Previous month:
October 2021
Next month:
December 2021

3 entries from November 2021

Eg ser

Eg ser forfall og forvirring. Men eg ser også fornying med nytt håp og tru i ein ung generasjon.

Eg ser såra og forkomne menneske. Folk som er falt blant røvarar, som har mista alt og er skamslått. Men eg ser også at Gud reiser opp mange gode og varmhjarta samaritanar som bryr seg om dei som er ille medfarne og har det vondt. Med kjærleik og nådekraft hjelper dei folk og gjev dei ei ny framtid.

Eg ser store og små utturka elvefar. Eg ser tome elveleie. Men eg ser også at tome elvar fyllest opp med vatn. Ja eg ser store elvar som flyt over. Eg ser elvar som lagar seg nye vegar, nye elveleie. Eg ser det fløymer over av nytt liv.

Eg ser øydelagde hagar med nedrivne gjerde. Hagar som er overgrodde av ugras og nedgrodde av tornar og tistlar.  Men eg ser også at Gud sender folk til å rydda opp og få orden på dei øydelagde hagane. Så ser eg nydelege, fruktbare hagar der mange folk gleder seg saman.

Eg ser trestubbar etter store tre som er hogd ned og fjerna. Dei er berre eit minne om noko som var. Men eg ser også stubbar som skyt nye skot. Eg ser stubbar etter tre som var hogde ned bli opphav til ei ny slekt. Eg ser spiren til eit nytt Guds folk. Ein kvist skyt opp frå stubben, ein ny renning skyt fram. 

Eg ser snaue og aude landskap - ei øydemark, ein ørken - ingenting veks, alt er dødt. Men ser også at dette landskapet blir vatna og forvandla til eit grønt og fruktbart landskap.

Eg ser ruinar og øydelagde byar. Eg ser samfunn som har brote saman. Men eg ser også at ruinar og byar blir gjenreist og blir bygd opp til velfungerande samfunn. 

Eg ser spirer, mange spirer. Kor eg snur og vender meg ser eg spirer. Eg eg spirer som bryt seg gjennom asfalt og steingrunn. Spirene lagar sprekker og sprengjer seg fram der ingen skulle tru at noko kunne veksa. Eg ser spirer i det som ser ut til å vera både god og dårleg jord. Gud skaper nytt liv. No spirer det fram.

Eg ser store kornåkrar svaia i vinden. Åkrane kvitnar mot hausten. Kornet er modent til å hausta inn. Grøda er stor, men innhaustingsarbeidare er få. Som svar på bønn reiser Gud opp ein ny generasjon.

Eg ser ein ny generasjon, ein rest, ein renning av tørr jord veksa fram

Eg ser ein ny generasjon, ein rest som på ny skyt djupe røter.

Eg ser ein ny generasjon, ein rest som veks og blømer.

Eg ser ein ny generasjon, ein rest som fyller jorda med frukt.

 

Eg ser syner frå Gud i mengd. Herren talar i likningar. Synene handlar om forandring, at Gud skaper forandring. Synene handlar om gjenreising, om Gud som gjenreiser og fullfører den gode gjerning han har begynt. Synene handlar om å bera frukt, om å fylla jorda med frukt så jorda blir full av menneske som kjenner Gud. For jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom slik vatnet dekkjer havsens botn (Hab 2,14)


Alt for Jesus

Det føregår ein ganske absurd debatt i media i dag om å gje alt for Jesus. Å utfordra unge menneske til å gje alt for Jesus og leva brennande og heilhjarta for han, blir framstilt som usunt og skadeleg. Ei storsamling av kristen ungdom, som vil kalla unge menneske til radikal etterfølging av Jesus, blir kritisert og omtalt som noko negativt. Eg er forundra over at kristne leiarar kjem med åtvaringar mot å bruka uttrykket - all in for Jesus - alt for Jesus.

Continue reading "Alt for Jesus" »


Bønn om einskap

Herlegdomens Herre, Jesus Kristus Guds Son, du som døydde for våre synder for å samla til eitt alle dei Guds born som er spreidde rundt omkring, sjå i nåde til oss.

Vi har krenka deg. Vi har synda mot deg og kvarandre med våre harde hjarte, sekteriske tankar og splittingar. Slik har vi vanæra ditt namn mellom heidningane.

Herre, vi bøyer oss i støvet og audmjuker oss for deg. Vi vil sanna våre misgjerningar, at vi har spreidd ditt folk i staden for å samla. Vi har rive ned ditt heilage tempel og samla steinar til oss sjølv. 

Herre, sjå i nåde til oss som ditt folk. Gjer med oss som pottemakaren gjorde med det karet som vart mislukka. Legg oss på ny på di dreieskjeve og forma oss på nytt i di hand til eit kar til di ære. 

Herre, sjå i nåde til oss som ditt folk og la det koma tider med lindring og forfrisking i Den Heilage Ande. Før oss saman, gjer oss til eitt i di hand. Knyt hjarte til hjarte, så ditt folk kan stå skulder til skulder og forkynna ditt ord reint og klart. 

Herre, miskunna deg over oss. Gjer oss til eitt, slik du treeinige Gud, Far, Son og Heilag Ande er eitt! Gjer oss til éin kropp. Bygg oss saman til eitt heilagt hus for deg. Lat oss få vera ein bustad for deg i Anden.

Blås på oss, du heilage livs Ande. Vekk oss til live. Lær oss å leva i tilgjeving og forsoning! Læk dei sår vi har påført kvarandre og folk rundt oss. Vi ber om fornying og vekkelse.

Herre, Herlegdomens Herre, miskunna deg over oss og gje oss nåde til å venda om, visa trufast kjærleik mot kvarandre og vandra audmjukt med vår Gud. Gjer oss til reiskap for din fred og forsoning som skaper einskap mellom alle som trur på deg. 

 

Tekst: Erling Thu