Sjå mi naud og fri meg ut!
Kva skjer når vi ikkje spør etter Guds forskrifter?

Ver min advokat!

Salme 119,154 Før mi sak og kjøp meg fri, gjev meg liv etter ditt ord!

Det er tydeleg at David møter mange skuldingar. Fiendane kjem med mange klagemål mot han og gjer livet surt og utriveleg. Dei nøydde seg ikkje med løgn og falske anklagar, for dei gjekk også til åtak på han med hærane sine. David måtte forsvara eg på mange frontar. Dette vart for mykje for han og difor roper han til Gud: Før mi sak.

Heldigvis er dei fleste av oss ikkje utsette for ein slik motstand som David fekk møta gjennom eit heilt liv. Likevel må vi kjempa mot vår sjelefiende som sender negative tankar og all slags skuldingar mot oss. Djevelen er ein løgnar og baktalar. Dag og natt kjem han med anklagar mot oss. Ofte kan det vera litt sanning i skuldingane, for vi kjem alle til kort på mange måtar, og då kjem fordømminga sigande. Det er dette som er djevelens mål med skuldingane mot oss, at den mørke og tunge fordømminga skal overmanna og lamma oss.

David bad, før mi sak og kjøp meg fri, gjev meg liv etter ditt ord. Vi kan sjølvsagt be den same bønna, men vi kan også festa blikket på Jesus Kristus og tru evangeliet. Den glade bodskapen er at vi har ein talsmann hos Far, Jesus Kristus, den rettferdige. Han er ei soning for syndene våre, og ikkje berre for våre, men også for all syndene i heile verda. Synda er sona og gjelda er betalt! Kven kan eigentleg koma med anklage mot Guds utvalde, når Gud har rettferdiggjort oss? Kven kan fordømma oss når Kristus har døydd for oss? Jesus nagla skuldbrevet mot oss til krossen, fienden har ikkje noko han skal ha sagt. Jesus triumferte over fienden gjennom sin død og triumferande oppstode. Han har sett seg ved Guds høgre hand. Der er han vår talsmann som alltid går i forbønn for oss. Vår advokat er eineståande. Han har teke seg av vår sak. Vi er i trygge hender.

Faktisk er vi kjøpte fri! Vi er løyste frå alt det vonde frå fortida vår ved Jesu Kristi blod. Vi har fått liv ved Guds ord. No kan vi lyfta trua som skjold og sløkkja alle dei brennande og fordømmande pilene som djevelen sender mot oss. For det er inga fordømming for dei som er i Jesus Kristus!

Comments