Lat di hand koma meg til hjelp!
Lat meg få leva fullt ut!

Frelse i fortid, notid og framtid

Salme 119,174 Herre, eg lengtar etter di frelse, eg frydar meg over di lov (Strong 8451).

Frelse er eit vedunderleg ord som skaper gode tankar og kjensler i oss som trur. Vi har fått del i Guds frelse og vi lengtar etter henne. Ved trua har vi vorte frelst ein gong for alle, men opplever å bli frelst meir og meir gjennom heile livet. Ein gong i framtida skal vi få del i Guds frelse heilt og fullt. Det er dette perspektivet vi finn i det David seier i denne bønna si. Den frelse vi har opplevd skaper lengt etter den fullkomne og endelege frelsa som ventar på oss.

Frelse har både med fortid, notid og framtid å gjera. Håpet om evig frelse er eit trygt anker for trua. Alle Guds frelsande gjerningar skaper lengsel etter meir av hans frelsande nåde. Det vi har smakt og opplevd av Guds gode frelse gjer at vi har håp for framtida. Håpet og lengselen etter Guds fullkomne frelse held oss oppe og ber oss gjennom prøvingar og vanskar.

Vi veit at vi har Guds frelse i vente for oss og vi lengtar etter denne evige frelsa. Medan vi ventar på det fullkomne er det ein god ting å læra å glede seg over Guds ord. David seier: Eg frydar meg over di lov! For truande menneske er lova ei grunn til glede. For mange menneske er lov og bod noko negativt. Vi har ofte ei for snever forståing av kva Guds lov er. Vi må forstå at det norske ordet lov er ei omsetjing av det hebraiske ordet Torah. Grunntydinga av dette ordet er eigentleg undervisning. Guds Torah openberrer Guds vilje for oss og underviser oss om det gode livet vi er skapt til å leva. Det er dette som gjer at vi kan fryda oss over Guds lov.

Guds undervisning trøystar oss. Bibelen er ei kjelde til rettleiing, trøyst og stor glede. Jamvel om vi ikkje har nått den fulle frelsa enno, men lengtar etter henne, finn vi stor glede i det Guds ord seier om vår noverande frelse. Dagleg bibellesing vil som regel gje oss mange grunnar til å fryda oss i openberringa av Guds gode vilje.

Comments