Ei velsigna bønnerytme
07/10/2020
Salme 119,164 Sju gonger om dagen lovsyng eg deg for dine rettferdige lover.
Bibelen fortel om menneske som regelmessig steig fram for Gud med lovsong og bønn. David seier at han ber fram bønn og lovsong sju gongar om dagen. Daniel hadde tre daglege bønnetider. Då gjekk han til bønnerommet sitt, fall på kne for Gud med bønn og lovprising.
Det vi i dag kallar tidebønn har sitt opphav hos dei fromme jødane og vart vidareført av dei første kristne. Dei fromme jødane på Jesu tid bad om morgonen, midt på dagen og om kvelden. Desse faste bønnetidene var jødane sin store åndelege skatt, som hjelpte dei å leva med Gud i kvardagen. Bønn er knytt til rytmen i livet og tida vi lever i.
Etter at Den Heilage Ande hadde kome over læresveinane på pinsedag, heldt dei fram med å be til faste tider på dagen. Vi høyrer om Peter og Johannes som gjekk opp til templet til bønnetimen for å ta del i ettermiddagsbønna. Dei første kristne heldt seg trufast til dei faste bønnetimane. Dei heldt fast på bønnene som dei hadde fått overlevert frå profetane. For dei første kristne var tidebønnene det viktigaste arbeidet dei gjorde for Gud. Apostlane lærte at framfor alle ting måtte dei be.
Den enklaste forklaringa på tidebønn er at det er bønn til faste tider. Ein annan viktig del er at vi gjer som Jesus og dei første kristne og ber bønnene frå Salmane. Eg har oppdaga at Salmane er ei inspirerande bønnebok. Det siste året har Solveig og eg bedt oss gjennom Salmane fleire gonger og det har ført til at vi utvida våre felles bønnestunder. Frå første dag har bønn hatt sin naturlege plass i heimen vår. Vi har hatt kvar vår stille bønnestad der vi kunne vera åleine med Gud. I felleslivet i heimen har bønn også hatt sin naturlege plass. Vi bad saman som ektefolk og vi bad saman med barna morgon og kveld. Bordbønn var også sjølvsagt noko vi alltid har praktisert. Dagleg bønn i heimen gjer at himmelen reiser seg over kvardagen og skaper glede hos både små og store.
Etter at vi fekk smaken på tidebønn, laga vi ei fast ramme med ulike bønner frå Bibelen, frie bønner og det å be Salmane. Tre gonger dagleg har vi no ei slik felles bønnestund som vi kallar tidebønn, jamvel om vi ikkje gjer det til faste klokkeslett. Vi har tidebønn etter frokost, etter lunsj og før vi legg oss om kvelden. Det fungerer bra for oss som er pensjonistar. Alle må finna sin eigen rytme for tidebønn.
Frå profetane i GT og apostlane i NT har vi lært å stansa opp for å vera i lag med Gud i ein dagleg bønnerytme. Det hjelper oss å leva nært Gud i kvardagen. Dagleg bønn gjer oss medvitne om Guds nærvær i livet vårt. Når vi set av eit lite kvarter tre gonger om dagen, blir dagen og alt vi gjer metta av det heilage nærværet.