Previous month:
November 2021
Next month:
January 2022

5 entries from December 2021

Jesus er vintreet, vi er greinene (Joh 15,5)

Difor kan ingen av oss bera frukt av oss sjølve, men berre når vi er i han. Når vi innser dette, kan vi slutta å streva; for då fortår vi at det nyttar ikkje likevel! Men det kan vera vanskeleg å innsjå at vi i oss sjølv kjem til kort. Vi har ofte så stor tru på oss sjølv at det er vanskeleg å forstå at utan Jesus kan vi ingentin gjera. Difor strevar altfor mange kristne med å vera gode nok eller fromme nok. Kristendommen blir ei bør av store bod og krav. Jesus seier at vi skal sleppa å bera kristendommen, for han vil bera oss. Vi kan la sjølvstrevet fara. Guds nåde er nok for oss. Jesus vil bera og lyfta oss gjennom heile livet. Det handlar ikkje om kva vi kan gjera for han, men berre om å  vera i han.

Jesus kallar oss til fellesskap med seg. I Johannes 15 er det eit uttrykk som går igjen: “Bli verande i meg.” I andre biblar blir det omsett med desse orda: Ver foreina med meg. Ta bustad i meg. Ta din tilflukt i meg. Bu i meg. Hald dokker i meg. Ha eit levande fellesskap med meg.

Dette er det evige livet: Å kjenna den einaste sanne Gud, og den han sende, Jesus Kristus (Joh 17,3). Det handlar om å kjenna Gud - å kjenna Jesus.  Det handlar om ein relasjon. Han er i oss, vi er i meg. Vi skal berre bu i han, slik han bur i oss! 

Jesus bruker også uttrykket, “den som ikkje blir verande i meg”. Dette kan også omsetjast med desse måtane: den som skil seg frå meg, den som ikkje tek del i mitt liv, den som er avskoren frå meg, den som er skild frå meg. Lever vi ikkje i ein relasjon med Jesus, er vi ikkje ei grein på han. Skild frå Jesus er ei grein utan liv. Ei grein som visnar og blir kasta på elden.

Men blir vi verande i han, om vi har vårt liv i Jesus, då har vi alt vi treng. Då er han vår frelse, vår rettferd, vår visdom, vår styrke, vår helging. Når vi bur i han slik han bur i oss, då ber vi mykje frukt.

Når vi let ordet hans bu i oss, då bur han i oss. Å bu i han er å bu i hans ord. Når dokker held boda og lovene hans - dei han ved Anden har skrive inn i hjartet vårt - då er vi i hans kjærleik. Guds Ord er kjelda til alt åndeleg liv. Vi må ta næring til oss frå Guds ord som skaper tru. Det handlar om å tru og lyda, å høyra og gjera det han seier.

“Eg er det sanne vintreet, dokker er greinene.” Jesus er heile treet - greinene er ein del av treet - av han. Vi er alle er greiner på det same vintreet. Det er berre eitt tre, ikkje mange - men det er mange greiner på treet. Jesus har berre ein kropp, men det er mange kroppsdeler. 

Jesus er livsens tre. Livet går ut frå han. Kvar og ein må ha sitt liv i han. Det kristne fellesskapet må ha sitt liv i han. Utan det levande fellesskapet med Jesus kan vi ikkje bera frukt.

Vi kan også seia at det kristne fellesskapet er hans vingard, ein hage med mange vintre som skyt opp frå det sanne vintreet. Det kristne fellesskapet - er planta i Kristus, den grøderike haugen, - hornet til Olje Sonen. Vi har våre felles røter i han. Vi må la røtene gå djupt ned i han. Kvar av oss er som eit tre som spirer, veks og ber frukt i han. Saman har vi del i det eine treet. Vi er greiner med nye skot og nye spirer. Men Jesus er vintreet. Vi er greinene som han spirer gjennom. Sevja, livskrafta frå han skaper frukt.

Jesus seier, dette er bodet mitt: Dokker skal elska kvarandre slik eg har elska dokker. Han fyller oss med sin kjærleik. Kjærleiken hans motiverer og driv oss til gode gjerningar. Kjærleiken er aktiv og full av initiativ. Kjærleiken ser behov og gjer noko med det. Jesus vil fylla verda med frukt gjennom sitt folk.

Frukta er å bli lik Jesus. At vi liknar på han i det vi seier og gjer. Frukt er å leva og elska som han gjorde. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. Han var salva med Den Heilage Ande og kraft. Gud var med han. No salvar han oss med Ande og kraft slik at vi kan gjera hans gjerningar og herleggjera han på jorda.

Hugs at frukta alltid er for andre, det er noko andre kan nyta og gleda seg over. Jesus kallar oss til å fylla jorda med frukt - fylla heim, skule, arbeidsplass, nabolag, nærmiljø med kjærleiksgjerningar, gode gjerningar, velgjerningar, velsigningar, praktisk hjelp.

Når vi lærer av han og let han bera frukt gjennom oss, då blir Far herleggjort og Guds rike går fram på jorda.


Jesus reinsar oss gjennom Ordet

Dokker er alt reine på grunn av det ordet eg har talt til dokker (Joh 15,3)

Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liiv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet (Joh 5,24).

Blir dokker verande i mitt ord, er dokker verkeleg mine læresveinar. Då skal dokker få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dokker frie (Joh 8,31-32).

Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og dokker er reine - men ikkje alle. (For han visste kven som skulle svika han). (Joh 13,10-11).

Desse orda frå Jesus tek meg tilbake til GT. Då prestane skulle setjast inn til teneste måtte dei vaskast på heile kroppen før dei fekk prestekleda på seg. Denne vaskinga skjedde berre ein gong, men seinare måtte dei stadig vaska hender og føter i det store vaskekaret (2 Mos 29). Det finst ei vasking som skjer ein gong for alle, og så er det ei dagleg vasking. For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne (Hebr 10,14).

Dei orda du gav meg, har eg gjeve dei, og dei har halde fast på ordet ditt (Joh 17,6-8)

Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei (Joh 17,14)

Helga dei i sanninga, ditt ord er sanninga. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga (Joh 17,17-19.

Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har talt skal dømma han på den siste dagen (Joh 12,48).

Jesus kom for å visa oss kven Gud er

Desse orda av Jesus, som er sitert ovanføre; viser at han vil reinsa tankane våre og hjelpa oss til å kjenna Gud slik han verkeleg er.

I Jesus vart Gud menneske og tok bustad mellom oss. Ordet slo opp teltet - tabernaklet - mellom menneske. Vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. Av hans nåde har vi alle fått, nåde over nåde. For lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er (Joh 1,14-18).

Jesus viste oss at Gud er vår Far som elskar oss og kallar oss inn til fellesskap og vennskap med seg. Alle menneske er skapt i Guds bilete og er høgt elska av Gud, vår Far, jamvel om vi er merka av synda i verda. Jesus er venn av tollarar og syndarar og elskar oss inn i sitt rike.

Gud er alltid god. Han elskar oss alltid. Hans nåde er større enn alle våre synder, for Jesus tok all vår synd og skam på seg. Jesus viste oss at Gud er vår gode Far:

Du treng ikkje vera kristen for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

Du treng ikkje vera ei bønnekjempe for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

Du treng ikkje vera from for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

Du treng ikkje gjera nokon ting for å vera elska av Gud. 

Det er nok å vera menneske!

 

Jesus kom for å gje oss rett sjølvforståing og rett identitet.

Uansett kven vi er og kva vi har gjort, er vi elska av Gud. Han vil berga oss frå alle våre øydeleggjande tankar og veremåtar.

Når vi møter Jesus, viser han oss kven vi verkeleg er i Guds auge. Før Peter møtte Jesus var han berre Simon - eit sev som svaia i vinden - impulsiv og lett påverkeleg - ustabil og upåliteleg. Det var slik folk såg han. Då Jesus såg på han sa han: Du er Simon, men frå no av skal du heita Peter - berg - for du er eit fjell (Joh 1,42). For ein forskjell. Møtet med Jesus gav han ein ny identitet, ei ny sjølvforståing. Han fekk noko å tøya seg etter og å veksa inn i. Peter fekk ei openberring, han sa til Jesus: Du er den levande Guds Son, og fekk høyra tilbake: Du er eit fjell, på deg og dine ord skal eg byggja mi kyrkje (Matt 16,18).

Jesus såg den skeptiske Natanael sitja under fikentreet, før Filip ropte på han. Likevel sa han til Natanael: Sjå, der er ein ekte Israelitt, ein som er utan svik. Natanael kjende seg att i dei orda og kom til tru på Jesus som Guds Son (Joh 1,45-50).

Vi finn det gjennom heile Bibelen: Når vi oppdagar kven Gud er, ser vi oss sjølv i nytt lys. Å finna Gud, er å finna seg sjølv.

Jesus gjer alt han kan for å stilla brura, forsamlinga - alle som er fødde på ny, fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke i kraft av sitt ord. Han gjer oss heilage og lytefrie gjennom vassbadet i ordet (Ef 5,26-27). 

Slik Kristus dagleg vaskar oss i Ordet, kan vi også vaska kvarandre sine føter (Joh 13,13-15). Det gjer vi mellom anna ved å la Kristi ord få rikeleg rom hos oss, så vi med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar (Kol 3,16). Vi held Ordets spegel opp for kvarandre og viser kvarandre kven vi er i Kristus, og ikkje i oss sjølve. 

Kristus i oss er håpet om herlegdom.

Kristus i oss skyt nye skot.

Kristus i oss ber frukt gjennom oss - til velsigning for andre.


Offerhaugar må leggjast ned

Eg opplever at Herren bruker nokre forteljingar frå GT til å tala til meg om noko som er svært relevant for kristenfolket i landet vårt.

I Bibelen fortel profetane om Guds frelseplan og korleis han kallar folk til å tena hans frelseplan i deira levetid. Israelsfolket hadde både gode og dårlege kongar, både gode og dårlege leiarar. Dei dårlege leiarane førte folket bort frå Herren og inn i avgudsdyrking. Dei gode leiarane gjorde det som var rett i Herrens auge, dei var heilhjarta så langt dei forstod, men likevel var dei fleste ikkje radikale nok. Dei la ikkje ned dei kananeiske offerhaugane der heidningane dyrka avgudane sine (1 Kong 15,14; 22,44; 2 Kong 12,3; 14,4; 15,4,29) slik Herren gjennom Moses sa dei skulle gjera. I staden ofra dei til Herren på desse offerhaugane. Dette vart ei snare for dei, for det førte til at heidenske skikkar og tankegods fekk innpass hos Guds folk. Profetane kjempa mot denne religionsblandinga. 

Salomo starta si kongegjerning med å ofra til Herren på den store offerhaugen i Gibeon og Herren synte seg for han i ein draum og talte til han på den plassen (1 Kong 3,4-15). På sine eldre dagar var han ikkje heilhjarta for Herren, men bygde offerhaugar for heidenske gudar (1 Kong 11,1-8). Det er ei skremmande utvikling, som profetane såg ville koma og åtvara imot. Han greidde ikkje “kristna” offerhaugane, men offerhaugane førte han bort frå den rette trua.

Mange av leiarane og Israelsfolket frykta nok Herren, men gjorde nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane. Dei gjorde det andre folkeslag gjorde (2 Kong 17,32). Dei halta til begge sider (1 Kongg 18,21). Herren sende profetane sine til dei for å kalla dei til oppgjer med det menneskelege og heidenske. 

Herren kallar alltid folket sitt til å vera heilhjarta for han. Han kallar alltid folket sitt til å helga seg, innvia seg og skilja seg frå det mennerskelege og det ureine. 

Også i våre dagar bruker Guds folk desse verdslege offerhaugane når dei dyrkar Gud. Kristne menneske blir påverka av moderne tankegang og tilpassar seg kulturen og samfunnet. Vi trur nok på Gud, men lever som om Gud ikkje finnest, som Magnus Malm seier.

Bibelen seier at alle menneske er skapte i Guds bilete, som mann og kvinne. Det skulle vera vår identitet, og ikkje kva slags seksuelle lyster vi til ei kvar tid kjenner på. I naturen er det berre to biologiske kjønn, mann og kvinne, men dei biologiske fakta blir ofra på dei moderne offerhaugane når vi bruker ord som skeive, trans, homofile og så vidare som identitet og forklaring på kva eit menneske er. Som kristne bør vi slutta å bruka slike ord om våre medmenneske, for dei er menneske skapte i Guds bilete, same kva slags tankar dei gjer om seg sjølv. 

Statskyrkja har forlate den bibelske forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne ved å gje rom for såkalla samkjønna “ekteskap” og andre samlivsformer. Samfunnet legg press på alle kyrkjesamfunn om å bli politisk korrekte og vera mot “diskriminering”, men vil diskriminera dei som held seg til det bibelske synet på ekteskap og seksualmoral. 

Biskopar, prestar og kristne leiarar tilpassar seg humanistisk tankegang når dei seier at helvete og fortapinga ikkje finst. På offerhaugane er ingen utanfor eller innanfor, for trua er at alle blir frelst til slutt, uansett korleis dei lever.  

Når snillismen får rom, sluttar vi å gjera folk til læresveinar som seier nei til seg sjølv og sine syndige lyster. Når vi kristne prøver å erstatta bibelsk rettleing om radikal omvendig med psykologi og sjølvhjelpkurs, då ofrar vi på heidenske offerhaugane. Følgjene er katastrofale.

Jesus har sagt kva gudsdyrking og tilbeding Gud vil ha. Jerusalem eller Garisim er ikkje viktig. Gud vil ha tilbedarar som tilbed han i ånd og sanning. Gud vil at huset hans skal vera eit bønnehus for alle folk, men vi gjer det ofte til ei kommersiell røvarhole, eit religiøst sermonihus for sjølvdigging eller eit sjukehus kor alle får feil diagnose og feil medisin.

Offerhaugane er eit uttrykk for at vi vil gjera ting på vår måte. Vi vil inkludera det menneskelege, det tradisjonelle, det akseptable. Det som til kvar tid er politisk og kulturelt korrekt.

Avgudsdyrkinga gøymer seg i missunning, psykologisering, havesjuke, materialisme og rasjonalisme. Mange kallar Jesus for Herre, men stengjer han ute frå mesteparten av livet. Mange seier dei trur, men lever som om Gud ikkje finnest. Mange har magen og kroppen til gud. Mange er blinda av ein rasjonalistisk tankegang og har naturlege og menneskelege forklaringar på alt. Dei ser ikkje Guds finger i kvardagen. 

Desse offerhaugane og mange andre må leggjast ned! Dette er den åndelege kampen vi står i. Gud kallar oss til radikal omvending og heilhjarta etterfølging. Gud vil ha radikale oppgjer med alt det ureine og verdslege!


Far min er vinbonden

Far min er vinbonden (Joh 15,1)

“Far min” er eit flott uttrykk. Jesus seier at Far er vinbonden som eig og steller med vinhagen sin. Han steller kjærleg med vintreet, for han vil at alle greinene skal bera meir frukt.

Jesus seier at kvar grein på han som ikkje ber frukt, lyftar Far opp til seg. Han lyftar greina opp frå alt som vil kvela blom og frukt. Han tek ikkje bort den greina som er på Jesus, slik nokre omsetjingar seier, men gjev ho ein ny sjanse. Han ønskjer å stella litt meir med den greina på meg som ikkje ber frukt (Luk 13,6-9). Dette er alltid Fars hjartelag. Det er også Jesu hjartelag. Profetane sa om Jesus, at han ikkje skulle bryta eit knekt siv og ikkje sløkkja ein rykjande veike (Jes 42,1ff; Matt 12,20). Peter svikta Jesus, men han bad for han og sende han ei spesiell helsing. 

Det same gjer Jesus i dag. Han sender ei spesiell helsing til dei som kjenner seg mislukka og kjem til kort, at dei får ny nåde. Det er det same kva bakgrunn eller fortid vi har. Trass i våre fall og nederlag gjev han oss ein ny sjanse i eit heilt nytt liv i Guds nåde. Difor er tid for oss å møta folk med nåde og hjelpa dei til ein ny start. 

Kristus i oss er håpet om herlegdom.

Kristus i oss skyt nye skot.

Kristus i oss ber frukt gjennom oss.

Kvar grein på meg som ber frukt, seier Jesus, reinsar han, så ho skal bera meir frukt. Det er tydeleg at Far vil ha meir frukt, - meir frukt frå dei som alt ber frukt og frå dei som enno ikkje har starta å bera frukt! Difor reinsar og vaskar han sitt folk ved å senda Anden som dømmer og Anden som reinsar (Jes 4,4).

Med brennande iver vil Far ha sitt folk for seg sjølv. Guds folk er Guds hage. Denne hagen har han stor omsorg for. Han vil reinsa han og gjera folket sitt til hans herlege hage som kan fylla jorda med frukt. 

Med brennande iver vil Far ha sitt hus, sin familie for seg sjølv. Han byggjer menneske saman som levande steinar til eit åndeleg hus. Far lengtar etter ein kvilestad, ein heim på jorda, der han kan la sin herlegdom og heilage nærvær kvila mellom menneska. Hans auge fer over heile jorda, så han med si kraft kan styrkja dei som heilhjarta held seg til til han (2 Krøn 16,9).


Jesus er det sanne vintreet

Eg høyrer Jesus tala til meg frå Johannes evangeliet 15. I nokre innlegg framover vil eg dela det som eg trur Anden seier til si kyrkje i desse dagar. 

Når Jesus seier at han er det sanne vintreet, går tankane mine tilbake til mange ord i Det gamle testamentet. Det er som om Jesus seier at han er kvisten som skyt opp av Isais rot og er oppfyllinga av det profetiske ordet. 

Gjennom profetane fortalde Gud korleis han planta folket sitt - Israel - til å vera hans vingard. Han  gjorde alt han kunne for vingarden, men Israel svikta og bar beisk og roten frukt. Han planta vingarden sin på den feitaste jorda, på den grøderike haugen: på hornet til Olje-Sonen (Jes 5,1-7) slik det også kan omsetjast. Kva meir kunne han gjera for folket sitt - vinhagen sin?

Continue reading "Jesus er det sanne vintreet" »