Summen av Guds ord er sanning!
30/09/2020
Salme 119,160 Summen av ditt ord er sanning, dine rettferdige lover varer evig.
På lovpriser David Guds ord. Han slår fast at Guds ord er sant og at Guds lover varer evig. Dette er ei rett innstilling som kjem av tru og tillit til Herren. Det er ikkje ein teori eller ei filosofisk tilnærming til tekstane i Bibelen. Livet har lært han at han kan stola på det Gud seier. Gud er trufast og kan ikkje lyga. Gud er lys og det finst inga mørke eller løgn i han. Guds ord er sanning. Bibelen taler sant om livet. Gud er rettferdig og alle hans lover er rettferdige og gode. Hans rettferdige lover står fast til evig tid. «Himmel og jord skal forgå,» sa Jesus, «men mine ord skal aldri forgå.» Difor er det trygt å byggja livet sitt på Guds ord.
Eg veit ikkje om David hadde hermeneutikk eller tolkingsreglar i tankane når han skrev dette verset, men eg finn uansett eit viktig prinsipp for sunn tolking av Bibelen i denne setninga: Summen av dine ord er sanning. Dette seier meg at vi ikkje må ta ting ut av samanhengen. Eit lausrive ord frå Bibelen kan brukast til å rettferdiggjera eigne meiningar og livsstil som faktisk står i strid med andre ord i Bibelen. Når det skjer, veit vi at noko er galt. Summen av Guds ord er sanning. Lausrivne ord frå Bibelen kan formidla noko som er langt frå sanninga.
Eg kan med full rett seia at det står i Bibelen: «Det finst ingen Gud». Ja, den setninga står i Bibelen, men rive ut av samanhengen motseier setninga det samla vitnemålet i Bibelen om Gud. Samanhengen er at det er dåren som seier at det finst ingen Gud. Å riva ord ut frå samanhengen er misbruk av ordet.
Når vi seier at summen av dine ord er sanning, seier vi også at vi må la Bibelen tolka Bibelen. Klare utsegn må kasta lys over det som kan vera dunkelt og tvitydig. Vi må sjå eit vers i samanhengen i kapitlet og kapitlet må forståast i lys av heile boka. Kva bok i Bibelen må tolkast i lys av det resten av Bibelen seier. Dette er jo sjølvsagt, men det er likevel nødvendig å seia det klårt og tydeleg.
I mitt lange liv har eg sett fleire kristne skeia ut og hamna i synd og vranglære ved å feiltolka visse ord i Bibelen. Dei har hengt seg opp i ord og uttrykk som dei har overtolka og gjeve prioritet framfor andre utsegn i Bibelen. Det har vorte ein ubalanse og usunn vektlegging av ord og uttrykk. Når folk gløymer at det summen av Guds ord som er sanning, blir læra deira ubalansert, usunn og fører til vranglære. Dette må vi passa oss for.