Når vi blir forfølgd utan grunn
Å elska Guds ord er det beste vern mot løgn og hykleri

Boblande glede ved å oppdaga skjulte skattar

Salme 119,162 Eg gleder meg over ditt ord lik ein som vinn stort krigsbytte.

Å, kor mykje vi har å læra av David og innstillinga hans til Guds ord. Han gler seg over kvart einaste ord som går ut frå Guds ord. Det er som han leiter etter ord for å skildra den gleda han kjenner i hjartet sitt over å fått del i Guds lov. I Salme 119 seier han gong på gong at han frydar og forlystar seg i Guds ord. Ordet frå Gud gjev han ei slik glede at han strever med å setja store nok ord på det.

I dette verset samanliknar han den gleda han finn i Guds ord med den gleda ein soldat på den tida fekk då han vann siger og fekk eit stort krigsbytte. Heldigvis lever vi i ei anna tid og dei fleste av oss har inga erfaring med krigsbytte. Men vi forstår at det handlar om å vinna og få stor uttelling for innsatsen. Bibelen Guds Ord omsett dette verset slik: Eg frydar meg over ordet ditt som den som finn ein stor skatt. Ingenting gjev større utbytte enn å bruka tid med Guds ord og oppdaga skjulte skattar av visdom og innsikt. Når Ordet opnar seg for oss blir vi fylt med glede.

The Passion Translation seier det slik: Dine lovnader er kjelda til mi boblande glede; openberringa i ditt ord begeistrar meg lik ein som oppdagar skjulte skattar. Eg kan gjera desse orda til mine. Ved Guds nåde har eg gjennom eit langt liv funne stor glede i Guds ord. Guds mange og gode lovnader skaper i meg ei boblande glede. Eg frydar meg kvar gong eg ser nytt lys i Ordet. Som ung kristen lærte eg kor viktig det var å lesa i Bibelen kvar einaste dag. Eg fekk nokre gode vaner med å lesa i Bibelen og bruka tid med Gud kvar einaste morgon. Det har gjeve meg stor glede. Gong på gong blir Ordet levande for meg. Ja, Gud taler til meg når eg les i Bibelen og grundar på Ordet.

Guds ord skaper tru og forventing i hjartet. Livet blir spennande. Eg har lese gjennom Bibelen meir enn femti gonger, men finn ny glede kvar gong eg les. Stadig oppdagar eg ting eg ikkje har lagt merke til tidlegare. Å lesa i Bibelen er som å gå på skattejakt og som regel treng eg ikkje leita lenge før eg finn verdifulle skattar. Bibelen gjev meg framtid og håp i Guds gode plan. Guds lovnader skaper forventing og gjer livet i tru spennande og gledefullt. Jamvel midt i vanskar og utfordringar får eg gleda meg i Guds ord.

Comments