Lat meg få leva fullt ut!
Du har vist meg nåde

Vi har ein tendens til å gå våre eigne vegar

Salme 119,176 Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau. Leit etter meg, din tenar, eg har ikkje gløymt dine bod.

Dette er punktum finale, den endelege konklusjonen på denne lange bønnesalmen på 176 vers. Eg har villa meg bort. Eg er som ein hjelpelaus og bortkomen sau. Eg treng hjelp. Leit etter meg og gje meg ikkje opp. For ei audmjuk avslutning. For ei djup sjølvinnsikt. David har tidegare kome med mange frimodige utsegn. Han har sett ord på sine gode ønskje og intensjonar. Frimodig har han sagt kva han vil følgja Guds lover og påbod. Så avsluttar han med å seia at gode intensjonar er ikkje nok. Det er lettare å seia kva vi trur og ønskjer enn å leva etter Guds ord.

Vi kan seia mykje om oss sjølve som menneske, både på godt og vondt, men vi må til slutt innrømma at vi kjem til kort. Det er rett og slett menneskeleg å koma til kort. Ingen av oss er fullkomne. Alle gjer feil medvite og umedvite. Nokre gonger veit vi at vi har gått oss vill, andre gonger kjenner vi ikkje ein gong våre eigne feilsteg. Vi er som sauer. Vi har ein tendens til å gå våre eigne vegar.

Difor treng vi også å be denne bønna: leit etter meg! Ikkje lat meg gå min eigen veg. Eg er din tenar jamvel om eg av og til set meg sjølv først. Eg har ikkje gløymd ditt ord. Eg veit kva du seier om oss menneske: Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin egen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han! Han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. Dette er Guds bod til oss gjennom profeten Jesaja.

Vår himmelske Far sende sin einaste Son for å leita etter bortkomne sønner og døtrer. Han kom ikkje for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending. Han kom ikkje for dei friske, men for dei som har det vondt. Det er dette heile lova og alle profetane peikar fram mot. Difor er det ei slik flott avslutning på Salme 119 som handlar om Guds ord.

No kan vi ved Guds nåde få ein ny start. Kanskje vi også skulle starta å lesa og be oss gjennom Salme 119 på nytt.

Comments