Ei oppskrift som aldri slår feil!
12/10/2020
Salme 119,166 Herre, eg ventar på di frelse, eg følgjer dine bod.
I dette verset finn vi frelse av nåde og frukta som følgjer. David sitt einaste håp var hos Gud. Han venta på Guds frelse. Det einaste håp han hadde var at Gud skulle gripa inn og berga han. Han venta berre på Gud. Han visste at Gud var den einaste som kunne frelsa han. Han trudde ikkje at han kunne frelsa seg sjølv og han venta ikkje at menneske kunne berga han. Likevel gjorde han seg stor flid med å følgja Guds bod. Han la heile sitt hjarte i å leva etter Guds ord.
Det er ofte slik at dei som stoler minst på gode gjerningar er dei som har mest av dei. Den undervisninga i Bibelen som lærer oss å ikkje setja vår lit til våre gjerningar lærer oss også å vera rike på gode gjerningar til Guds ære. Gode gjerningar er frukt av å venta på Guds frelse. Når vi innser at den einaste grunnen til vår frelse er Guds nåde og grenselause kjærleik, då blir vi fylte av takk og eit ønskje om å vera god mot andre.
Det er to ting som alltid er rett å gjera, uansett korleis vi har det og kva vi møter. Om livet er lett eller vanskeleg, om vanskane hopar seg opp som store berg eller om alt går greitt, er det to ting vi må gjera. Det er det David seier i dette verset. Det første er å alltid setja vårt håp til Gud og venta på hans frelse. Det andre er å gjera det som er rett, det vil seia å leva etter Guds ord. Det første utan det andre gjer at vi lurer oss sjølve og det andre utan det første gjer oss til lovtrellar. Å venta på Gud og setja vårt håp til han kombinert med å gjera det vi kan for å leva rett etter Guds bod, er ei oppskrift som aldri slår feil.
Guds nåde er alltid nok. Når vi ser tilbake må vi innrømma, at alt det vi har gjort har Gud gjort for oss!