Mykje frukt fører alltid til reproduksjon
Personlege profetiar over livet frå barndommen

Å ha noko på hovudet og den usynlege verda

 

I brevet til Korintarane skriv apostelen Paulus at menn og kvinner skal ha ulik praksis når det gjeld å ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer i den kristne forsamlinga. Mennene har ikkje lov å ha noko på hovudet medan kvinnene skal ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer. Vi skal no sjå på grunngjevinga for denne apostoliske skikken.

Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk. 3 Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus. 4 Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller taler profetisk, vanærar hovudet sitt. 5 Men ei kvinne som bed eller taler profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt. 6 Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller raka håret av seg, må ho dekkja seg til. 7 Men mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære. 8 For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen. 9 Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld. 10 Difor skal kvinna, for englane skuld, ha noko på hovudet som teikn på sin rett. 11 Men i Herren er ikkje kvinna uavhengig av mannen, og mannen er ikkje uavhengig av kvinna. 12 For liksom kvinna vart til av mannen, så blir mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud. 13 Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet? 14 Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår, 15 medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør. 16 Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar. 1.Kor.11,2-16

Denne skikken kviler på apostolisk overlevering og openberring

Apostelen Paulus roser dei kristne i Korint for at dei held fast på dei overleveringane som han har gjeve vidare til dei.[1] Apostoliske overleveringar er viktige for livet i dei kristne forsamlingane. Desse overleveringane gjev oss del i viktige openberringar som må levast ut. Når Paulus seier, vi har ingen annan skikk enn denne, så er «vi» å forstå som alle apostlane. Skikken, om korleis menn og kvinner skal be og profetera, er å forstå som ein ålmenn apostolisk skikk og overlevering. Vi må ta oss i vare så vi ikkje gløymer eller overser desse apostoliske skikkane. Legg merke til kva apostelen seier når han skriv til dei kristne i Tessalonika:

Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev.[2]

Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt, og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss.[3]

Det er tydeleg at apostelen ventar at alle kristne lever i samsvar med dei apostoliske overleveringane, eller skikkane. Han bed dei kristne om å halda seg unna dei som ikkje vil leva i samsvar med desse overleveringane.

I det ellevte kapitelet i Første Korintarbrev tek apostelen oppatt det bibelske prinsippet som ligg til grunn for den skikken at menn ikkje har lov å ha noko på hovudet medan kvinner skal ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer. Han minnar dei om den apostoliske overleveringa og roser dei for å vilja halda fast på denne. Han avsluttar med å seia at den apostoliske skikken står fast og blir praktisert i alle forsamlingane jamvel om nokon få i Korint ønskjer å laga strid om han.[4]

Konklusjonen til apostelen er at det ein ikkje kan gjera av personleg overtyding skal ein likevel gjera for å lyda eit apostolisk påbod. Det er best å ta i mot og forstå, ved Andens openberring, det apostoliske påbodet, men det er og heilt flott å følgja dei apostoliske skikkane i lydnad og tru utan å skjøna meininga fullt ut. Bakgrunnen for det Paulus skriv om dette er at korintarane er flinke til å følgja skikken, men utan fullt ut å forstå det åndelege innhaldet eller grunngjevinga. Paulus ønskjer dei skal forstå kvifor denne skikken er viktig å praktisera i alle forsamlingane.

Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.[5]

Openberring av universell orden

Det første Apostelen Paulus seier er at det å ha eller ikkje ha noko på hovudet (alt etter om ein er mann eller kvinne) når ein ber eller profeterer er eit synleg uttrykk for Guds styresmakt hjå det nye paktsfolket. Han knyter ikkje berre denne skikken opp mot ei openberring av ein universell skaparordning, men ser denne skaparordninga i lys av Jesu Kristi forsoning og frelseverk på krossen. Guds frelseplan i Jesus Kristus kastar nytt lys over denne skaparordninga.  

Legg merke til at apostelen seier at Kristus er hovudet for kvar mann. Han er hovudet i eintal og bunden form. Det vi seia at alle menn, om dei er kristne eller ikkje, har eit hovud over seg: Kristus. Gud har gjort han til Herren over både levande og døde. Alle menneske må forhalda seg til han, om dei vil eller ikkje. Jesus Kristus er hovudet for kvar mann. Kristus står som hovudet over kvar mann, og difor er kvar mann underordna Kristus, med alt som det inneber. Det er viktig å slå dette fast, for det er lett for kristne kvinner å oversjå dette faktum, og ikkje forstå at det er naturleg at også kvinner nokon som er hovud for dei. Ingen mann er uavhengig og sjølvstendig, for Kristus er hovudet for kvar mann, og kvar mann står under Kristus. At Kristus er hovudet for kvar mann uttrykkjer sjølvsagt ikkje heile forholdet mellom menn og Kristus, men underordningsforholdet der mannspersonen og heile hans liv står under Kristus. Dette er den einaste plassen der hovud på gresk står i bunden form, hovudet, alle menn har eit felles hovud. Med andre ord er ikkje mannen uavhengig, for Kristus er hovudet som han er underordna.

I dei neste to plassane der ordet hovud er brukt, er det ikkje i bunden form på gresk. Dette verset skulle vore omsett slik: «Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovud for kvinna, og Gud er hovud for mannen»[6]. Det inneber at mannen ikkje er hovudet for kvinna på same måte som Kristus er hovudet for kvar mann. Det same gjeld også i referansen til Gud som hovud for Kristus. Desse tre forholda er ulike og unike. Ingen av dei samsvarar i alle ting, men dei har alle ein ting felles. I alle tre tilfella er det snakk om eit hovud og ein underordna til det hovudet som anerkjenner det hovudet.

I alt si gjerning som mellommann og utløysar gjorde ikkje Kristus sin eigen vilje, men hans vilje som sende han.[7] Gud var Sendaren hans og slik var han hovud for Kristus, som heile sitt liv understrekte at han var sendt av Far. Mennesket var skapt av Gud og stod under sin Skapar. Men Paulus legg utløysinga og det fullførte frelseverket til skapinga, for han taler om mennesket, ikkje slik det opphavleg var skapt under Gud, men no også for frikjøpt og frelst. Det difor Paulus ikkje seier at Gud er hovud for mannen, men nemnar Utfriaren og Frelsaren, «Kristus». Jesus Kristus er sjølvsagt også frelsar for både kvinner og menn, slik Paulus seier: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.»[8] Likevel gjeld kjønnsforskjellane framleis når det gjeld dette med hovud, seier Paulus. Mannen har berre Kristus som hovud, men kvinna har eit anna hovud i tillegg til Kristus, nemleg mannen. Ho er ikkje hovud for mannen, heller er ho ikkje berre under Kristus som hennar einaste hovud.

Kvinna er skapt av Gud, men av eller frå mannen.[9] Gud tok noko ut av mannen og bygde ei kvinne og mannen braut ut: «No er det bein av mine bein, og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kvinne for av mannen er ho teken». I skapargjerninga var mannen ein slags mellommann som kvinna vart skapt av. No skal ho i følgje NT ha noko på hovudet for å visa hennar plass i skapar og frelseordning. Mannen kjem direkte frå Gud som hans bilete og ære og har ikkje noko mellom seg og Gud.

Kristus – Frigjerar og Frelsar er mellommannen mellom Gud og menneske. Konsekvensen av at Kristus som er hovudet for mannen, ikkje kan sjåast, men mannen kan sjåast, er at teiknet på hovudet hans: at han er helga til Herren og ber krona si til Guds ære, ikkje skal sjåast. Sidan mannen si krone ikkje kan sjåast, sjølv om han er Guds bilete og ære, skal kvinna som er hans ære og som han er hovud for ha ei synleg krone, eit synleg teikn på hovudet sitt som viser hennar fullmakt og rette stilling i Kristus.

Slik Kristus som hovudet for mannen, er frelsar og frigjerar, er det mannen som er hovud for kvinna å vera frelsar og frigjera for henne ved å elska henne og leggja ned livet sitt for henne. Slik kan han gjera henne heilag og herleg og få fram alt det beste i henne.[10]

Den universelle skapar og frelseordninga er at all makt og ære kjem frå Gud og blir gjeve vidare til Kristus som gjev makt og ære vidare til mannen som gjev makt og ære vidare til kvinna. Makt og ære gjev rett og kraft til å gjera Guds gjerningar. Med andre ord ser vi denne rangordninga der ære, fullmakt eller rett til å gjera noko går frå den eine til den andre:

Frå Gud …………………………..

                                                         ……………………………. til Kristus

Frå Kristus ………………………

                                                         ……………………………. til mannen

Frå mannen …….………………

                                                         …………………….………… til kvinna

Det som startar med Gud endar hjå kvinna. Her ser vi at både kvinner og menn er ein integrert del av Guds orden og har viktige funksjonar i Guds frelseplan. Legg merke til at både kvinner og menn har ein viktig og ærefull plass i Guds universelle orden for styresmakt. Det handlar med andre ord om Guds rike – Guds styre mellom menneska.

I Det gamle testamente hadde kvinnene ein mindreverdig status. Dei vart til dømes ikkje innlemma i pakta slik menn vart det med omskjeringa. Men i Det nye testamente er kvinnene sin status heilt endra. No står dei på lik linje med menn.  Dei blir døypte i vatn og Ande til å verta med i paktsfolket, til å vera ein kropp og tek sjølvsagt del i paktsmåltidet. Dette inneber ei fullstendig forvandling i kvinna si stilling i Guds plan og hensikt for vår tid. Difor er kvinner og menn er likeverdige partnarar i Guds rike slik apostelen Paulus seier i Galatarbrevet:

Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus.[11]

Når dette er sagt, må vi likevel minnast at djevelens åtak, som førte til det fatale syndefallet,[12] var retta mot mannen gjennom kvinna. Det ser ikkje ut til at mannen møtte freistaren direkte, men kvinna møtte den gamle slangen, og på grunn av hennar uavhengige handling i å eta den forbodne frukta vart det driven ein kile mellom Gud og mennesket.

Når Bibelen omtalar syndefallet seier han at kvinna vart dåra og fall i lovbrot, medan mannen ikkje vart dåra, men var ulydig mot Gud.[13] Kvinna blir difor ikkje halden ansvarleg for syndefallet, men det gjer mannen. Det var gjennom Adam synda kom inn i verda, og dermed sjukdom, liding og død.[14] Adam si synd var at han høyrde på kona si, som han var hovud for, og ikkje høyrde på og lydde Gud som var hans hovud.

Då Adam synda vart den gode ordninga Gud hadde skapt mellom seg og skaparverket forstyrra. Det gode forholdet mellom kvinne og mann vart forstyrra. Alle menneskelege forhold vart merka av synda. Guds gode orden, freden og harmonien, var broten. Mannen starta å skulda på kvinna og kvinna har sidan dette prøvd å få makt over mannen, og ein bror tek livet av ein bror. Dette er uorden i Guds gode skaparverk.

Gud har ikkje endra på planen sin om å ha eit fellesskap av menneske i sitt bilete til å styra og råda på jorda på hans vegne. Han lova med ein gong at kvinna si ætt skulle gjera ende på fienden og hans avkom.[15] Gjennom heile Bibelen går det ein raud tråd som vi kan kalla gjenreising. Gud arbeider for å gjenreisa mennesket, både menn og kvinner, til sin rette plass i Kristus. Gjennom Jesu Kristi forsoning og frelsesverk gjenreiser Gud alle ting profetane har talt om frå eldgammal tid.[16] Gjennom forsamlinga skal Guds mangfaldige visdom kunngjerast og synleggjerast både for den synlege og usynlege verda.[17] Kristi gjerning som utfaldar seg i forsamlinga er å gjenreisa universell orden og styresmakt som kjem frå Gud, gjennom Kristus til mannen og blir fullenda med kvinna. Utan kvinner og menn på rett plass er verket ufullkome.

Denne universelle skapar og frelseordninga, som Gud vil synleggjera når kvinner ber og profeterer med noko på hovudet og menn avstår frå å gjera dette som berre kvinner har rett til, kjem til uttrykk på fleire vis i det kristne fellesskapet. Eg vil her berre nemna dette at mannen er hovud i familien og at berre menn kan vera eldste og ha styreansvar i forsamlinga. Dette er to endå viktigare område kor det står stor strid om i dag. Djevelen gjer alt han kan for å øydeleggja Guds gode skaparordning. Eg kan ikkje gå inn på dette med leiarskap no, men vil berre visa til det Bibelen seier.[18]

Den apostoliske openberringa av Kristus er at han synleggjer sitt styre og herredøme på ulike måtar i det kristne fellesskapet. Rett bruk av noko på hovudet uttrykkjer Guds universelle orden og viser at vi ærar Jesus Kristus som Herre i samlingane våre. Ei kvinner med noko på hovudet når ho ber og profeterer viser at ho har rett eller fullmakt frå Gud sjølv til å fungera på lik linje med ein mann som Guds tenar.

I den nye pakta har kvinna fått eit paktsteikn som menn ikkje har rett til å bera. I den gamle pakta var det berre menn som bar paktsteiknet på kroppen sin. No har kvinner fått eit teikn på mynde, eit teikn på fullmakt og rett til å vera likestilt med menn for å tena i Andens salving i forsamlinga.

Heile jorda skal fyllast av menneske som utstrålar Guds herlegdom[19]

Det andre apostelen seier om denne apostoliske overleveringa og skikken med noko på hovudet er at det er knytt til ei openberring av Guds herlegdom og synleggjer dette i det kristne fellesskapet. Fleire gongar i dette avsnittet taler apostelen om ære eller herlegdom og om vanære. Mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære.[20] Mannen er skapt direkte frå Gud og han vart skapt først til å representera Guds ære og herlegdom.[21] Men kvinna er mannens ære og skal difor ha noko på hovudet sitt når ho ber eller profeterer. Jesus er det synlege biletet av den usynlege Gud.[22] Han er også biletet av Guds vesen.[23] Det inneber at Jesus er Gud, han er ikkje berre lik Gud. Mennesket vart skapt til å vera eit avbilete av Gud og vera i hans likning.[24] Både menn og kvinner er skapte av Gud i hans bilete og likning, men på kvar sin måte og rekkjefølgje.

Gud vil fylla heile universet med kunnskap om si ære eller herlegdom. Han har sett seg føre å synleggjera visdomen og herlegdomen sin gjennom det kristne fellesskapet.[25] For å forstå den djupe meininga med dette må vi på ny gå tilbake til skapinga av mennesket og syndefallet. Då Gud skapte mennesket i sitt bilete til å styra og råda, krona han mennesket og kledde dei i herlegdom og ære.[26]  Men då menneska synda mista dei denne herlegdomen og oppdaga at dei var nakne. Så kom skamkjensle, fordøming og frykt krypande og dei prøvde å gøyma seg for Gud. Dei vart redde, for synda deira hadde øydelagd det gode og nære forholdet dei hadde hatt til Gud, og no stod dei avkledde, utan herlegdom og ære. Det finst inga ære eller herlegdom i å vera ulydig mot Guds ord og hans gode ordningar.

Apostelen Paulus seier at alle menneske har synda og manglar Guds herlegdom. Men Jesus kom for å føra oss tilbake til Gud og føra oss til herlegdom.[27] Gud vil med andre ord gjenreisa oss til vår rette plass i Kristus, kledd i herlegdom og ære, slik hans opphavlege plan var. Dette er ein del av den nye pakta og blir verkeleggjort ved Den Heilage Ande som verkar i oss med si kraft og omskapar oss frå herlegdom til herlegdom.[28]

Herlegdom har å gjera med Guds ære, heilagdom, stråleglans og venleik. Gjennom heile Bibelen finn vi at Gud både synleggjer og tildekkjer herlegdomen sin. Gud er så stor og herleg at vi ikkje kan fatta det fullt ut. Difor er det alltid eit visst element av mysterium knytt til Guds herlegdom som kan vera både synleg og usynleg for menneska.

Herrens herlegdom openberra seg i skya[29]

Herrens herlegdom kvilde på Sinaifjellet[30]

Herrens herlegdom fylte tabernaklet[31]

Herrens herlegdom fylte Herrens hus[32]

Vi les om Herrens herlegdom som Guds synlege nærvær mellom paktsfolket sitt, men vi finn også at Gud vil at herlegdomen hans skal dekkjast til. Guds herlege nærvær vart buande i tabernakelet og i tempelet i det høgheilage rommet bak forhenget. Herrens paktkiste representerte Guds nærvær og ho stod, i det inste rommet i tempelet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane. For kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei dekte over både kista og berestengene.[33]

Profetane Jesaja og Esekiel såg Herrens herlegdom i syner frå Gud. Desse openberringane knytte herlegdomen til den heilage Gud på kongsstolen.[34] Dei himmelske vesena som tilbad dekte kroppane sine i respekt og ærefrykt for han sat på kongsstolen.

Guds herlegdom har både med ei openberring og ei tildekking av Gud som rår i heilagdom mellom det folket han har fria ut frå synda og verda.

Det at Guds herlegdom både er synleg og tildekt ser vi i Jesus, som er Guds herlegdom, i mellom anna dette ordet:

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.[35]

Denne herlegdomen var det mange som ikkje såg. Dei såg berre eit vanleg menneske. Jesus sa sjølv at det måtte openberring til for å sjå kven han var.[36]

Vi treng å sjå samanhengen mellom rett forhold til den som er hovud for oss og herlegdom slik vi ser det i Jesus Kristus, vår Herre. Jesus sa at han ikkje tok imot ære frå menneske, men berre frå Gud.[37] Jesus opphøgde seg ikkje sjølv, men Far hans opphøgde han og gav han ære.

Slik er det også mellom mann og kvinne. Mannen gjev først ære til kona si. Han gjev henne namnet sitt. Han ærer henne med alt han eig. Alt han har er no også hennar. Han taler vel om henne og ønskjer at alle skal sjå kor herleg og god ho er. For ho er hans ære. Ei vakker, harmonisk og tilfreds kone gjev ære til mannen sin, men ei uflidd, deprimert og misnøgd kone er ei vanære for han.

Slik Jesus levde for å gje ære og herlegdom tilbake til Gud som hadde gjeve han ære, slik er det alle si plikt å æra den som er hovudet for oss og som har gjeve oss ære. Far gav ære til Sonen og Sonen gav ære til Far.  Jesus æra alltid Gud i alt han sa og gjorde.[38] Dette er den kristne livsstilen og det er dette det å ha noko på hovudet når ei kvinne ber og profeterer handlar om. For ei kvinne å kunna vera mannen si ære og herlegdom i det kristne fellesskapet, må ho ikkje vera uavhengig og opprørsk, men pryda seg med ei mild og stille ånd som er kosteleg for Gud.[39]  Slik Kristus gav ære til Far og slik gjorde det synleg for alle at Gud var hovudet hans, slik ærar kvinna mannen og syner at han er hovudet hennar. På denne måten er ho mannen si ære slik Kristus er Far si ære.  Ved å ha noko på hovudet når ho ber og profeterer viser ho respekt og gjev ære tilbake til Gud same vegen ære kom til henne.

Apostelen Paulus snakkar fleire gongar om å æra eller å vanæra hovudet sitt. Ein mann som ber eller profeterer med noko på hovudet vanærar hovudet sitt som er Kristus.[40] Ei kvinne som ber eller profeterer utan noko på hovudet vanærar hovudet sitt som er mannen.[41] Dermed stansar den guddommelege flyten av ære og herlegdom opp og det får verknader for både mannen, Kristus og Gud vår Far.

All herlegdom og ære kjem frå Gud som ønskjer å føra menneske fram til herlegdom. Herlegdomen flyt frå Guds kongsstol til mannen og kvinna og er meint å venda tilbake til Gud frå kvinna til mannen til Kristus til Herlegdomens Far. Vi er alle skapt til å æra og herleggjera Gud i alt vi seier og gjer. Rett bruk av å ha noko på hovudet når ein ber eller profeterer er ein måte Gud blir æra på. Det første steget bort frå Gud er å ikkje æra han slik han bør ærast i lydnad og tru.[42]

For englane si skuld – dei usynlege vesena skal få sjå Guds herlege orden mellom menneska

Den apostoliske overleveringa har for det tredje med den usynlege verda å gjera. I brevet til korintarane er englar nemnd mange gongar.[43] Forsamlinga i Det nye testamentet var medveten om si eineståande stilling om å vera på ein lokal stad, i eit nærmiljø, på jorda mellom menneske, og samstundes vera i det himmelske med Kristus. Forsamlinga har både med menneske og englar å gjera. Apostlane sine gjerningar er eit skodespel for både menneske og englar. Dei heilage skal døma både menneske og englar. Tungetale, gjeven av Den Heilage Ande, kan vera både menneskespråk eller englespråk.

Gjennom heile Bibelen finn vi englar som kjem frå den usynlege verda og tek del i Guds gjerningar for å gjenreisa alle ting i samsvar med hans evige plan. Då Jakob var på veg med husforsamlinga si for å møta bror sin, kom Guds englar imot han. Med det same Jakob fekk auga på dei, sa han: "Her er Guds leir." Og han kalla staden Mahanajim ( to leirar).[44] Guds leir, Guds flokk, Guds forsamling er samansett av to leirar eller to flokkar eller forsamlingar – av menneske og englar.

Hebrearbrevet seier det same. Den universelle kyrkja er Sionfjellet, den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, dei mange tusen englar, ei høgtidsfeiring, forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. Der er dommar som Gud for alle, og der er åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga[45] Det er ikkje for ingenting den kjende forfattaren Ronald Fangen sa at forsamlinga er verdas største under. Det kristne fellesskapet er ei samling av både menneske og englar, som er tenande ånder for dei som skal arva frelse. Forsamlinga er Kristi kropp. Kristus er hovud, han sit ved Guds høgre hand i himmelen og vi er hans hender og føter her på jorda. Vi lever både i den synlege og usynlege verda ved Den Heilage Ande.

Slik englane står i forhold til Gud, slik står kvinna i forhold til mannen. Englane dekkjer seg til med vengene sine når dei tilber framføre Guds andlet,[46] slik dekkjer også kvinnene hovudet sitt når dei stig fram for Guds andlet. For kvinna å ikkje tildekkja seg, vil vera usømmeleg og føra vanære over henne og kunne støyta englane.[47] Kvinna som er det veikare karet,[48] er spesielt i behov av englane si teneste og må vera varsam og ikkje støyta dei.

Englane er tilskodarar og heilage vaktarar som tek del i det som hender på jorda.[49] Dei lengtar etter å sjå inn i den frelsa vi som kristne har kome inn i, seier apostelen Peter.[50] Når apostelen Paulus har brukt mange vers for å gje jordnær rettleiing livet og leiinga i det kristne paktsfellesskapet, og mange av versa omhandlar kvinners oppførsel i forsamlinga, seier han noko veldig interessant: ”Eg byd deg for Guds og Kristi Jesu andlet og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordommar og utan å gjera forskjell på folk”. [51]  Legg merke til at mange av desse tinga som synest å vera ganske kvardaglege likevel har stor meining for både Gud og englane. Apostelen seiar med andre ord at dei må halda formaningane hans på grunn av  Gud og englane.

Vi skjønar at englane er opptekne med, er kalla til å vera vitne til og heilage vaktarar mellom det nye paktsfolket for at dei Guds rikes guddommelege prinsippa blir levd ut i jordnært kristenliv. Englane er tenande ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv.[52] Dei passar på at skaparordninga blir gjenreist og demonstrert i det kristne fellesskapet, slik at Guds mangfaldige visdom kan kunngjerast gjennom forsamlinga for maktene og herredøma i himmelrommet.[53]

Når forsamlinga kjem saman for å gjera si prestelege og profetiske teneste må det vera ein, synleg og eineståande for det kristne fellesskapet, demonstrasjon av Guds skaparorden og styresmakt inn i den usynlege verda, for englane si skuld. Gud har valt å demonstrera dette for både englar, makter og herredøme i den himmelske og synlege verda.

Det er svært interessant å leggja merke til apostlane Peter og Judas seier om vranglærarar som forkastar herredømme og spottar himmelske makter.[54] Apostlane knyter saman det å forkasta styresmakt og spotta høge makter. Om vi knyter desse avsnitta saman med det Paulus seier om englane og det å ha noko på hovudet når ein ber eller profeterer for englane si skuld, kan vi stilla dette spørsmålet: Er det slik å forstå at dei som ikkje praktiserer den apostoliske overleveringa Paulus minnar oss på i 1.Kor.11,1-16 forkastar Guds skaparordning og samstundes spottar englane, dei usynlege maktene?

Apostlane Peter og Judas seier at dei englane som synda skal få sin endelege dom.[55] Om forsamlinga skal ta del i denne dommen eller på anna vis døma englar slik Paulus nemner[56] er vanskeleg å seia, men det apostlane seier om fallet deira er verdt å merka seg.

Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen.[57]

Englane si synd var at dei ikkje tok vare på den stand dei var gjeve av Gud. Dei gjekk frå stillinga si for å trå etter ei anna stilling, ei stand dei ikkje var gjeve av Gud.  Vi forstår av dette at englane si opphavlege synd eller opprør kom frå ei misnøye med dei grensene Gud hadde sett for dei i lys av herlegdomen deira. Dette førte til at dei prøvde å ta ein stand, ei stilling med større makt enn det dei var tildelt av Gud. Med andre ord fylgde dei i djevelen sitt fotefar, han som hadde vore ein vernande kjerub[58] som vart hovmodig på grunn av sin venleik,[59] og som tenkte med seg:  «Til himmelen vil eg stiga opp;  høgt over Guds stjerner reiser eg min kongsstol.[60]

Desse orda i Skrifta tener til åtvaring for oss som lever i den siste tida[61] om å halda oss innanføre dei grensene Gud har sett for oss i Guds forsamling.[62] Det er viktig å vera tilfreds med plassen vår i Kristi kropp og fungera innanføre det mål av nåde, salving og styre som er gjeve oss. Vi må ikkje verta hovmodige for då kan vi falla under same dommen som djevelen.[63]

Når kvinner har eit teikn på fullmakta si når dei ber og profeterer i den kristne forsamlinga og gjer si åndelege teneste for Gud og menneske, er dei ei stadig påminning til dei opprørske englane (dei vonde åndene) om den komande straffedommen over opprøret deira mot Guds orden.[64] Kvinner og menn som kjenner plassen sin og fungerer i samsvar med det mål av nåde og styre dei har fått av Gud er eit sterkt vitnemål for englane om at Gud har eit folk som med glede tener hans plan i si levetid. Kvinner og menn har makt og rett til å utøva Guds universelle dom,[65] fordi dei har bøygd seg for og teke imot denne retten frå han som har all makt i himmel og på jord.

Det teiknet ei gudfryktig kvinne har på hovudet når ho ber og profeterer er eit forvarsel til dom for dei vonde åndene, men eit teikn til stor glede for Guds englar, som er tenande ånder for dei som skal arva frelse, og som med glede vil underordna seg dei heilage i den komande verda.[66] Guds forsamling står i ein åndeleg kamp mot makter og herredømme, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.[67] I denne kampen har vi fått to offensive våpen: Andens sverd som er Guds ord og bønn.[68] Det når kvinner taler Guds profetiske ord og ber i Anden at det er livsviktig å eit synleg teikn på fullmakt på hovudet sitt. Likeeins er det livsviktig for menn å ikkje ha noko på hovudet når dei ber fram ord frå Gud og ber profetiske bønner i den kristne forsamlinga. Både kvinner og menn tek del i den åndelege kampen og må bruka dei våpna dei har fått frå Gud på Guds måte.

Spørsmål vi ofte møter

Kva med det Paulus seier om langt eller kort hår?

Men ei kvinne som bed eller taler profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt. Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller raka håret av seg, må ho dekkja seg til. ..  Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår, medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.[69]

Det apostelen Paulus seier om hår er ikkje noka hovudargument i framlegginga hans. Han bruker det som er ei vanleg oppfatning på den tida som ein illustrasjon for å understreka og gje vekt til det han underviser om kvinners bruka av hovudbunad når dei ber og profeterer. Han bruker noko som er naturleg for dei han skriv til for å få fram åndelege sanningar, ”lærer ikkje sjølve naturen dykk”. Han gjer det same når han går i rette med det han høyrer om hor mellom dei: ”Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane[70].  Heidningane er ikkje målestokken for kristen seksualmoral, men det faktum at til og med heidningane på den tida avstod frå sex med kona til far sin, skulle læra dei kristne at denne oppførsel ikkje er rett, for desse heidningane lever etter Guds ord. Det er ikkje det som blir oppfatta som naturleg av folk flest som skal tyda åndelege ting, men det kan brukast som oppmuntring til det rette når det samsvarer med det Bibelen seier.

Kva lærer naturen oss?

Å snauklyppa seg eller å raka av seg håret er ei vanære for ei kvinne, medan det er ei ære for kvinna å ha langt hår. For menn er det omvendt. Det lange håret er kvinna si naturlege ære og hovudbunad som framhevar venleiken hennar. Kvinna har frå naturen alt fått eit vakkert dekke der det lange håret er herlegdomen hennar som ho ber på hovudet sitt.

Når vi stig fram for Gud kjem vi ikkje det som er vårt frå naturen, men berre med det som har si ros i Herren.[71] Ein kristen mann står for Kristus som Guds bilete og ære og skal difor ikkje ha noko på hovudet når han ber eller profeterer. Kvinna er mannens ære, difor sømmer det seg for henne å dekkja hennar naturlege ære for å visa fram det som er hennar åndelege ære, - hennar rette plass i plass i Guds ordning.

(I 2.Mos.34,29 har vi eit anna døme på herlegdom som blir tildekkja. Moses dekkja til den herlegdomsglansen som heldt på å verta borte.[72] Kvinna sin naturlege herlegdom knyta til håret er heller ikkje varande, men mistar glansen sin med tida. Dette er det sømmeleg å dekkja til. Men i den nye pakta får både kvinner og menn del i ein åndeleg herlegdom som berre blir herlegare og herlegare.[73])

Paulus seier at det lange håret er gjeve kvinna som ein naturleg hovudbunad, eit slør eller eit dekke, medan mannen ikkje har fått noka tilsvarande. Gjennom heile Korintarbrevet understrekar Paulus motsetningane mellom det naturlege og det åndelege. Når naturen lærer at kvinna sitt hår er hennar ære og slør, seier det oss at ho også treng eit tilsvarande åndeleg dekke så hennar åndelege herlegdom kan demonstrerast.  ”Men det åndelege er ikkje det første, men det naturlege, og deretter det åndelege.”[74]

Hår og utsjånad i Skrifta

Det viktigaste poenget for Paulus når han forklarar den apostoliske overleveringa andsynes hovudbunad i forsamlingane er Guds skaparordning der all rett til å handla kjem frå Far til Son til mann til kvinne. Slik Far og Son er like guddommelege, slik er kvinner og menn likeverdige som menneske. Slik Sonen i praksis underordnar seg Far og er sendt av han, slik underordnar kvinna seg mannen. Jesus avstod frå å riva til seg retten å vera Gud lik, han gav avkall på sitt eige og vart lydig til døden.[75] Jesus vart menneske lik og underordna ved å ta på seg ein tenars skapnad, jamvel om han var fullt og heilt Gud. Jesus kunne berre fullføra oppdraget sitt frå ein stilling av underordning. For å fullføra oppdraget ”gav han avkall på sitt eige” samstundes som han ”tok på seg ein tenars skapnad”. Denne skapnaden eller utsjånaden avspegla sinnelaget hans i eit jordnært liv.[76]

Bibelen omtalar mange gongar forholdet mellom kvinners ytre skapnad, utsjånad, og hennar hjartehaldningar. Både Peter og Paulus tek dette opp.[77] Begge desse avsnitta handlar om kvinners underordning til mannleg leiarskap. Paulus viser til Adam og skaparverket medan Peter viser til Abraham og pakta. Slik viser dei at den guddommelege ordninga står fast både som ei skaparordning og ei paktsordning. I desse avsnitta seier apostlane at kvinnene sine klede og hårfrisyrar, utsjånaden, klart viser dei indre haldningane deira. (Det same kan sikkert også gjelda menn, men Bibelen knyter det oftast til kvinner.) Ei kvinne skal underordna seg fordi ho er kvinne, men ho skal ikkje briska seg med feminiteten sin. Faresignala på at ei kvinne ikkje har ei rett haldning til underordning ser vi ikkje i om ho utviklar ein maskulin utsjånad, men i ein gal bruk av sig eigen seksualitet.

Det gamle testamente stadfestar dette synet: ”Fordi Sions døtrer briskar seg,  og går med bratt nakke,  spelar med augo og  går og trippar  og ringlar med sine fotringar, så skal Herren la Sions døtrer verta fulle av skurv i hovudet  og gjera dei snaue om panna. Då blir det illtev i staden for vellukt, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for kunstige krøller, strieplagg i staden for stasklede og brennemerke i staden for venleik.[78]

Både Det gamle og Det nye testamente åtvarar mot å bruka håret for å fremja sin eigen feminitet på ein hovmodig måte, det vere seg med kunstige krøller, flettingar, flott oppsett hår eller til og med laust hengande hår. Moses seier at ei kvinne som er mistenkt for utruskap og som får sin truskap prøvd av presten skal la håret hengja laust i prøvetida.[79] I denne samanhengen ser vi at laust hengande hår var eit teikn på at denne kvinna var under mistanke om utruskap!

Kvinna sitt flotte hår kan vera ein av hennar mest forlokkande eigenskapar. Visse tider er det rett å visa det fram som teikn på hennar feminitet slik vi finn det i Høgsongen som seier at hårflaumen på hovudet til brura er som purpur trådar og at kongen er fanga i hennar fagre lokkar.[80] Dette er heilt legitimt i privatlivet, men det høyrer ikkje heime når kvinna gjer åndeleg teneste i forsamlinga, då skal håret dekkast til som eit åndeleg teikn på hennar rett i den nye pakta til å be og tala profetisk på lik linje med menn.

I lys av dette vi her har sagt får hendinga med ”kvinna med det syndefulle livet”, som salva Jesus med alabastar salve, endå større betyding. Kjærleiken og takken for tilgjevinga gjorde at ho tok det som var hennar ære til Jesu føter i omvending og tru.[81]

Guds dom over dei stolte Sions døtrer i Jesaja 3 var fleinskalle, dei var heilt raka på hovudet. Det kan vera dette Paulus hadde i tankar når han seier det er det same som å vera snauklypt – det er eit varsel om dom over hovmodige kvinner. Men kanskje han heller har 5.Mosebok 21,10-13 i tankar, der den snauklypte kvinna, er eit teikn på at ho ikkje har nokon status i ventetida, til ho kjem under den nye mannen sitt tilsyn og vern. Om det er dette Paulus har i tankar seier han med andre ord at den kvinna som nektar å ha noko på hovudet når ho ber og profeterer, vanærar det åndelege hovudet sitt og seier eigentleg at ho korkje har noka fullmakt til å fungera eller noka status i forsamlinga.

Kan dette med hovudbunad ha med kulturen på den tida å gjera?

Det er mange som hevdar at denne skikken som Paulus legg på forsamlingane har sitt opphav i kultur og skikkar på den tida. Det er eit argument som ikkje er haldbart. For det første fordi Paulus grunngjev denne overleveringa med Guds skaparordning, prinsippet om å gje ære til dei som står over oss og for englane si skuld. Desse tre grunnane har ingenting med kultur å gjera, men uttrykkjer apostolisk openberring.

Den andre grunnen at dette ikkje kan ha noko med kultur å gjera, er det historiske faktum at det ikkje på den tida fanst ein einsarta kultur på dette området. Grekarane (som Korintarbrevet var skrive til) tilbad i templa sine utan noko på hovudet, medan romarane vanlegvis dekkja til hovudet når dei bar fram avgudsoffer. Difor er det vanskeIeg å grunngje den nye apostoliske skikken med kultur eller skikk og bruk på den tida Paulus skreiv brevet sitt. GT brukte øvstepresten ein turban på hovudet når han gjorde si presteteneste. Den dag i dag har jødiske menn ein kalott på hovudet når dei ber. Det viser at denne apostoliske skikken, som Paulus seier alle dei kristne forsamlingane praktiserer, er eit brot med gammaltestamentleg praksis!

Treng vi praktisera hovuddekke når det skapar strid?

Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar.[82]

Dette verset skapar mange misforståingar slik det er omsett i våre norske bibelomsetjingar. Ei rett grammatikalsk  I ei fotnote til Bibelselskapet si omsetjing av 2006, står det slik: Paulus sikter truleg til den nye skikken som enkelte kvinner i forsamlinga i Korint ville innføra: å ikkje dekkja til hovudet medan dei bad og profeterte i gudstenesta. Elles er det mange norske kristne som forstår dette verset slik: Om nokon vil laga strid, då droppar vi skikken om hovuddekke! Denne forståinga er jo meiningslaus og får Paulus til å motseia seg sjølv. Den danske omsetjinga av Peter Schindler seier det slik: Lad saa den der har Lyst til det, diskutere frem og tilbage om denne Sag,  for os er den klar: at vi ikkje har den Skik, at Kvinden beder barhodet – ingen av Guds Kirker har den!

NLT omsett dette verset slik: But if anyone wants to argue about this, all I can say it that we have no other custom than this, and all the churches of God feel the same way about it. Den Levende Bibelen seier det slik: Kanskje noen vil begynne å krangle om dette, da skal dere vite at både vi og alle Guds menigheter holder på denne regelen.

Kva med jenter og ugifte kvinner?

Det er dei som hevdar at det Paulus skriv om kvinner og menn i dette avsnittet i Første Korintarbrev berre handlar om gifte kvinner og menn. Det er jo ikkje slik å forstå at ein kvar mann er hovud for ei kvar kvinne, men den gifte mannen er berre hovud for kona si. Difor treng ikkje jenter eller ugifte kvinner, etter deira meining, å praktisera det Paulus seier om at kvinner skal ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer.

Den slutninga er nok litt for snar og tek ikkje innover seg Guds skaparordning. Det er rett at ein mann berre er hovud for si eiga kone og ikkje for alle kvinner han møter. Det er også slik at alle jenter og ugifte kvinner framleis er kvinner og står under eit mannleg hovud. Om dei bur heime hjå foreldra sine er det foreldra, med far i spissen som er hovudet deira. Ugifte kvinner som har etablert sitt eigen heim og ikkje lenger har far som hovud, har likevel mannlege eldste i forsamlinga som hovud. Difor er det ingen grunn til at ikkje jenter eller ugifte kvinner ikkje skal gjera det apostelen seier at alle kvinner skal gjera.

Kan menn ha eit teikn på hovudet sitt? Korleis vil det sjå ut?

Korleis kan vi anvenda nasirearlova i 4 Mos 6.1-21 i vår tid?

Kva samanheng kan du sjå med 1 Kor 11,2-16?

Kva skjer i den usynlege verda når vi tek del i Herrens måltid – paktmåltidet?

Kva skjer i den usynlege verda når folk blir døypt?

Kva med å løysa og setja folk fri frå vonde og ureine ånder?

 

[1] 1.Kor.11,2

[2] 2 Tess 2,15

[3] 2 Tess 3,6

[4] 1.Kor.11,16

[5] 1 Kor 1,10

[6] 1 Kor 11,3

[7] Joh 5,30

[8] Gal 3,28

[9] 1 Mos 2,23

[10] Sjå Ef 5,21-33

[11] Gal 3,28

[12] 1.Mos.3,1-19

[13] 1.Tim.2,13-14

[14] Rom.5,12-19

[15] 1.Mos.3,15

[16] Ap.gj.3,21

[17] Ef.3,4-11

[18] Ef.5,21-33; 1.Tim.2,11-14; 3,2-5

[19] Hab.2,14; Jes.11,9

[20] 1.Kor.11,7

[21] Sal 8,6

[22] Kol 1,15

[23] Hebr 1,3

[24] 1 Mos 1,26-27

[25] Hab.2,14; Jes.11,9; Ef.3,10

[26] Sal.8,6-7; Hebr.2,7

[27] Hebr.2,10;

[28] Rom.8,28-30; 2.Kor.3,18

[29] 2.Mos.16,10

[30] 2.Mos.24,16

[31] 2.Mos.40,34

[32] 1.Kong.8,11

[33] 1 Kong 8,6-7

[34] Jes.6,1-3; Esek.1

[35] Joh 1,14

[36] Matt.16,17

[37] Joh.2,11; 17,22

[38] Joh.17,10; 5,19; 14,24

[39] 1.Pet.3,4-5

[40] 1.Kor.11,4

[41] 1.Kor.11,5

[42] Sjå Rom.1,19-32

[43] 1.Kor.4,9; 6,2-3; 11,10; 13,1

[44] 1 Mos 32,1-2

[45] Hebr 12,22-23

[46] Jes 6,2

[47] Matt 18,10,31

[48] 1 Pet 3,7

[49] 1.Kor.4,9; Dan.4,13,23

[50] 1.Pet.1,12

[51] 1 Tim 5,21

[52] Hebr 1,14

[53] Ef 3,10

[54] Judas 8; 2.Peter 2,10

[55] 2.Peter 2,4; Judas 6

[56] 1.Kor.6,3

[57] Judas 6

[58] Esekiel 28,14

[59] Esekiel 28,17

[60] Jesaja 14,13 

[61] 1.Kor. 10,6,11

[62] 1.Kor.12,18

[63] 1.Tim. 3,6

[64] Judas 8-9

[65] Salme 149,9

[66] Hebr.2,5-6

[67] Ef. 6,12

[68] Ef.6,17-18

[69] 1.Kor.11,5-6; 14-15

[70] 1 Kor. 5,1

[71] 1.Kor.1,26-31

[72] 2.Kor.3,10-13

[73] 2.Kor.3,18

[74] 1 Kor. 15,46

[75] Fil. 2,6-8

[76] Fil. 2,5

[77] 1.Tim.2,9-14; 1.Pet. 2,25-3,7

[78] Jesaja 3,16-24

[79] 4.Mos.5,11-31

[80] Høgsongen 7,5

[81] Lukas 7,36-50

[82] 1.Kor.11,16

Comments