Syng ut Guds ord!
Frelse i fortid, notid og framtid

Lat di hand koma meg til hjelp!

Salme 119,173 Lat di hand koma meg til hjelp, for eg har valt dine påbod (6490).

På ny ber David ei enkel bønn som vi alle kan be: Lat di hand koma meg til hjelp! Eit av kjenneteikna på ekte bønner er at dei er enkle og rett fram, utan snikk snakk. Bønner som kjem frå hjartet treng ikkje pyntast med store og overtalande ord. Eit enkelt sukk om hjelp er nok til å røra ved Guds hjarte.

Legg merke til at David seier, lat di hand koma meg til hjelp. Han ber om Guds direkte inngrep. Han ser ikkje til venner eller folk med pengar og makt, nei, han vender seg berre til Gud og set si von til han åleine. Lat di hand, som både har makt og styrke til å gjera under, koma meg til hjelp. Lat di hand, som skapte himmel og jord, gripa inn i min kvardag. Lat di skapande kunstnar hand gjera under i livet mitt!

Det er jo slik at når vi har gjort alt vi kan, alt som står i vår makt, så treng vi framleis Guds hjelp. Det er godt å vita at Gud er vår allmektige Far. Det er endå betre å oppleva det i kvardagen, at Gud kjem til oss i vår naud, og at hans hand hjelper oss i våre vanskar. Sjølvsagt opplever vi alle mørke tider når alt er tungt og det er uråd å sjå Guds finger i det som skjer. Av og til verkar det som å himmelen er av kopar slik at ingen bønner når fram til Gud. Somme tider er det som om vi er heilt åleine og Gud er langt borte. Bibelen og livet har lært meg at Gud er der likevel, til og med når eg ikkje ser han eller hans hjelpande hand i aksjon. Det kjem ein morgon etter kvar einaste natt. Det finst ei sol bak dei mørkaste skyer.

Eg veit ikkje om den siste setninga i David si bønn, for eg har valt dine påbod, er meint som eit argument han bruker for å få bønnesvar, eller om det berre er eit uttrykk for tillit. Guds ord lover oss at ingen som set si lit til Herren vil bli til skamme. Når David seier han har valt Guds påbod, seier han at han var valt og tru og lyda Guds ord, uansett kva som skjer. Han har den same innstillinga som dei tre vennene til Daniel hadde: Vår Gud, han som vi tener, maktar å frelsa oss frå den brennande eldomnen, men om han ikkje vil frelsa oss frå eldomnen, vil vi likevel ikkje bøya av frå Guds ord og tilbe andre gudar. Uansett om vi får konkrete bønnesvar eller ikkje, vil vi halda fast på Guds påbod.

Comments