Jesus er vintreet, vi er greinene (Joh 15,5)

Mykje frukt fører alltid til reproduksjon

All frukt har frø i seg til nye plantar av same slag. Frukt er ofte tiltrekkjande og smakar godt. Slik hjelper dei som et med til å spreia frøa som er i frukta. I desse frøa ligg kimen til nytt liv, nye plantar og ny mangfaldiggjering.

Når Jesus taler om å bera mykje frukt knytter han det til å æra Far og bli hans læresveinar. Han seier at han har valt oss ut til og sett oss til å gå ut og bera mykje frukt, ei frukt som varer. Å gå ut og bera frukt er å gå ut i all verda og forkynna evangeliet for alt som Gud har skapt. Det er å oppfylla misjonsoppdraget: 

Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar. Døyp dei til namnet åt Far, Son og Den Heilage Ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dokker. Og sjå eg er med dokker alle dagar så lenge verda står - heilt til tidsalderens ende (Matt 28,18-20).

Å bera frukt handlar også om å fostra fram ein ny generasjon som kan føra slekta og det store oppdraget vidare. Familien står sentralt i Guds plan. Gud har alltid fremja sin plan gjennom familien som føder fram nye generasjonar, nye familiar - ei veksande slekt - eit stort folk som tener Guds plan i si levetid.

Gud presenterer seg som Abrahams, Isak og Jakobs Gud. Det er alltid minst tre generasjonar saman i eit folk som går på Guds veg og lever i hans velsigning. Johannes skriv til barn, fedrar og dei unge. Barna er dei nye i trua, dei har fått sine synder tilgjevne. Fedrane og mødrene er den åndelege foreldregenerasonen som kjenner Gud som opphav til alle ting. Dei unge er sterke fordi Guds ord blir verande i dei har overvunne den vonde. No er dei i etableringsfasen der dei finn sin livspartnar og startar sin eigen familie og fostrar fram nye generasjonar. Gud fullfører sin plan gjennom generasjonar som arbeider saman - mot same mål.

I kongetida i Israel var det gode og dårlege kongar. Det var leiarar som gjorde det som var rett i Herrens auge og det var leiarar som gjorde det som var vondt i Herrens auge. Leiarskapet gjekk frå ein generasjon til ein ny generasjon. Nokre gongar fostra dei gode kongane fram nye gode kongar som gjekk på Guds veg. Andre gongar fekk gode kongar søner som gjekk bort frå Gud. Frå eit dårleg leiarskap kunne det koma eit godt leiarskap. Det er ingen automatikk i at den nye generasjonen blir slik foreldregenerasjonen var.

Hiskia var ein av dei gode kongane, han gjorde det som var rett i Herrens auge. Han gjenreiste templet og fornya  prestetenesta. Han la til og med ned offerhaugane. Ingen var hans like for han søkte Gud av heile sitt hjarte (2 Kong 18,5-7; 2 Krøn 31,20-21). Likevel svikta han i å fostra fram ein ny generasjon som kunne føra gjenreisinga vidare. Gud gjorde under for han ved å gjera han frisk og forlengja livet hans. Likevel vart han hovmodig og tenkte berre på seg sjølv. Då han hadde gjort noko dumt og Guds profet refsa han, var han godt fornøgd med at straffedommen ikkje skulle koma i hans levetid men i neste generasjon. Han tenkte berre på seg sjølv og brydde seg ikkje om dei som kom etter han. Mannasse, sonen hans, gjorde mykje vondt. Han innførte avskyelege skikkar og bygde oppatt offerhaugane.

Det finst også i vår tid foreldregenerasjonar som berre tenkjer på seg sjølv; at dei har det godt og komfortabelt i si levetid. Men seg ser også at det finst ein generasjon av åndelege fedrar og mødrer, som tenkjer meir på å hjelpa den nye generasjonen å lukkast med å fullføra enn å søkja ære og velvære for seg sjølv. 

Ein åndeleg foreldregenerasjon kjenner sine eigne grenser og forstår det kallet som ligg på den neste generasjonen, slik David gjorde. Han måtte innsjå at han ikkje kunne byggja Guds hus slik han hadde drøymd om å gjera, men at sonen hans, Salomo, skulle gjera det. Difor tok han nokre viktige grep (sjå 1 Krøn 28-29), som vi òg kan ta:

  1. Oppmuntra den nye generasjonen til å læra sin fars Gud å kjenna. Dei som kjem etter oss, kan ikkje leva på vår tru eller våre opplevingar. Dei må møta Gud sjølv og utvikla ein personleg relasjon til Herren. Dei må kjenna Gud!
  2. Oppmuntra den nye generasjonen til å halda og granska alle boda til Herren deira Gud. Guds ord er vårt arvegods og vår største rikdom. Den nye generasjonen må læra å elska Guds ord og hans evige lover. Dei må læra å bøya seg for Ordet. Dei må læra å leva i lydnad og tillit til Guds ord.
  3. Oppmuntra den nye generasjonen til å tena Gud heilhjarta og villig. Å vera heilhjarta er den einaste måten vi kan tena Gud på. Å vera heilhjarta er ikkje å vera fullkomen, men det er å ærleg følgja Guds ord så langt vi forstår det. Når Herren viser at det er område i livet vårt som ikkje er i samsvar med hans vilje, vil vi vera snare til retta på dette. Å vera heilhjarta er å leva i omvending og heile tida søkja å gjera Guds vilje. 
  4. Oppmuntra den nye generasjonen til å leva i lyset. For Herren ransakar kvart hjarte og kjenner alle tankar og planar. Dei som søkjer Herren, vil finna han. Herren lèt seg alltid finna av dei som ærleg søkjer han. 
  5. Hjelp den nye generasjonen til å innsjå at dei er kalla og utvalt av Gud. Hjelp dei forstå sitt eige kall og oppdrag. Dei treng hjelp til å forstå kva gåver og talentar dei har og å sjå dette i lyset av Guds evige plan. Ferdige gjerningar ligg og ventar på oss. Det beste eit menneske kan oppleva er å få nåde til å gjera det vi er skapt til å gjera.
  6. Gje den nye generasjonen del i Guds planar og ønskje for sitt hus. Gud hadde gjort kjent for David alle korleis han ville at huset hans skulle vera. Han hadde fått detaljerte teikningar til huset frå Herrens hand. Dette gav han vidare til sonen sin. Den nye generasjonen må få del i det himmelske synet, i den openberringa vi har fått i Guds ord om Guds evige plan.
  7. Oppmuntra den nye generasjonen til å vera modige og sterke, og gå til verket. Sei at dei ikkje må vera redde eller missa motet, for Herren er med dei. Sei at Herren ikkje vil sleppa dei eller gå frå dei.  Han skal hjelpa dei å fullføra tenesta og alt dei er kalla til å gjera i si levetid.
  8. Hjelp den nye generasjonen å forstå at oppdraget er så stort at dei ikkje kan gjera det åleine. Dei har fått ei leiaransvar, men dei kan ikkje gjera alt arbeidet sjølv. Dei treng og har folk rundt seg med andre talentar og gåver enn dei sjølve. Det finst folk med både vilje og evne til å gjera allslags arbeid som må gjerast for å byggja Guds hus lik han vil ha det.
  9. Oppmuntra alle modne, eldre og erfarne kristne til å hjelpa den nye generasjoen å fullføra det oppdraget dei har fått frå Herren. Den nye generasjone er ung og urøynd og oppdraget er stort. Generasjonane må arbeida saman for å kunna byggja Guds hus.
  10. Gjer alle dei førebuingane som det står i di makt, for at den nye generasjonen kan byggja Guds hus. Ver raus, gje tid og krefter, - og ikkje minst økonomi. David samla inn store mengder ressursar. Han skafffa gull til det som skulle vera av gull, og sølv, bronse, jern, tre til det som det skulle brukast til. Han samla inn store mengder dyre edelsteinar og store verdiar og middel. I tillegg sette han i gang ei stor innsamling i folket, slik at den nye generasjonen hadde alt dei trong for å fullføra oppdraget. 

Bibelen viser oss at kvart menneske er ansvarleg for sitt eige liv. Uansett kva bakgrunn vi har, så kan vi velja vårt eige liv, vår eigen kurs, om vi vil gå på Guds veg eller ikkje. Vi kan ha gode eller dårlege foreldre, vi kan ha gode eller dårlege leiarar, men vi må ta våre eigne val. Vi kan alltid velja å vera heilhjarta med Herren. Vi er aldri fullkomne, men vi kan alltid vera heilhjarta!   

No er det vår tid å ta ansvar!

No er det vår vakt!

Comments