Boblande glede ved å oppdaga skjulte skattar
Ei velsigna bønnerytme

Å elska Guds ord er det beste vern mot løgn og hykleri

Salme 119,163 Eg hatar og avskyr løgn, men eg elskar di lov.

I dette verset møter vi eit dobbelt uttrykk for ei gudfryktig kjensle det er vanskeleg å setja ord på. Eg hatar og avskyr løgn. Usanning, løgn, hyklarskap og uærlegdom er ein skikkeleg styggedom for alle som elskar Gud. Falsk lære, hykleri, dobbeltspel, list, svikefull ferd og uærleg tale er avskyeleg på alle måtar. Det finst inga orsaking for å vera falsk eller snakka usant. Løgnaktig liv og tale er noko alle gudfryktige folk avskyr.

Gud er lys og det finst inga mørker i han. Han snakkar alltid sant. Vi kan stola på hans ord.  Når vi har lært Gud å kjenna vil vi hata alt det som motseier det Gud står for. Jesus er sjølve personifiseringa av å vera sann, ærleg, open og gjennomsynleg. Han hadde ingenting å skjula. Han gjekk ingen krokvegar. Slu taktikk og såkalla kvite løgnar var ikkje noko han ville gjera bruk av. Difor kunne han seia: Eg er sanninga, vegen og livet! Han er elskeleg fordi han levde eit sant liv.

David sa: Eg hatar og avskyr løgn, men eg elskar di lov. Å elska Guds ord er det beste vern mot løgn og hykleri. Når vi elskar Guds lov vil vi elska alt som er godt og rett og avsky alt som er vondt og urett. Guds lov er god og viser oss det gode livet. Å leva etter Guds ord skaper gode frukter. Guds lov skaper gode og trygge familiar. Eit samfunn som byggjer på Guds gode bod vil vera eit samfunn der rettferd rår. I eit slikt samfunn får dei fattige og hjelpelause vern mot utnytting. Når rettferda rår tek vi oss av enkjer, farlause og innflyttarar.

Eg elskar Guds lov for ho skaper gode liv og trygge samfunn. Eg elskar Guds ord fordi det gjev meg håp og framtid. Guds lov skaper gode verdiar i hjartet og lærer meg å tenkja rett om meg sjølv og andre. Bibelen viser meg at alle menneske er like verdifulle og at alle er elska av Gud. Ordet frå Gud skaper tru i hjartet mitt: Tru på at sanninga vil vinna over løgna og at det svarer seg å vera god og ærleg. Guds ord gjev meg tru på at min innsats for det gode og sanne er nyttig. Det nyttar å seia gode og oppmuntrande ord til folk for sanninga skaper liv og endring.

Comments