Når vi ber, går vi inn i ein relasjon, vi søkjer fellesskap
21/10/2020
Salme 119,170 Lat mi bøn koma fram for deg, berg meg, som du har sagt!
Endå ein gong ber David om at bønna hans må koma fram for Gud. Han bruker litt andre ord enn i førre verset, men ber like audmjukt og inderleg. I førre verset ropte han til Gud, no går han djupare og naudber eller tiggar Gud inderleg om å gripa inn. Bønn i alle former har det same formålet, at Gud skal høyra og sjå oss. Når vi ber ønskjer vi å røra ved Guds hjarte slik at han svarer oss. Vi ber ikkje for å be. Bønn er ikkje eit pliktløp der vi lirer av oss ord eller går gjennom faste bønneritual.
Bønn er først og fremst samfunn med Gud. Når vi ber, går vi inn i ein relasjon, vi søkjer fellesskap. Vi ber ikkje ut i lause lufta. Ver ber ikkje til stumme avgudar. Vi ber til vår himmelske Far. Vi ønskjer at han skal høyra oss, at han skal venda andletet sitt mot oss og gje oss sin fred. Det er dette som ligg i desse orda: lat mi inderlege bønn koma fram for ditt andlet! Må Gud fjerna alt som hindrar bønnene våre å nå fram til han. Må han i sin nåde gje oss audiens og ta imot våre audmjuke og inderlege bønner!
Det kan verka som om David har det vanskeleg når han ber denne bønna, for han seier: «Berg meg, som du har sagt!» Fri meg ut, etter ditt ord. Frels meg frå motstandarane mine. Redd meg frå dei som baktaler meg. Verna meg frå dei som vil freista meg til synd og urett. Berg meg frå menneske som vil meg vondt. Fri meg frå plagarane. Frels meg frå det vonde! Vi kjenner igjen desse bønnene frå Herrens bønn, Fadervår. Dette er kvardagsbønner vi alle kan be, for livet er ikkje ein dans på roser for nokon av oss.
Så er det viktig å ta med det siste elementet i bønna til David. «Som du har sagt!» Det er Guds eigne lovnader som er grunnen til at vi ber. Vi kjem fram for han fordi han seier i sitt ord at vi kan kalla på han og venta at han svarer. Vi kan alltid be med tru og forventing når vi ber etter Guds ord. «Fri meg ut, etter ditt ord!» Når vi ber i samsvar med Guds ord, etter det han har sagt, veit vi at vi ber etter Guds vilje. Når vi ber etter Guds vilje, veit vi at han høyrer oss og vil gripa inn og berga oss.