Fred som gjer at vi ikkje snublar
08/10/2020
Salme 119,165 Stor fred har dei som elskar di lov (Strong 8451), ingen ting får dei til å snubla.
Det ligg ei djup innsikt i det David seier i dette verset. Dei som elskar Guds lov har stor fred og støytar seg ikkje på noko. Når trua er svak er det lett å ta anstøyt, å snubla og falla. Folk med ei lita tru blir lett irriterte på andre som har tru til å vera litt friare enn dei er sjølve. Når vi har fred i hjartet blir vi ikkje så lett oppfarande at vi syndar i tankar, ord eller gjerning.
Smak på dette ordet: Stor fred. Vi kan også seia stor sinnsro eller stort velvære eller vedunderleg harmoni. Det er stort å ha fred med Gud. Det er det største vi kan oppleva. Når vi er rettferdiggjort av tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. Ved han har vi også fått tilgang til den nåden vi står i, og vi kan rosa oss ved håpet om Guds herlegdom. Håp og tolmod formar ein gudfryktig karakter i oss. Då ber vi freden med oss og kan vera fredskaparar. Fred med Gud fører til fred med oss sjølve og våre medmenneske.
Det er verdt å merka seg at denne freden kjem til dei som elskar Guds ord. Gjennom Guds lov lærer vi Gud å kjenna som heilag, rettferdig, god, trufast og full av kjærleik. Dess høgare vi elskar Guds lov og dess meir vi lever etter dei evige livsprinsippa, dess større blir freden i hjartet. Når vi elskar Guds ord blir vi mindre opptekne av korleis andre lever og kva dei meiner, for vi har nok med oss sjølve. Vi veit at Gud vil ta seg av oss og at det kjem ein dag då alle menneske skal gjera rekneskap for Gud. Difor treng vi ikkje uroa oss for noko.
I ei anna salme seier David: Smak og kjenn at Herren er god. Lukkelege er dei som tek sin tilflukt til han. Ved å elska Guds ord får vi smaka og oppleva at Gud er god og held det han lover. Lukka i livet er å ta vår tilflukt til Herren og leva trygt i hans vernande fred. Guds fred overgår all forstand og vil verna og vara hjarte og tankar i Kristus Jesus slik at vi ikkje snublar eller fell.