Bønn og lovprising høyrer saman
28/10/2020
Salme 119,171 Lat leppene strøyma over av lovsong, for du lærer meg dine forskrifter.
Bønn og lovprising høyrer saman. Dei som ber får svar og har mykje å takka for. Fellesskapet med Gud i bønn følgjer oss gjennom dagen og varer livet ut. Lovsong er ein svært viktig del av dette bønnefellesskapet med Gud. Dei fleste av oss har meir å takka for enn å be om. Det oppdagar vi fort når vi tek til å takka for dei daglege velsigningane i livet. Det er lett å ta ting for sjølvsagt, det at vi har mat og klede, hus og heim og liknande, men vi må ikkje gløyma at alt dette er ei gåve frå Gud. I verda er det mykje fattigdom og liding på grunn av krig, naturkatastrofer og urettferdig samfunnssystem eller politikk. Alle som lever i Noreg er priveligert og har svært mykje å takka for.
Kanskje den største av alle velsigningar er at vi har fått tilgang til Guds ord. Vi har fått fleire norske omsetjingar av Bibelen som hjelper oss å forstå rikdomen i Guds plan og vilje. Gud har sendt Den Heilage Ande til å gjera Ordet levande for oss. Han lærer oss alt vi treng for liv og gudsfrykt. Han lærer oss sine forskrifter. Gjennom Guds ord får vi hjelp til å leva rett og godt. Meir enn noko anna må vi takka og lovsyngja Gud fordi han lærer oss sin veg. Han viser oss vegen til frelse og fellesskap. Guds ord lyser opp og viser oss korleis vi skal leva ved Guds nåde og vera til velsigning for andre. Det gode livet er å leva etter Guds forskrifter.
Vi vil la leppene strøyma over av lovsong og æra Gud med det vi seier. Når vi let Guds ord vera musikken i livet vårt så vi lever i den himmelske rytmen, då ærar vi Gud med song og takk. Vi lærer å dansa til den himmelske musikken i skulen til det heilage livet der vi øver oss å leva etter Guds forskrifter. Det er godt når hjartet er fylt av takk og lovsong, men det er ikkje nok å ha glede i hjartet. Vi vil bruka leppene våre til å lovsyngja. Vi vil opna munnen og lova Gud med høg røyst for det sømmer seg. Gud lærer oss sine forskrifter og det fyller oss med glede og takk. Som gode læresveinar priser Herren høgt og tydeleg for at han lærer oss det gode livet gjennom sitt ord.