Bønn og lovprising høyrer saman
Lat di hand koma meg til hjelp!

Syng ut Guds ord!

Salme 119,172 Lat tunga syngja ut ditt ord, for alle dine bod er rettferdige.

Her går David frå å lovsyngja Gud til å syngja ut Guds ord. Gud har lært han sine forskrifter og no vil han gjera desse kjende for alle folk. Han vil få ut Guds ord til andre. Vi kan både preika og forkynna, tala og syngja ut Guds ord. Poenget er at vi bruker tunga vår til å gjera Guds ord kjend. Når Gud lærer oss sine forskrifter er det vårt naturlege gjensvar at vi taler og syng ut Guds ord til folk rundt oss.

Denne formuleringa, lat tunga syngja ut ditt ord, må ikkje forståast som eit sukk til Herren, men som noko han seier til seg sjølv. I nynorskbibelen frå 1938 står det: mi tunga skal syngja, og då er det tydeleg at dette er noko han har sett seg føre å gjera. Svært mange engelske biblar seier at mi tunga skal tala Guds ord. Vi har lært at Guds ord viser oss det gode livet og vi vil ikkje vera stille. Vi lever i ei tid der det ikkje er rett å vera stille. Vi må frimodig stå opp for det som er sant og rett, slik vi finn det i Guds ord. For alle Guds bod er rettferdige.

Det er viktig å stå fast på dette at alle Guds bod er rettferdige. Vi lever i ei tid der politisk korrekte meiningar om mellom anna kjønn, seksualmoral og samkjønna ekteskap strir mot Guds bod. Vi som vil halda fast på dei gamle bibelske normene, blir skulda for å diskriminera andre. Når vi seier det Gud seier, blir vi skulda for hatprat. Sjølvsagt diskriminerer vi ikkje andre, for alle Guds bod er rettferdige. Heller ikkje driv vi med hatprat når vi av kjærleik til menneske vil berga dei frå det syndige livet som kan føra dei i fortaping. Alle Guds bod er gode og er til det beste for alle menneske.

Lat oss syngja ut Guds ord! Lat oss skriva nye songar om kva Gud seier er rett og galt. Lat oss opna munnen og få tunga på glid, så vi kan syngja ut Guds ord høgt og tydeleg! For alle Guds bod er rettferdige!

Comments