Jesus er det sanne vintreet
01/12/2021
Eg høyrer Jesus tala til meg frå Johannes evangeliet 15. I nokre innlegg framover vil eg dela det som eg trur Anden seier til si kyrkje i desse dagar.
Når Jesus seier at han er det sanne vintreet, går tankane mine tilbake til mange ord i Det gamle testamentet. Det er som om Jesus seier at han er kvisten som skyt opp av Isais rot og er oppfyllinga av det profetiske ordet.
Gjennom profetane fortalde Gud korleis han planta folket sitt - Israel - til å vera hans vingard. Han gjorde alt han kunne for vingarden, men Israel svikta og bar beisk og roten frukt. Han planta vingarden sin på den feitaste jorda, på den grøderike haugen: på hornet til Olje-Sonen (Jes 5,1-7) slik det også kan omsetjast. Kva meir kunne han gjera for folket sitt - vinhagen sin?
Bibelsoga er forteljinga om menneske som sviktar, og om ein Gud som ikkje sviktar ordet sitt eller folket sitt. Kvar gong folket hans kjem til kort eller gjer opprør mot Guds lov, kjem alltid dommen i ei eller anna form. Men dommen er aldri slutten, for han viser miskunn jamvel når han dømmer (Hab 3,2). Han kjem alltid med nytt liv. Det er alltid ein rest som blir berga. Gud gjev menneska ein ny sjanse.
Når Guds folk svikta forkynte profetane om denne mannen som skulle koma. Spire skulle vera namnet hans. Under han skulle det spira og gro. Han skulle byggja Herrens Tempel. Frå plassen under seg skulle han skyta opp (Sak 6,12).
Messias, han som er salva med olje, skulle vera Herrens Spire. Herrens Renning skulle bli til herlegdom og ære og frukta i landet til stordom og heider for den resten som vart berga (Jes 4,2-3). Ja, Messias skulle vera som ein rest, ein kvist som skulle skyta opp, eit skot som skulle spira fram (Jes 11,1). Messias skulle skyta opp som ei spire, som ein renning or turr jord (Jes 53,2).
Når Jesus seier at han er det sanne vintreet, seier han at han er den som profetane talte om. Dei andre vinhagane og staselege trea bar dårleg frukt, men no har det sanne vintreet kome. Han, som er Herrens spire, har kome. Han vil bera god frukt mellom menneska og vera til Guds ære.