Guds ord er truverdig og hans lovbod er evige, dei står alltid fast.
Ver min advokat!

Sjå mi naud og fri meg ut!

No har vi kome til den tjuande bolken i Salme 119. Dei åtte versa i denne bolken startar alle med den hebraiske bokstaven RES. David kjem fram for Gud med si naud og ber om hjelp. Eit nøkkelord i bønnene hans er «sjå» når han inderleg ber Gud om å sjå han og den stoda han er i, og gripa inn for å hjelpa han.

ר

Salme 119,153 Sjå mi naud og fri meg ut! For eg har ikkje gløymt di lov (Strong 8451).

Sjå min sørgjelege tilstand! Sjå kor vanskeleg eg har det! David kallar på Guds miskunn og medkjensle. Han er i naud og treng utfriing, men han kjem ikkje med konkrete forslag til korleis Gud skal hjelpa han. Han ber rett og slett om at Gud skal sjå han, kva han er utsett for og kva han går gjennom. Det er som han seier: Sjå mi naud, sjå kva eg opplever, og sjå at eg treng berging.

For det første ber David om at Gud skal sjå og grundig vurdera den vanskeleg stoda han er i, og for det andre ber han om frelse og utfriing. Hjelpa han ber om, den berginga han treng må samsvara med den sørgjelege situasjonen han er i. Det er jo dette som er vårt ønskje kvar gong vi kjem fram for Gud når vi er i naud, at Gud i sin nåde må sjå oss og miskunna seg over oss. Det gode er at vi kan be med vissa om at Gud alltid ser oss og bryr seg om oss. Han vil aldri sleppa oss eller svikta oss. Han er nær hos alle som kallar på han. Han ser oss og grip inn i rett tid.

Livet var vondt og vanskeleg, men David let ikkje dette gjera han motlaus eller bitter. Nauda var stor og det gode livet langt borte frå han, men han gløymde ikkje Guds lov. Til og med i den sørgjelege tilstanden han var i, var han lydig mot Guds ord. Han kunne sjå langt etter velstand og suksess, men han sleppte ikkje Guds bod ut av syne. Han gløymde ikkje å halda fast på Guds lov og vera lydig mot det Herren hadde sagt.

Vi kan vera trygge på at Gud i si tid vil fria oss ut når vi er trufaste mot Guds lov i prøvingane og trengslene våre. Gud vil aldri gløyma dei som ikkje gløymer hans lov. Gud vil alltid hjelpa dei som går gjennom vanskelege ting i livet, når dei i si naud held fast på Guds ord.

Comments