Frelse i fortid, notid og framtid
Vi har ein tendens til å gå våre eigne vegar

Lat meg få leva fullt ut!

Salme 119,175 Lat meg leva og lovsyngja deg, lat dine lover vera mi hjelp!

Lat meg få leva! For ei universell og enkel bønn. Lat meg få leva livet fullt ut er vel det innarste ønskje til alle menneske. Vi ønskjer jo alle eit godt og meiningsfullt liv. Vi ser dei øydeleggjande dødskreftene verksame rundt oss. Det er så mykje liding i denne verda som er merka av synd. Difor ber vi at Livsens Ande skal fylla oss med sitt overflodsliv så det kan renna elvar av liv frå oss til andre. Det verkeleg gode livet er å kjenna Gud, det er å bli ein ny skapning ved trua på Jesus Kristus, Guds Son. Med hans liv på innsida kan vi møta det vonde og vanskelege med tru og håp.

Lat meg få leva og lovsyngja deg! Når vi får oppleva Guds nådeliv får vi lyst til å lovsyngja og takka Gud. Når Gud velsignar oss vil vi lovsyngja for livet og nåden frå Gud. Det gode livet er eit liv i lovsong. Når hjartet er fylt med lovsong er livet godt å leva. Ved trua på Jesus får vi nytt liv og ny glede. Det rike åndelege livet er bønn og lovsong.

Lat dine lover vera mi hjelp! Lat meg få nåde til å læra av det eg les i Bibelen. Lær meg å gå til ditt ord med eit ope sinn for å høyra di røyst og finna din vilje. Lat ditt ord rettleia meg og hjelpa meg å velja rett i vanskelege og utfordrande situasjonar. Lat meg alltid finna dine løysingar når eg kjem til ditt ord. Takk for Bibelen som er vårt dyre arvegodt og kjæraste skatt.

Comments