Heile livet ligg ope for Gud
19/10/2020
Salme 119,168 Eg har halde dine bod og påbod (6490), du kjenner alle mine vegar.
Eg liker den tilliten som desse orda av David osar av. Han er trygg i Herren. Han har godt samvit. Han har halde Guds bod og vitnesbyrd. Både den praktiske og læremessige sida av Guds ord har han gøymd i hjartet sitt, teke vare på og levd etter. Det er vakkert når desse to sidene av Guds ord er like verdsett og like godt teke vare på og praktisert med same iver. Her er det ikkje snakk om å velja og vraka, men å ta vare på alt det Gud har sagt. Lov og lære høyrer saman på same måte som liv og lære gjer det.
Boda er ofte rett fram og gjev ikkje mykje slingringsmon, så dei er ganske lette å forstå. Guds vitnesbyrd eller det vi kan kalla den bibelske læra er ikkje alltid like lett å skjønna. Difor er det så flott når folk tek vare på begge i eit gudfryktig liv. Både boda og læra handlar om livet. Dei hjelper oss å til både og tenkja og leva rett. Det vil seia å leva til Guds ære og til velsigning for menneske rundt oss.
Smak på det David seier: Eg har halde dine bod og påbod, du kjenner alle mine vegar. Denne trygge tilliten kan vi alle ha. Når vi lever etter Guds ord har vi godt samvit. Det er ikkje fordi vi er så gode og flinke, at vi aldri gjer feil eller fell i synd. Det handlar om å leva i Guds lys. Legg merke til dette: «Du kjenner alle mine vegar.» Det er trygt og godt å leva medviten om at Gud ser alt og kjenner alt. Alle vegane våre, heile livet ligg ope framfor han. Vi kan ikkje skjula noko for Gud. Vi treng det heller ikkje når vi har møtt den nådige Gud som veit korleis vi er skapt, at vi er veike menneske som kjem til kort. Som ein god far har inderleg medynk med barna sine, slik er Herrens overveldande miskunn og mektige medynk mot oss som fryktar han.
Herren ser til hjartet. Han kjenner oss ut og inn. Ingenting er skjult for han. Han kjenner intensjonane våre om å gjera hans vilje i alle ting. Han veit at vi ofte rotar det til for oss, sjølv om vi ikkje merkar alle våre feilsteg og umedvitne synder. Så kan vi på grunn av Guds nåde likevel seia med David: Eg har halde dine bod og påbod, du kjenner alle mine vegar!