Du har vist meg nåde
Politikk og misjon

Eg skammar meg heller ikkje over evangeliet i dag!

Evangeliet er godt nytt for alle menneske. For det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar, det vil seia for alle menneske. Vi er alle smitta av synd og treng frelse. Ingen kan frelsa seg sjølv. Vi er alle avhengige av Guds kraft til frelse, slik apostelen Paulus seier i brevet til Romarane i første kapittel. I dette kapitlet skildrar han på ein tidlaus måte menneska sin tilstand og viser at evangeliet er relevant til alle tider. På grunn av alt ugudeleg og all urett hos menneska, er alle menneske under Guds vreide, men i evangeliet møter vi Guds kjærleik som kallar til omvending.

Dagens sekulære og ateistiske kultur held sanninga nede i urett. For det ein kan vita om Gud ligg ope framfor alle menneske. Gjennom skaparverket er det lett å sjå og forstå at det står ein skapar bak. Å fornekta Guds eksistens er ufornuftig og naturstridig. For Guds usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjønna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt.

Dessverre ærar eller takkar ikkje menneska Gud som Gud. Dei set seg sjølv i sentrum og anerkjenner ikkje Guds suverenitet. Difor blir deira uforstandige hjarte formørkt av deira eige hovmod. Dei påstår å vera kloke, men har enda i dårskap. Dei bytter bort Guds herlegdom med det menneskelege og forgjengelege.

Biologien viser oss at det er to kjønn, med den moderne dårskapen seier det er mange kjønn. Alle menneske er fødde som gut eller jente, og kvar celle i kroppen stadfestar dette. Dårskapen, som byggjer på forgjengelege kjensler, seier at du kan vera fødd i feil kropp. Våre gudlause lover seier at vi kan enkelt kan skifta «juridisk kjønn». Dette er ein løgnkonstruksjon utan reelt innhald. Sanninga er at vi er anten mann eller kvinne.

Menneska har ein tendens til å følgja lystene i hjartet. Det fører til ureinskap og vanære. Det er å bytta ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen. Då tek skammelege lyster over: Kvinner bytter bort det naturlege samlivet med det som er imot naturen, og mennene tek til å brenna av lyst etter kvarandre og driv utukt med kvarandre.

Menneska har vorte eit offer for sviktande dømmekraft og gjer slikt som ikkje sømmer seg. Urett, umoral, havesjuke, vondskap, misunning, mordlyst, strid, svik, list, sladder, baktale er frukt av å vera hovmodige, skrytande og forkasta Gud. Dei veit kva Guds lov seier, at dei som gjer slikt fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det. Difor har ikkje menneska noko å unnskylda seg med, for alle har synda og manglar Guds herlegdom.

Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. Dette er evangeliet! Ufortent og av berre nåde kan vi bli frelste og rettferdige ved trua på Jesus Kristus. Eg skammar meg ikkje over evangeliet! Ordet om Jesu forsoningsdød på krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft. Difor må vi frimodig forkynna evangeliet og driva misjon både i vårt eige land og heilt til enden av jorda.

Tekst: Erling Thu

Comments