuel og hadde sett han til å vera profet. Det Samuel sa blei oppfylt. Det han sa skulle henda, hende verkeleg. Folket såg at Samuel hadde med Gud å gjera og godtok at han talte på vegne av Gud. Ein profet kan berre gjera si gjerning fullt ut når folk innser at han taler for Herren og ikkje for seg sjølv eller andre menneske.
Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord. 1 Sam 3,21
Desse orda fortel om Samuel sitt framhaldande fellesskap med Den Evige Eg Er, Herren Allhærs Gud. Herren heldt fram med å gi seg til kjenne for Samuel. Han talte til han gjennom Ordet sitt. Dette er eit kjenneteikn på den profetiske tenesta, fellesskapet med Gud, der Gud openberrar seg gjennom Ordet sitt. Ordet er det mediet Gud bruker til å gjera seg kjend gjennom. Når Gud taler, syner han oss kven han er. Her ser vi også kva som er kjernen i den profetiske tenesta: å ta imot ord og bodskap frå Gud. For å kunna fungera i ei profetisk teneste må vi leva i ein nær relasjon til Gud så han kan tala til oss.