Heile livet ligg ope for Gud
Når vi ber, går vi inn i ein relasjon, vi søkjer fellesskap

Må bønnene våre nå fram til Guds hjarte!

Vi har no kome til den tjueandre og siste bolken i Salme 119. No startar alle versa med bokstaven TAW i det hebraiske alfabetet som tilsvarer vår T. I desse siste åtte versa ber salmisten inderlege bønner. Det er som om han går inn eit nært og djupt fellesskap med Herren og fell for hans føter. For Herrens andlet audmjuker han seg og i det siste verset samanliknar han seg med ein bortkomen sau som treng hjelp.

ת

Salme 119,169 Herre, lat ropet mitt nå fram til deg, gjev meg skjøn etter ditt ord!

David er audmjuk når han ber til Herren. Han kjem ikkje som ein brautande storkar med krav, nei han er skjelvande og ber om å bli høyrd: «Lat ropet mitt nå fram til deg!» Han veit at bønna hans er som ropet frå eit barn som treng hjelp. Det verste som kan skje er at Far ikkje høyrer ropet. Han ber inderleg om at det ikkje skal henda.

Han ber med den vissa at om bønna hans når fram til Guds farshjarte, då vil Herren svara og hjelpa han. Han tek ikkje dette som noko sjølvsagt. Han veit at det er berre av nåde at Gud høyrer og ser oss og bryr seg om oss. Salme 119 er ei bønnesalme og David har bede mange bønner i dei føregåande versa. No på slutten av salmen ber han med større iver enn nokon gong før. Hans store ønske er at bønna hans skal nå fram og røra ved Guds hjarte. Det er også verdt å merka seg at han ber til HERREN – Jahve/Jehova – Den evige EG ER. Tenk at våre bønner kan nå fram til han som er før alle ting, over alle ting og held heile universet oppe ved si kraft!

Det er også verdt å merka seg at han ber ikkje om rikdom eller framgang, men han ber om forstand: «Gje meg forstand etter ditt ord!» (BGO). Gje meg skjøn! Gje meg innsikt! Gje meg openberring i ditt ord! Den inderlege bønna er at Gud må gje han åndeleg lys og forstand. Dette kan han berre få når Ordet opnar seg for han og han får openberring i Guds ord.

Kvar dag når eg opnar Bibelen for å lesa min daglege dose ber eg om liv, lys og openberring. Det største som finst er å få forstand etter Guds ord. Det åndelege lyset som strøymer mot oss frå Guds ord gjev oss liv og glede når vi går på Guds veg.

Comments