Frels meg så eg kan gjera din vilje!
Dag og natt kan vi stiga fram for Gud

To viktige bønnevanar

Salme 119,147 Før morgonen renn, ropar eg. Eg ventar på ditt ord.

David held fram med å fortelja oss om bønnelivet sitt. For tredje gong på rad seier han at han roper til Gud om hjelp, det vil seia at han ber heilhjarta, inderleg og med stor iver. Så nemner han to ting som hjelper han til å vera uthaldande og brennande i bønnene sine:

Han seier at han venta på og sette sitt håp til Guds ord. Håpet styrkjer og motiverer oss til bønn. Kven ville be om vi ikkje hadde håp om at Gud ville høyra oss? Kven ville be om vi ikkje hadde eit godt håp om å få eit velsigna bønnesvar? David seier at det som gjer han håp er Guds ord og lovnader. Han venta med tru, iver og vissa på at Gud skulle oppfylla ordet sitt. Håpet hadde sitt trygge ankerfeste i Guds ord. Han var viss på at Gud ville gjera det han hadde sagt. Han venta med tru og tolmod, det var berre snakk om tid før Herren greip inn og svarte bønnene hans. Vi som har sett vårt håp til Guds ord vil ikkje bli til skamme. Av og til kan det ta tid før bønnesvaret kjem, men før eller seinare svarer Gud slik han har lova. Guds ord inspirerer oss til bønn og skaper fromme bønner i hjartet vårt. Å leva i og grunda på Guds ord er kjelda til eit rikt og velsigna bønneliv.

David seier også noko viktig om når han ber. Han har lært seg den bønnevanen som alle Guds tenarar har brukt. Han bruker tid med Gud tidleg om morgonen, faktisk seier han at han roper til Gud før morgonen gryr. Det er ikkje viktig å knyta bønn eit visst klokkeslett, ei bestemt tid. Det handlar kanskje heller meir om ei prioritering, der det første vi gjer om morgonen er å be til Gud. Det er å gje Gud førsteplassen i livet. Sjølvsagt er eg klar over at det finst både A- og B-menneske, men det er ikkje det dette handlar om. Det handlar om å begynna dagen med Gud. Det er godt å møta Gud før vi møter utfordringane i kvardagen. Det beste vi kan gjera er å snakka med Gud før vi snakkar med andre menneske. Om vi byggjer den vanen å møta Gud i Ordet og bønna kvar morgon, vil det hjelpa oss å leva gudfryktig gjennom heile dagen. Då ber vi med oss Guds ord og hans nærvær inn i dei oppgåver og plikter vi har. Då seier Guds ord at vi lukkast i alt vi gjer.

Comments