Vi elskar lovboda fordi dei er hans.
13/10/2020
Salme 119,167 Eg tek vare på dine lovbod, og eg elskar dei høgt.
Det er eit flott vitnesbyrd David kjem med her i dette verset. Han seier med stort frimod at han tek vare på Guds lovbod og elskar dei høgt. Det siste han seier er nok grunnen til det første. Han er i stand til å ta vare på ordet frå Gud og leva i samsvar med det fordi han elskar Guds ord. Jesus seier det same til læresveinane. «Den som elskar meg held boda mine!» Vi kan berre halda boda når vi elskar Jesus. Det er kjærleiken til han som er drivkrafta i kristne menneske.
Vi lever i ein kultur som er prega av jantelova som seier at vi ikkje skal tru at vi er noko er kan noko. Difor er vi varsame i måten vi uttrykkjer oss. Vi er redde for å bruka for store ord når vi seier noko om oss sjølve. Det verkar ikkje som om David levde etter jantelova. I heile Salme 119 kjem han med mange frimodige utsegn om seg sjølv, om trua si, om å leva rett etter Guds lov og om å elska Guds ord. Her har vi mykje å læra. Sjølv om vi er menneske i kjøt og blod og kjem til kort på mange måtar kan vi likevel utan å skjemmast seia at vi tek vare på Guds ord fordi vi elskar hans lovbod.
Vi elskar lovboda fordi dei er hans. Dei kjem frå ein god, rettferdig, heilag og kjærleg Far. Vi kan stola på at alle boda er gjevne til vårt beste. Jesus gjorde det heilt klart at lova vart til for mennesket si skuld, for å visa oss vegen til det gode livet. Dei religiøse leiarane brukte Guds lov på feil måte då dei la bører på folk og gjorde livet vanskeleg for dei med alle reglane sine. Jesus kjempe heile livet mot den måten dei mistolka Guds lov og gjorde folket til religiøse slavar. Jesu undervisning sette folk fri. Han sa at om dei vart verande i hans ord, ville dei verkeleg vera læresveinane hans. Då skulle dei kjenna den sanning som ville gjera dei fri. Dei som Sonen gjer frie, er verkeleg frie (Joh 8,31-36).
Når vi elskar Jesus, som er Ordet, vil det vera ei glede å ta vare på hans lovbod i hjartet vårt. Då er vi verkeleg frie menneske.