Jesus er vintreet, vi er greinene (Joh 15,5)
19/12/2021
Difor kan ingen av oss bera frukt av oss sjølve, men berre når vi er i han. Når vi innser dette, kan vi slutta å streva; for då fortår vi at det nyttar ikkje likevel! Men det kan vera vanskeleg å innsjå at vi i oss sjølv kjem til kort. Vi har ofte så stor tru på oss sjølv at det er vanskeleg å forstå at utan Jesus kan vi ingentin gjera. Difor strevar altfor mange kristne med å vera gode nok eller fromme nok. Kristendommen blir ei bør av store bod og krav. Jesus seier at vi skal sleppa å bera kristendommen, for han vil bera oss. Vi kan la sjølvstrevet fara. Guds nåde er nok for oss. Jesus vil bera og lyfta oss gjennom heile livet. Det handlar ikkje om kva vi kan gjera for han, men berre om å vera i han.
Jesus kallar oss til fellesskap med seg. I Johannes 15 er det eit uttrykk som går igjen: “Bli verande i meg.” I andre biblar blir det omsett med desse orda: Ver foreina med meg. Ta bustad i meg. Ta din tilflukt i meg. Bu i meg. Hald dokker i meg. Ha eit levande fellesskap med meg.
Dette er det evige livet: Å kjenna den einaste sanne Gud, og den han sende, Jesus Kristus (Joh 17,3). Det handlar om å kjenna Gud - å kjenna Jesus. Det handlar om ein relasjon. Han er i oss, vi er i meg. Vi skal berre bu i han, slik han bur i oss!
Jesus bruker også uttrykket, “den som ikkje blir verande i meg”. Dette kan også omsetjast med desse måtane: den som skil seg frå meg, den som ikkje tek del i mitt liv, den som er avskoren frå meg, den som er skild frå meg. Lever vi ikkje i ein relasjon med Jesus, er vi ikkje ei grein på han. Skild frå Jesus er ei grein utan liv. Ei grein som visnar og blir kasta på elden.
Men blir vi verande i han, om vi har vårt liv i Jesus, då har vi alt vi treng. Då er han vår frelse, vår rettferd, vår visdom, vår styrke, vår helging. Når vi bur i han slik han bur i oss, då ber vi mykje frukt.
Når vi let ordet hans bu i oss, då bur han i oss. Å bu i han er å bu i hans ord. Når dokker held boda og lovene hans - dei han ved Anden har skrive inn i hjartet vårt - då er vi i hans kjærleik. Guds Ord er kjelda til alt åndeleg liv. Vi må ta næring til oss frå Guds ord som skaper tru. Det handlar om å tru og lyda, å høyra og gjera det han seier.
“Eg er det sanne vintreet, dokker er greinene.” Jesus er heile treet - greinene er ein del av treet - av han. Vi er alle er greiner på det same vintreet. Det er berre eitt tre, ikkje mange - men det er mange greiner på treet. Jesus har berre ein kropp, men det er mange kroppsdeler.
Jesus er livsens tre. Livet går ut frå han. Kvar og ein må ha sitt liv i han. Det kristne fellesskapet må ha sitt liv i han. Utan det levande fellesskapet med Jesus kan vi ikkje bera frukt.
Vi kan også seia at det kristne fellesskapet er hans vingard, ein hage med mange vintre som skyt opp frå det sanne vintreet. Det kristne fellesskapet - er planta i Kristus, den grøderike haugen, - hornet til Olje Sonen. Vi har våre felles røter i han. Vi må la røtene gå djupt ned i han. Kvar av oss er som eit tre som spirer, veks og ber frukt i han. Saman har vi del i det eine treet. Vi er greiner med nye skot og nye spirer. Men Jesus er vintreet. Vi er greinene som han spirer gjennom. Sevja, livskrafta frå han skaper frukt.
Jesus seier, dette er bodet mitt: Dokker skal elska kvarandre slik eg har elska dokker. Han fyller oss med sin kjærleik. Kjærleiken hans motiverer og driv oss til gode gjerningar. Kjærleiken er aktiv og full av initiativ. Kjærleiken ser behov og gjer noko med det. Jesus vil fylla verda med frukt gjennom sitt folk.
Frukta er å bli lik Jesus. At vi liknar på han i det vi seier og gjer. Frukt er å leva og elska som han gjorde. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. Han var salva med Den Heilage Ande og kraft. Gud var med han. No salvar han oss med Ande og kraft slik at vi kan gjera hans gjerningar og herleggjera han på jorda.
Hugs at frukta alltid er for andre, det er noko andre kan nyta og gleda seg over. Jesus kallar oss til å fylla jorda med frukt - fylla heim, skule, arbeidsplass, nabolag, nærmiljø med kjærleiksgjerningar, gode gjerningar, velgjerningar, velsigningar, praktisk hjelp.
Når vi lærer av han og let han bera frukt gjennom oss, då blir Far herleggjort og Guds rike går fram på jorda.