Når vi blir forfølgd utan grunn
01/10/2020
No har vi kome til ein ny bolk på åtte vers der alle versa startar med den hebraiske bokstaven SIN. På ny viser David oss si tru og tillit til Guds ord. Kjærleiken til Guds ord ber han gjennom motgangene han møter i livet.
ש
Salme 119,161 Stormenn jagar meg utan grunn, men i hjartet fryktar eg ditt ord.
Den verdslege makteliten har til alle tider forfølgd kristne menneske. Den gudfryktige David opplevde forfølging. Daniel var ein mann med integritet som trufast og ærleg gjorde ein god jobb, likevel vart han forfølgd av folk høgt oppe i systemet. Ein skulle tru at stormenn, folk som har leiaransvar, ville verdsetja ærlege og gudfryktige menneske, men dessverre er det ikkje alltid slik. Den mektige samfunnseliten kan dessverre bruka makta si urett. Utan grunn kan dei forfølgja kristne menneske. David vart utsett for det og alle som trur på Jesus Kristus og vil leva etter Guds ord må rekna med å bli forfølgd.
Legg merke til at stormenn jaga David utan grunn. Han var gudfryktig og ærleg. Han levde rett og hadde ikkje gjort noko galt. Han kunne møta forfølginga med lyfta hovud og godt samvit. Dette er ein nøkkel. Å vita at vi lever rett gjev styrke til å tola urett og bera forfølging på ein gudfryktig måte. Å ha godt samvit, å vita at dei som jagar og forfølgjer oss gjer det utan grunn, det er gull verdt. Difor må vi alltid leggja vekt på å leva i samsvar med trua og samvitet vårt. At vi skil oss ut og lever annleis på grunn av trua og gudsfrykta vår, er inga gyldig grunn til å bli jaga. Når trua skaper forfølging kan vi ha godt samvit, for då blir vi forfølgd utan grunn.
Uansett om det stormar rundt oss og vi møter motstand er det viktig at vi i hjartet frykter Guds ord. Vi må ikkje lata oss skremma til å kompromissa på Guds ord. Vi frykter Gud meir enn forfølgjarane våre. Kva kan vel menneske gjera oss? Dei kan skada oss og påføra oss smerte, men dei kan ikkje ta frelsa frå oss. Dei kan ikkje ta freden og gleda over å tilhøyra Herren frå oss. Dei kan ikkje riva oss ut av Guds hender. Dei kan ikkje skilja oss frå Guds kjærleik. Dei kan ikkje ta frå oss det mest verdifulle vi har: trua og det evige livet i Jesus Kristus vår Herre!